Ny himmel og ny jord

Startside Opp Jesus - Ordet Ny himmel og ny jord Nattverden Dåp Dåpssyn Rett dåp? Dåpen - splitting Lev verdig det hellige kall Jesus - morgonstjerna Jesus er Lyset Hebrearbrevet 12:1-4 Morgenkamp Skjønnhet Guds vev Guds vilje Kristen vandring Stå nær Herren Formaning til ydmykhet og tillit Salme 40 Bibelsitater

Ny himmel og ny jord - det nye Jerusalem - Guds Paradis:

Op 21:1-8:
1  Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir.
2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom.
3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei.
 4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»
5  Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting
nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»
6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.
7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
8 Men dei som er reddhuga og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»

Ny, det greske ordet tyder noko som er nytt i kvalitet, noko som er annleis. Same greske ordet vert brukt i vers 5.

Me kjenner berre til livet på denne jord. I livet opplever med sorger og gleder, vondt og godt. I vårt samfunn treng me pengar for å kjøpe mat, kler m.m. for å leve. Men med pengar kan me óg kjøpe oss meir enn det me treng. Dess meir pengar – dess meir kan me kjøpe av ”velstand”. For å skaffe pengar er det normalt å arbeide (somme stel, bedrar eller driv med ”gambling” for å skaffe seg pengar).

Etter syndefallet vart arbeid ei byrde for menneska: 1. Mos 3:17:
           17  Og til Adam sa han:
          «Fordi du høyrde på kona di
          og åt av treet
          som eg forbaud deg å eta av,
          skal jorda vera forbanna for di skuld.
         
Med møde skal du næra deg av henne
          alle dine levedagar.

Det er denne ”jorda” me kjenner til, ei forbanna jord. MEN GUD skal ved tidenes ende skape ei ny jord der rettferd bur:

2. Pet 3:13:
Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

Denne nye himmel og nye jord har ein heilt annan ”kvalitet”:

Jes 11:6-9:
 6       Då skal ulven bu saman med lammet,
          og leoparden liggja i lag med kjeet.
          Kalv og ungløve skal beita saman,
          og ein smågut skal gjæta dei.
 7       Ku og bjørn skal gå og beita,
          ungane deira skal liggja i lag,
          og løva skal eta halm som oksen.
 8       Spedbarnet skal leika innmed hola åt hoggormen,
          og veslebarnet skal retta ut si hand
          mot bolet åt eiterormen.
 9       Ingen skal gjera vondt eller ugagn
          på heile mitt heilage fjell.
          For landet er fylt av kunnskap om Herren,
          liksom vatnet dekkjer havsens botn.

I Openberringa 2 vers 7:
"Den som har øyra, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane: Den som sigrar, han vil eg gje å eta av livsens tre, som er i Guds Paradis!"

Dette er målet vårt for vandringa på denne jord. Me er ikkje i stand til å forstå dette, men noko kan me forstå ut frå det Bibelen seier:  Det vert mykje betre enn det beste me kann oppleve her på denne jord.

I Openberringa 21 vers 3-4:
«Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei.
4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»

Kven er Gud? Dersom me kunne forklare dette spørsmålet, så var det ikkje nokon Gud.

Lundes Bibelleksikon fortel om ordet Gud:

«- er religionens benevnelse på det overmenneskelige vesen som skal tilbes fordi det har all makt over naturen og menneskers skjebne. Menneskene tror at Gud eksisterer, og lærer ham å kjenne gjennom sine erfaringer. Siden Gud ikke kan være subjekt for vitenskapelige tester, og står over og utenfor alt annet i skaperverket, så kan han bare bli kjent gjennom sin selv-åpenbaring. Kristendommen er eksklusiv fordi den tror at Gud er en personlig Gud som bare kan kjennes gjennom Bibelens skrifter. Disse skriftene er ikke blitt til for å bevise Guds eksistens, men for å fortelle oss om hans gjerninger.

Ut fra Bibelen kan vi si at Gud har åpenbart seg i naturen, Sal 104:24. Rom 1:20, i menneskehetens historie, Apg 17:26, og i menneskets samvittighet, Rom 2:14f. På særskilt vis har han åpenbart seg på en forberedende måte i GT, og gjennom sin Sønn i NT, Heb 1:1-2. Hans første bud er «Du skal ikke ha andre guder foruten meg.» 2M 20:3, og Israels trosbekjennelse lyder: «Hør, Israel! Herren er vår Gud, Herren er én!» 5M 6:4. Se polyteisme. Ved sitt allmaktsord skapte han verden (se skapelsen), og leder historiens gang. Av natur er han ikke som et menneske, han er ånd, Joh 4:24, uavhengig av tid og rom. Samtidig som han er høyt hevet over alt det skapte og jordiske, har han personlig omsorg for sine skapte mennesker, Jes 57:15. Apg 17:24-28. Om Guds egenskaper se allmektig, allestedsnærværende, allvitende, evig, kjærlighet, hellig, rettferdig, visdom, nidkjærhet, nåde.

Selv om Bibelen understreker at Gud er én, så blir det likevel åpenbart en flerhet i ham. Jesus Kristus har gitt oss den fullkomne åpenbaring av Gud, derfor blir også Gud omtalt som «Jesu Kristi Far», Ef 1:3. Joh 20:17. 3:13. Rom 15:6. Åpenbaringen i NT viser oss at mangfoldet i Gud består av de tre personene Faderen, Sønnen og Ånden, se treenighet. Ikke bare i sitt vesen er Gud ubegripelig, men også i sine handlinger: Han gav seg selv, i sin Sønn, for at det fremmedgjorte og falne mennesket igjen skulle få komme i samfunn med ham. Menneskets forhold til Gud kunne gjerne sammenfattes i kjærlighetsbudet: «Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av all din kraft og av all din forstand, og din neste som deg selv!» Luk 10:27. 5M 6:5. Luthers forklaring til det første budet: «En Gud er det som en venter seg alt godt av, og som en i all sin nød tar sin tilflukt til. Å ha en Gud er altså intet annet enn av hjertet å fortrøste seg og tro på ham, husk at hjertets fortrøstning kan skape både Gud og avgud.»

HAN er det som skal bu hjå menneska, denne ufattelege personen som har skapt alt ved sit ord «Gud sa – og det skjedde». Tårene våre skal turkast bort, men ikkje av kven som helst. HAN – GUD – skal turka bort kvar tåre frå augo våre. Døden som kom inn i verda ved syndefallet, skal ikkje vere meir. Døden – vår siste fiende:

1. Kor 15:26:
Den siste fienden som vert tynt, er døden.

Når døden ikkje skal vere meir, - har me ingen fiende att. Det er ikkje alle av oss som veit skikkeleg kva det vil seie å ha fiende. Under siste verdskrig opplevde Noreg å ha fiende. Dei som levde då, veit meir kva det vil seie å ha fiende enn me som høyrer til ”etterkrigstida”. Å ha fiende – fører med seg at ein ikkje er trygg. Ein veit ikkje kva tid «fienden slår til». Ein lever i uvissa om kva tid ein møter fienden. Fienden kan gjere mykje vondt – det veit dei som sat i konsentrasjonsleirar, og dei som sat att etter at fienden hadde teke nokon av deira kjære. Slik er óg døden. Alle menneske har, på ein eller annan måte, erfaring med døden. Den «tek frå oss» dei me elskar, og ein dag skal me sjølv møte døden, - om ikkje endetida kjem før me døyr. Døden vert i Bibelen på mange måtar «personifisert», og det kan kanskje vere nyttig for oss å tenkje slik om døden. Den er ein fiende som Jesus vann over då Han gav sitt liv for oss, og ein dag skal døden ikkje vere meir.

 «…og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle.» « For det som før var, er borte.»

Openberringa 21 vers 7:
Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.

Om me held fast ved Jesus, skal me få drikka av livsens kjelda utan å betale noko for det. Mange menneske har leita etter «ungdomskilden», - ønskje om å leva evig har fått menneske til å gjere mykje rart. Mange har brukt mykje pengar i forsøket på å halde seg unge. I dag er det mange som tek ”ansiktsløfting” for at ikkje andre skal sjå at «alderdommen tek dei». Feittsuging og plastisk operasjonar vert brukt i kampen mot aldringsprosessen og for å halde kroppen ”pen”. Men så kan dei få alt dette GRATIS. Gud har lova alt dette, og mykje meir til dei som sigrar.

Sal 36:10:
 10     For hjå deg er livsens kjelde,
          i ditt ljos ser vi ljos.

Bibelen fortel oss kvar me kan finne livsens kjelde – hjå GUD. Men mange vil heller tru på at det fins ei ”ungdomskilde” enn å tru på det som står skrive i Bibelen. Somme betaler «i dyre dommer» for å fryse ned lekamen (- ja, somme frys ned «berre» hovudet) i vona om at framtida skal kunne vekkje dei til live at. Slikt er «fornuftig nok», men Bibelens ord er «dårskap». Forstå det den som kan.

Openberringa 21 vers 8:
8 Men dei som er reddhuga og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»

Ikkje alle menneske vil få oppleve livet på den nye jord. Det skal vere ein ny Himmel og ei ny jord, - men det er ”ein plass” til – ”sjøen som brenn med eld og svovel”. Den andre døden.

I Lundes Bibelleksikon finn ein mellom anna dette om døden:
«Den evige døden er menneskeåndens evige skilsmisse fra Gud, det å være fullstendig avskåret fra livet for alltid. Den kalles også «den andre død»»

Død er altså ein skilsmisse – skiljast frå noko. Lekamleg død er å «skilsmisse» frå lekamen – vår (alle som trur på Guds Son) siste fiende. Men den andre døden – den evige død – er skilsmisse frå Gud for ALL TID og ÆVA. Dette står som kontrast mot det evige liv som Jesus gjev dei som trur på han.

Då ser ein at det er to ”vegar” ut frå den nåverande verda: EVIG LIV (saman med GUD) og EVIG DØD (skilt frå GUD).

Som kristne er målet vårt det evige liv – å få leva saman med Gud på den nye jord – i GUDS PARADIS.

«Nå ser jeg Himlen – hvilken herlighet, Himlen – full av kjærlighet, Å – det gir meg lyst å komme dit»

Openberringa 22:1-5:
"1 Og han synte meg ei elv med livsens vatn, klår som krystall, som strøymde ut frå trona åt Gud og Lammet, 2 midt i bygata. På begge sidene av elva stod livsens tre, som ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og blada på treet tener til helse for folkeslaga. 3 Det skal ikkje lenger vera noka forbanning. Trona åt Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. 4 Dei skal sjå åsynet hans, og namnet hans skal vera på panna deira. 5 Natt skal ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe og ljos av sol, for Gud Herren skal lysa over dei. Og dei skal vera kongar i all æve."

Me brukar uttrykket "Himmel på jord", og det skal det bokstaveleg bli når GUDs bustad er hjå menneska på den nye jord, der livsens vatn og livsens tre er.

 Openberringa 22:16-21:
16 
Eg, Jesus, har sendt min engel for å vitna om dette for dykk i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna. 17 Anden og brura seier: Kom! Og den som høyrer det, han seie: Kom! Og den som tyrstar, han kome! Og den som vil, han ta livsens vatn ufortent! 18 Eg vitnar for kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko attåt dette, då skal Gud leggja på han dei plagene som det er skrive om i denne boka. 19 Og dersom nokon tek bort noko frå orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta bort hans del frå livsens tre og frå den heilage byen, som det er skrive om i denne boka. 20 Han som vitnar dette, seier: Ja, eg kjem snart! Amen, ja kom, Herre Jesus! 21 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen!

Når Jesus seier at han kjem snart, så er det som «om ekkoet» i hjarta til evangelisten Johannes «jomar»:

«Kom, Herre Jesus!.»

 

Er dette «ekkoet» i ditt hjarta?

– eller vil du helst at Jesus ventar litt, og seie som Albert Åberg frå Barne TV så ofte sa:  «eg skal bare …..»

 

horizontal rule

  Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                 Sist endra: 29.08.2013