
Hjå dei fleste indoeuropeiske folk var det i dei eldste
kjente tider skikk å ha berre eit namn. Romarane derimot hadde to namn, førenamn
og slektsnamn. Etter samanbrotet til Romarriket vart det vanleg med berre eit
namn. Folk i Noreg hadde ikkje familienamn før på 1800-talet (med unnatak for
adel og andre personar av rang), berre førenamn og farsnamn
eller som det heiter med eit framandord «patronymikon». Frå slutten av
1800-talet vart det etter kvart vanleg å ta namnet på garden som familienamn,
men skikken med «patronymikon» heldt seg til ut i vårt hundreår. I 1923 kom
det ei lov om å nytta slektsnamn. Barna fekk mor eller far sitt slektsnamn.
Ordninga med etternamn i vår tyding var tidlegare det same som adresse/bustad,
og difor skifta dei «etternamn» då dei flytta.
Du vil kanskje reagere på nokre av namna som er nytta på
personane i registeret. For å letta arbeidet med å søka etter personar, har
eg «standardisert» namna, men i tillegg har eg prøvd å føre opp andre namn
som er nytta som «alternativt namn». Skrivemåten av namn varierer med forfattarane til
bygdebøker o.l. og presten som førte kyrkjeboka. Kva som er rett namn på ein
person kan diskuterast. Presten som førte namnet inn i kyrkjeboka hadde òg si
meining om kva som var «rett» namn. Rett namn på ein person må vel vere det
som mor og far kalla barnet sitt då det vart døypt. Men dersom presten var
dansk tenestemann, eller «utdanna» embetsmann, så skreiv han det som var «norma»
eller «som han sjølv vil». Når personen vart vaksen, nytta han kan hende ei litt anna form av
namnet sitt.
Namn som eg har nytta er i hovudsak førenamn
(normalisert) og «fars»-dotter/-son (normalisert). For nyare generasjonar (frå
ikring 1900) er det stort sett nytta namn som vert brukt på personane (Olav,
Tor, Paul o.l. som førenamn som er funne i bøkene, og Torgersen, Helgeland
o.l. som etternamn).
«Etternamna» kan ha enkle opphav, men sjå «staselege» ut. Eit eksempel er etternamnet «von Führen». Ein fyrvaktar Morten Henrik Pettersen på Kvitsøy fyr hadde ei dotter Johanne Margrete Mortensdotter «von Führen». Ho var altså «frå fyret» og på tysk vert dette «von Führen». Eit «staseleg» etternamn som fortel at ho var «frå fyret». Eit anna eksempel er «Block Watne». Ein Peder Block i Stavanger var øltappar og hadde ei dotter som vart gift til Vatne i Høyland (nå Sandnes). Nokre etterkomarar frå Vatne tok i seinare ætteledd då etternamnet «Block Watne». Andre etterkomarar til Peder Block nytta andre kombinasjonar med «Block».
Dato for dåp og gravferd er i nokre bygdebøker oppgitt
som født og død. Slik er det òg med dato for «Copulered» (vigde),
dette kan vere dato for
truloving - lysing. Med desse datoane kan ei kvinne «få barn etter at ho er død»,
for barnet vart døypt etter at mora var gravlagd. Eldre datoar vert difor ei omtrentleg
tidspunkt for hendinga.
Kva kommune folk er født i og staden dei er født på er i mange tilfelle
usikker. Kommunane har endra grenser og nokre er slått saman med andre.
Stavanger kommune er i dag ein stor kommune som er slått saman med mange andre.
Her har eg prøv å skilje mellom kommune som var før 1960-åra. For personar
som levde før 1800-talet vil namnet på "kommunen" kunne vere feil. Det kan
òg hende at foreldra er ført i bygdebok
for ein annan kommune enn dei budde i då barna vart født. Det er ikkje alltid
like enkelt å skilje her. Staden som er
registrert er stort sett skrive slik dei finst
i bygdebøkene. Det er ikkje nytta namnet på bruket, men namnet på «garden».
I gamal tid var det slik at ein gard var det som i dag vert registrert under
«gardsnummer» i kommunen. I dag er ein slik «gard» mange gardar, som har
ulikt bruksnummer og ulike namn. Husmannsplassane hadde òg eige namn. Dei som
budde på husmannsplassar har stort sett fått oppført namnet på hovudgarden som «stad».
![]()
E-post: Sist endra: 14.12.2011
Efesarbrevet kapittel 1 vers 3: Lova vere
Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som har velsigna oss med all åndeleg
velsigning i himmelen i Kristus.