Bøkenes Bok

Startside Jesus - Ordet Ny himmel og ny jord Nattverden Dåp Dåpssyn Rett dåp? Dåpen - splitting Lev verdig det hellige kall Jesus - morgonstjerna Hebrearbrevet 12:1-4 Morgenkamp Skjønnhet Guds vev Guds vilje Kristen vandring Stå nær Herren Formaning til ydmykhet og tillit

Bibelen er den viktigaste boka eg har og er GUDS ORD til oss menneske. Det er ikkje alt me forstår, men så er me menneske og GUD ER GUD.

Eit Bibelsitat er bare Guds Ord når det får same meining det har på den staden det står, og i den samanhengen det står i!

Alle menneskelege ytringar og meiningar må prøvast på Guds  - Ord Bibelen (også det som eg har lagt ut på mine sider) - hugs det!

Om eg (eller andre) bruker eit Bibelvers slik at det får ei anna meining enn det har i den samanhengen det står i, så er det berre eit lausrive Bibelsitat.

Og missbruk og forvrenging av Guds Ord møter me alt i 1 Mosebok kapittel 3 vers 1 (henta frå frå NB88NN):
"Men ormen var listigare enn alle dyr på marka, som Gud Herren hadde gjort, og han sa til kvinna: Har Gud verkeleg sagt: De skal ikkje eta av noko tre i hagen?"

Og sidan den tid er Guds Ord ofte missbrukt.

horizontal rule

 

Gjer bruk av løftet i Jakobs brev kapittel 1 og vers 5 (eg tek med versa 5-8 henta frå NB88NN):
"5 Men om einkvan av dykk vantar visdom, då må han be til Gud – for Gud gjev til alle, villig og utan vondord – og så skal han få.
6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei havbåre som vert driven av vinden og kasta ikring.
7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,
8 slik ein tvihuga mann, ustø på alle sine vegar."

horizontal rule

 

Då eg leste ei kristen bok for ein del år sidan, laga eg ei skisse for å forstå det som stod i boka.
Denne skissa vart så teikna i eit edb-program og så sette eg inn bibelvers som var med på å illustrere det som stod i boka.

Skissa er konvertert til eit bilete (JPEG-format) som du kan sjå/laste ned her:

horizontal rule

 

Ei bok eg fekk av Arent Nesheim (som var fadder på meg)  har eg skanna inn og laga som ei pdf-fil.

Boka kan hentast/lesast her: Sofies preken    (den er på 1.82 MB).

horizontal rule

Så helsar eg med Sal 22:23-32 (henta frå frå NB88NN):

"23 Eg vil kunngjera ditt namn for brørne mine, midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.
24 
De som ottast Herren, pris han! All Jakobs ætt, gjev han ære! Ha age for han, all Israels ætt!
25 
For han har ikkje vanvørdt og ikkje avskydd armodsdomen til den arme. Han har ikkje løynt sitt andlet for han, men då han ropa til han, høyrde han.
26 
Frå deg kjem min lovsong i ei stor forsamling. For augo på dei som ottast han, vil eg halda mine lovnader.
27 
Dei spaklyndte skal eta og verta mette! Dei som søkjer Herren, skal prisa han. Måtte hjarta deira leva til evig tid!
28 
Alle endane av jorda skal koma det i hug og venda om til Herren, og alle heidningættene skal tilbe for ditt åsyn.
29 
For riket høyrer Herren til, og han råder over folkeslaga.
30 
Alle rikmenn på jorda skal eta og tilbe. For hans åsyn skal dei bøya seg, alle dei som stig ned i støvet, og den som ikkje kan halda si sjel i live.
31 
Etterkomarane skal tena han. Det skal forteljast om Herren for ætta som kjem.
32 
Dei skal koma og kunngjera hans rettferd for det folket som vert født, at han har gjort det."

horizontal rule

  Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                 Sist endra: 11.06.2015