Guds vev

Startside Opp Guds vev Guds vilje Hebrearbrevet 12:1-4 Jesus - morgonstjerna Kristen vandring Ny himmel og ny jord Morgenkamp Skjønnhet Dåp Dåpssyn

Våre liv og Guds «vev»!

Fantasitankar om livet på denne jord - og om Gud som:
«… Stjerner du styrer, - og alt liv som yrer, - heilt ned til mauren i mold.!»

Du?
Ja, barnet mitt!
Kva er det du gjer?
Eg held på med ein vev.

Du?
Ja, barnet mitt!
Kva er du vevar?
Det er menneska sitt liv på jord.

Du?
Ja, barnet mitt!
Kvifor brukar du den kvite tråden i lag med den svarte stygge tråden?
Når den kvite tråden vert brukt saman med den svarte, så ser den kvite endå kvitare ut og ”lyser” meir opp i veven.

Du?
Ja, barnet mitt!
Brukar du ikkje litt mykje av den svarte tråden?
Nei, barnet mitt, skal veven verte slik eg vil ha den, så må eg bruke så mykje av den.

Du?
Ja, barnet mitt!
Kvifor brukar du den grå tråden?
Dei andre fargane kjem meir fram og ser endå ”finare” ut når den grå fargen vert brukt saman med dei.

Du?
Ja, barnet mitt!
Kva tråd brukar du nå?
Det er gulltråd, barnet mitt.
Den var fin, - mykje finare enn alle dei andre trådane du har. Kvifor brukar du ikkje meir av den?
Gulltråden er fin, barnet mitt, - men den er ikkje så sterk som dei andre trådane. Dersom eg brukar for mykje av gulltråden, så vil det eg vevar ikkje tåle så mykje og lettare gå sundt!

Du?
Ja, barnet mitt!
Det du vevar ser ikkje så fint ut!
Det er fordi du er så liten at du ser veven frå undersida. Men seinare ein gong, så skal du få sjå veven frå rettsida, og då skal du få sjå kor fint det vert. Og då vil du forstå kvifor eg brukte så mykje av kvar tråd og farge. Berre hald ut, så skal du få sjå!

 

  E-post:                                                                                 Sist endra: 14.08.2011