Jesus - morgonstjerna

Startside Opp Jesus - Ordet Ny himmel og ny jord Nattverden Dåp Dåpssyn Rett dåp? Dåpen - splitting Lev verdig det hellige kall Jesus - morgonstjerna Jesus er Lyset Hebrearbrevet 12:1-4 Morgenkamp Skjønnhet Guds vev Guds vilje Kristen vandring Stå nær Herren Formaning til ydmykhet og tillit Salme 40 Bibelsitater

Jesus - morgonstjerna.

I 2. Peters brev, kapittel 1 vers 19-21 står det:

Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.
Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.

Det er mykje me ikkje forstår i Bibelen, og som etter ei tid, ja, kanskje mange ti-år går noko av innhaldet opp for oss.
Det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto våre.
Når Guds ord får skinna på oss i lengda (me høyrer ORDET, les ORDET, er stadig under påverknad av ORDET - BIBELEN) så vil ORDET sørgje for at DAGEN strålar fram og MORGONSTJERNA (JESUS) går opp i hjarto våre.
Jesus vil då vinna skapnad i oss. Han får prega vore sinn og vårt liv. Me vert han meir lik. Me vil elska kvarandre meir slik han elska oss.
ORDET må få påverka oss kvar einaste dag. Det er noko av det viktigaste me gjer kvar einaste dag, å la ordet verka på oss. Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ORD som går ut frå GUDS munn.

Jesus er morgonstjerna:
Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
(Johannes Openberring 22:16-17)

Må så Jesus, morgonstjerna få gå opp i våre hjarto.

 

horizontal rule

  Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                 Sist endra: 16.10.2018