Namn

Startside Opp Informasjon Ordliste Namn Kjeldetilvisingar Etterlysningar

Generelt om namn.

Hjå dei fleste indoeuropeiske folk var det i dei eldste kjente tider skikk å ha berre eit namn. Romarane derimot hadde to namn, førenamn og slektsnamn. Etter samanbrotet til Romarriket vart det vanleg med berre eit namn. Folk i Noreg hadde ikkje familienamn (slektsnamn) før på 1800-talet (med unnatak for adel og andre personar av rang), berre førenamn og farsnamn  eller som det heiter med eit framandord «patronymikon». Frå slutten av 1800-talet vart det etter kvart vanleg å ta namnet på garden som familienamn, men skikken med «patronymikon» heldt seg til ut i vårt hundreår.

«Slektsnamn» kan ha enkle opphav, men sjå «staselege» ut. Eit eksempel er etternamnet «von Führen». Ein fyrvaktar Morten Henrik Pettersen på Kvitsøy fyr hadde ei dotter Johanne Margrete Mortensdotter «von Führen». Ho var altså «frå fyret» og på tysk vert dette «von Führen». Eit «staseleg» etternamn som fortel at ho var «frå fyret». Eit anna eksempel er «Block Watne». Ein Peder Block i Stavanger var øltappar og hadde ei dotter som vart gift til Vatne i Høyland (nå Sandnes). Nokre etterkomarar frå Vatne tok i seinare ætteledd då etternamnet «Block Watne». Andre etterkomarar til Peder Block nytta  andre kombinasjonar med «Block». 

 

Forklaring - korleis eg registrerer namna i slektsforskinga mi.

Den 9. Februar 1923 kom namnelova, og sidan den tid skal alle bruke det namnet som dei er registrert med i det offentlege registeret (ein kan endre namn etter å ha søkt dette og fått tillating).

Før lova kom (og ei stund etter dette), skreiv folk namnet sitt på ulike måtar (og nokre bruka eit heilt anna enn døypenamnet innskrive i kyrkjeboka).

 

Noreg var ein del av Danmark i tida 1536-1814, og etter dette var Noreg i union med Sverige. Skriftspråket opp gjennom tidene har bore preg av dette

Presten som skreiv i kyrkjeboka var utdanna i utlandet, og språket han nytta vil som oftast bere preg av dette. Nokre prestar skreiv latinsk då dei førte inn hendingar i kyrkjeboka.

Klokkaren som skreiv i klokkarboka, var som regel ein frå soknet, og skreiv truleg meir opp mot det som var «normalt» språk i bygda.

På nynorsk er det som oftast nytta -son eller -dotter og på bokmål –søn/-sen eller -datter

Dersom faren heitte Jens og barnet som vart døypt heitte Einar (gut) eller Else (jente) vil det sjå slik ut:

Einar Jensson eller Else Jensdotter (nokre brukar “Jensen” i begge tilfella).

 

I eldre dokumenter kan ein finne for same person:

Fødd den 1. Oktober 1807:                      Einar Jensen/Jensson/Jenssøn Tytland (Hjelmeland)

Vigd den 2. Juli 1842:                              Einar Jensen/Jensson/Jenssøn Wadla (Årdal)

Døydde den 27. September 1871:          Einar Jensen/Jensson/Jenssøn Østerhus (Årdal)

Nokre gonger nytta dei berre døypenamnet (førenamnet) og namnet på garden eller plassen:

Einar Tytland (fødd), Einar Wadla (vigd) and Einar Østerhus (døydde).

 

Me veit ikkje kva namn “Einar” sjølv brukte.

 

Det er ikkje nokon fast regel (men mange meiningar) om korleis ein skal skrive namna i slektsforskinga.

Me kan dele opp namnet til ein person i tre delar:

 

bullet Døypenamn (førenamn): Dette kan vere skrive på mange ulike måtar (Peder, Peter, Per, Peer). Nokre nyttar eit «normalisert» førenamn, og alle andre skriveformer som namnevariantar.

bullet Patronymika: nokre bruker “fars namn”- sen/søn/son for gutar og “fars namn”- sen/datter/dotter/dtr (forkorting for dotter/datter) for jenter

bullet Etternamn: slektsnamn (ikkje det same som etternamn slik me har det i dag) eller namn på garden/plassen der personen vart fødd, levde eller døydde.


Då eg starta med å samle informasjon om slekta til kona mi og meg sjølv i 1990, brukte eg berre døypenamnet og patronymika (“fars namn”-son/dotter) som etternamn for alle personar som levde og døydde før 1900. Eg hadde eit gamal “DOS” program (DOS: disk operating system) på den tida og som ikkje hadde noko grafisk grensesnitt (som berre kunne vise tal og bokstavar/teikn). Nå (i september 2022) har eg versjon 9 av Legacy
.

I 2012 bestemte eg meg for å dele opp namnet for menn (som levde før namnelova kom) i tre delar slik som nemnt ovafor: førenamn - patronymika - etternamn.

Førenamnet bruker eg slik eg finn det i kyrkjeboka (primært når ein person er ført død/gravlagd) eller andre kjelder. Som etternamn nyttar eg gardsnamnet/plassen som er ført i kyrkjeboka eller der dei levde då dei døydde (men dette namnet prøver eg å normalisere og få det til å samsvare best mogleg med slik det blir nytta som etternamn i dag):

For menn vil det då sjå slik ut: "Einer Jensson Østerhus" (førenamnet frå kyrkjeboka – «fars namn»son og namnet på garden/plassen han levde på då han døydde).
For kvinner
bruker eg førenamnet slik det står i kyrkjeboka (då dei døydde) og «farsnamn»dotter.
Kvinner med eit spesielt slektsnamn bruker eg slektsnamnet og alternativt namn som «farsnamn»dotter.
Kvinner som levde og døydde etter 1900 bruker eg normalt faren sitt etternamn (men ingen regel utan unntak :-
).

Det vil ta si tid før eg har fått alt slik eg vil ha det. I 2012 hadde eg registrert 137.084 personar, så det tek si tid :-)

 

 

 

horizontal rule

                                                                                                                                        Sist endra: 11.05.2022


Joh 17:3  Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.


 

Sidene er laga av Geir-Arne Helgeland, og ligg som eit minne om han.

Fødd: 17.01.1959

Død: 13.08.2023