Kjeldetilvisingar

Startside Opp Informasjon Ordliste Namn Kjeldetilvisingar Slektslenkjer Etterlysningar

Har du korreksjon eller noko anna du vil dele med meg, kan du kontakte meg her: (e-post: Geir-Arne Helgeland)

 

Kjeldetilvisingar og manglande kjeldetilvisingar i filer frå meg
 
Då eg starta med å samle informasjon om slekta til kona mi og meg sjølv i 1990 hadde eg eit gamal “DOS” program (DOS: disk operating system).

Den 12. juli 2001 kjøpte eg meg nytt program. All informasjon eg hadde samla eksporterte eg difor til ei GEDCOM-fil.

Denne fila importerte eg så til Legacy Family Tree 3.0 Deluxe Edition som var det nye.

Alle kjeldetilvisingane eg hadde registrert, vart i denne prosessen lagra som notat i det nye programmet.

Nå (i mai 2012) har eg versjon 7.5.0.191 av Legacy Family Tree Deluxe Edition. Enno er det mange kjeldetilvisingar som er lagra som notat, og som eg prøver å rette opp.
 

Personar som ikkje har kjeldetilvisingar

Før eg sender frå meg ei fil med kjeldetilvisingar, kontrollerer eg om det er slike feil (som nemnt ovanfor) for startpersonen og anane til denne.

Men alle syskena til anane (og deira ektefellar) er ikkje så lett å fange opp. Det vil difor kunne mangle kjeldetilvisingar for personar som eg har registrert før juli 2001.
 
For Vikedal/Imsland/Sandeid er det framleis ikkje bygdebøker (14. mai 2012).

Nils Dybdal-Holte skreiv av kyrkjebøker frå dette området, og eg har nytta meg av desse:

bulletVikedal kyrkjebok 1737-1778
bulletVikedal kyrkjebok 1779-1816
bulletVikedal kyrkjebok 1851-1867
bulletVikedal kyrkjebok 1868-1888

Eg registrerte det meste av det eg fann fram mot 1801. Alt etter den tid vart det mest slektene våre eg leita etter.

Alle desse kjeldetilvisingane vart lagra som notat. Etter kvart som eg kjem over dei, prøver eg å slå opp i kyrkjebøkene og kontrollere om eg har registrert informasjonen rett.
Men bøkene med avskrift er ikkje registrerte som kjelder.

Det vil difor vere mange personar frå dette området som ikkje har kjeldetilvisingar.
 
Nettstaden «Familysearch» har eg ikkje registrert som kjelde, og informasjon eg finn her prøver eg å dokumentere med kyrkjebøker eller annan dokumentasjon.
 
Skifteregisteret har eg heller ikkje registrert som ei kjelde, men her lagrar eg informasjonen som notat. I notata prøver eg å syne til kvar eg har funne informasjonen.
 
Så har du heile «verdsveven» med informasjon. I dei tilfella eg finn sider med relevant informasjon, prøver eg å dokumentere informasjonen i kyrkjebøker eller skifteregister. Klarer eg ikkje dette, men finn den same informasjonen fleire stader, kan det hende eg legg inn personar utan kjeldetilvisingar.

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 15.01.2015


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.