Ordliste

Startside Informasjon Ordliste Namn Kjeldetilvisingar Etterlysningar

Alb. Album, mynt frå 1300-talet. Det var lenge minste landskyldeining. Ein Alb. var lik 4 penningar elle 1/3 skilling (ca. 5 øre då). Alb. vart og brukt i mål eller måling. Då var alb. likt med 1/3 fjerding.

Amtmann den øvste sivile embetsmannen i lokalforvaltninga frå 1660-1919. Amtmannen var i mangt arvtakar etter lensherren og vart avløyst av fylkesmannen.

Bedemann  når bedemannen kom til gards skulle folket på garden samlast i stova og bedemannen stilla seg opp ved døra og seie fram bodet som lydde omlag slik: «Eg skal helsa frå N.N. og kona og be Dykk til bryllaup ( eller gravferd), dag og dato, begge sjølve, adle tenarar og adle borna. Så må De vera gilde og ikkje forsmå bodet.»

Brorlut den delen som ein son arva og som var det doble av ein systerlut.

Bruk gardpart, del av ein matrikkelgard.

Bruksdeling deling av ein namnegard i to eller fleire bruk.

Bygdeting opphavleg ein bondeinstitusjon der alle sjølvhjelpne bønder hadde møteplikt. Bygdetinget heldt møta sine i tingstova to-tre gonger i året. Futen administrerte tinget med lensmannen som personleg hjelpar. Sorenskrivaren var opphavleg sekretær, men vart etter kvart dommar. Som meddomsmenn hadde han lagretten, ei gruppe på 6 eller 12 bønder. Det var to hovudtypar av bygdeting: Skipreideting og fjerdingsting.

Bygsel  leige av jord. Vart også brukt om ei eingongsavgift når ein bygsla eller overtok jord.

Bygslerett retten til å bygsla bort jord der det var fleire eigarar. Den som åtte mest, hadde bygslerett og rett på bygslepengane. Åtte to eigarar like mykje, var det den som var «beste mann», d.v.s. den som var mest vyrdt, som hadde bygslerett.

Citant    saksøkjar, (contracitant - motpart)

Diplom «middelaldersbrev», dokument frå mellomalderen (skøyte, kontrakt o.l.).

Engelsk opphavleg engelsk mynt som vart nytta i landet i middelalderen og inndelt i 1 skilling = 12 penningar, som gjekk under namnet av engelske penningar eller berre engelsk. Som mål for landskyld var 1 engelsk etter 1665 lik 1 kalveskinn. 12 engelsk var 1 hud. 1 engelsk kunne variere frå 10 til 20 riksdalar i verdi.

Faredag 14. april og 14 oktober. Flyttedag for tenestefolk og leiglendingar.

Feste avtale om ekteskap eller leige av jord.

Festebrev  (festesetel) skriftleg avtale eller kontrakt, ofte om leige av husmannsplass.

Festepengar handpengar, ein liten sum betalt på førehand som stadfesting av avtale, t.d. om kjøp. Også brukt om pengar betalt til tenestefolk ved inngåing av ein arbeidsavtale.

Fjerding krinsinndeling. Også nytta om fjerdedelen av ei måleeining.

Flaumkvern kvern som berre kunne nyttast når det var mykje nedbør.

Fletføring overdraging av all eigedom og gjeld til ein annan, mot fritt opphald så lenge ein levde.

Folge avtale om underhald. Til vanleg nytta når dei gamle gav bruket over til neste generasjon og ved folge skulle vere sikra underhald og stell så lenge dei levde.

Forordning nemning på ei lov som var utferda i kongen sitt namn.

Fut kongeleg embetsmann som m.a. skulle driva inn skattar og bøter. Han var også aktor i straffesaker.

Føderåd folge eller oppsett, var livsopphald, då bonden og kona eller ein av dei gav frå seg garden og avtalte kva dei skulle ha til føde, hus og gravferd m.m.

Førstebygsel ei større avgift som ein leiglending betalte til jordherren når han fekk bygslebrev på eit bruk.

Gard ofte nytta som synonymt med matrikkelgard. Alle bruksnummer under ein matrikkelgard har det same gardsnummeret i dag.

Grenader av fransk «granat», tidlegare nemning på infanterisoldat med granatvåpen.

Heilgard gardane var (på 1600-talet) inndelt i skatteklassar: heilgardar, halvgardar og øydegardar. Heilgard svara full skatt, halvgard halv skatt og øydegard kvart skatt.

Helming halvpart, ofte om eigedomsfellesskap der mann og kone hadde kvar sin halvpart.

Hovudbøle hovudgard.

Hud verdi av ei tørr okse- eller kuhud eller tilsvarande verdi omrekna i andre vareslag. 1 hud tilsvarte 1 laup i vestlandsk landskuldrekning til ikring 1600, men smørprisen var så høg at det i røynda gjekk 2 hud pr. laup. På 1600-talet vart dette forholdet vanleg. Det gjekk først 16 (seinare 12) kalveskinn, 8 (seinare 6) saueskinn, 2 bukkeskinn og 4 geiteskinn på 1 hud.

Husmann ein som leigde umatrikulert jord, ofte i utkanten av innmarka eller i utmark. Husmann utan jord leigde berre ei hustuft (dette ordet kan innebere mangt).

Innerst leigebuar, person som budde til leige hjå andre, men hadde eige kosthald.

Inngangskone kone som vart innleidd i kyrkja etter fødsel og barsel.

Jordebok liste over fast eigedom og rettar med opplysning om inntektene av desse.

Kallsrett rett som kyrkjelyden saman med prosten hadde til å velja prest frå 1660. Dersom dei ikkje nytta retten innan to månader, fall retten til kongen.

Kanne kornmål i Hardanger og Nordhordland, truleg lik 4,05 liter.

Kapiteltakst årleg pengetakst på kornvarer på kyrkja sine innkomer, når desse vart betalt med pengar i staden for med varer.

Kjøpegods jordegods som eigaren hadde kjøpt utan odelsrett.

Knekt soldat utskriven til militærteneste.

Kongebrev kongeleg løyve til å inngå ekteskap. Folk som var i slekt, måtte ha slikt løyve.

Kongeskøyte skøyte utskrive av kongen ved sal av krongods, kyrkjegods og anna offentleg gods.

Koppskatt av tysk Kopf (hovud). Personskatt, like stor for alle.

Korporleg eid eid avlagt med handa på ein heilag ting, i nyare tid brukt om muntleg eidsavlegging.

Krongods jordegods ått av kongen (staten).

Kurator formyndar.

Kyrkjegods jordegods som kyrkja åtte.

Kyrkje kyr kyr som kyrkja åtte og som vart leigde ut til inntekt for kyrkja.

Kyrkjestol protokoll over kyrkja sine eigedomar, og rekneskap for kyrkja.

Kyrkjeverje to av dei beste menn i bygda vart oppnemnde til kyrkjeverje for tre år om gongen. Dei skulle føra tilsyn med kyrkja sine eigedomar, krevja inn tienda og andre inntekter.

Lagmann kongeleg embetsmann frå 1600, men tittelen har røter tilbake til mellomalderen. Han var dommar i eit lagdømme. Stavanger lagdømme omfatta noverande Rogaland fylke. Han hadde større juridisk ekspertise enn sorenskrivaren og vanskelege saker vart stemna inn for han. Embetet vart oppheva i 1797.

Lagrett m.a. nytta om dei 6 eller 12 eidsvorne mennene som var vitne og domsmenn på bygdetinga.

Lagrettemenn bønder som hadde gjort eid for lagmannen kunne fungere som domsmenn ved bygdetinget. Dei fleste bønder gjorde denne eiden og tok i løpet av livet del som lagrettemenn ved bygdetinget.

Lagverje forutan barn og såkalla mindreårige (før 1619 var det 18-20 år, etter 1619 18-25 år), var frå 1604 kvinner rekna for umyndige. Denne føresegna vart oppheva i 1863 for ugifte og i 1888 for gifte kvinner. Alle umyndige skulle ha verje, og verje for enker vart vanlegvis kalla lagverje.

Landskyld årleg leige leiglendingen betalte til jordeigar. Også nytta som mål på storleiken av ein gard eller eit bruk.

Legd underhald av fattigfolk. Er og nytta for militær inndeling der eit visst tal gardar ytte ein viss sum i skatt eller stilte og utruste ein soldat. Legds mann var ein som førte tilsyn med militære effektar i legdet.

Legemål ulovleg samleie.

Leidang opphavleg ei ordning der bøndene langs kysten skulle reia ut skip til forsvar av landet. Vart seinare ein fast skatt.

Leiglending gardbrukar som leiger skyldsett jord.

Lektorat undervisningsstilling ned domkyrkjene, stod ofte som eigar av jordegods.

Likpreike minnetale over avlidne folk. Presten skulle ha betaling for å halda likpreike.

Loddsetel skriftesetel som seier kor stor kvar arvepart i eit skifte var.

Løysingsrett rett til å løyse inn ein eigedom frå ein annan eigar i samband med odelsrett.

Mark (merker) var frå 1300-talet skyldeining og likt med 16 skilling eller 216 penningar. I futen si kassabok for 1715 var 1 riksdalar likt med 6 mark, og 1 mark med 16 skilling. I 1838 matrikkelen vart skylda endra ril dalar, ort og skilling. 1 riksdalar kurant (vanleg) var likt med 4 ort. Og 1 ort var 24 skilling.

Markegang synfaring eller grensegang for å setja grensene mellom to eigedomar.

Matrikkel liste over skyldsette jordeigedommar.

Medhjelpar kontaktledd mellom prest og kyrkjelyd i sokna. Presten hadde to medhjelparar i kvart sokn.

Kva var ein «merradrepar» - «rakkar»:  å drepa ei merr skal ikkje ha vore «uærleg arrbeid» for ein bonde som ein rekna for ein «vørta mann», men å flå skinnet av ein hest eller eit anna dyr, var arbeid som berre «rakkaren» eller «rakkarfanten» kunne gjera. Han hadde lågast status i bygdesamfunnet. Han var den som måtte avliva kattar og hundar og flå skinnet av hestar, «merraflåar». Han kledde og la sjølvmordaren i kista og gravla han. Han tok seg av folk som døydde av pest, og han hjelpte «meistermannen» eller bøddelen i arbeidet sitt. Rakkaren kunne ha eit lite husmannsplass å leva av, men handverk kunne han ikkje driva for folk ville ikkje ha det han laga. Berre reinsa og barka huder kunne han. Han fekk heller ikkje eta ved same bord som andre folk. Kona hans var som oftast dotter til ein annan rakkar, og barna kunne få same arbeidet som faren. Ivar Aasen har ordet «rakkarknekt» og «rakkarrmerr». Rakkar er eit nyare ord i språket vårt og kjem frå lågtysk: «rakken» og tyder: «sopa vekk skitt».

Mæle hadde ulik verdi på ymse stadar. I Halsnøy kloster og Hardanger len var 1 mæle bygg rekna 1/12 tønne og 1 mæle havre 1/13 tønne.

Månadsmatsbol eining av jordegods som i høgmellomalderen svara ei årleg landskuld på 1 månadsmat, oftast betalt med 1 laup smør. Månadsmat var opphavleg mat (oftast smør og mel) nok til ein mann i ein månad når han drog i leidang.

Odelsgods jordeigedom som nokon har odelsrett til.

Odelsrett å ha førerett til å eiga ein jordeigedom fordi ein sjølve eller foreldra har ått han ei viss tid (hevdstid).

Odelsskatt opphavleg skatt på odelsgods, seinare skatt på alt eigedomsgods.

Ombodsmann fullmektig, formyndar, verje.

Opplata gje frå seg bruksretten til ein gard.

Paktar ein som leigde skyldsett jord, men med kortare kontrakt enn ein leiglending. Paktaren betalte ei årleg paktingsavgift.

Pantebok protokoll ført av sorenskrivaren der alle tinglyste dokument vert innførte.

Pantegods jordeigedom som er sett i pant for lån.

Pengemangellysing den som meinte han hadde odelsrett, kunne lysa pengemangel for å forlenga løysingsfristen med ti år.

Prebende jordegods lagd til eit alter, til lån for presten som gjorde teneste for alteret.

Prestebordgods jordeigedommar som låg til eit presteembete, og som presten anten brukte sjølv (prestegarden) eller hadde leigeinntekter av.

Prokurator sakførar.

Reluisjonsrett rett for kongen til å løyse inn jordegods.

Ross-tenesteskatt skatt på jordeigarar til utrustning av ryttarar til krigsteneste på 1600-talet.

Rydningsplass husmannsplass, nyleg opprydda.

Rydningsrett rett for rydningsmannen (den som tok opp husmannsplassen) til å sitja med plassen så lenge han levde, og at ein av borna fekk overta etter han.

Sagskatt skatt på sager etter talet på bord og plankar som vart oppsaga kvart år.

Sakefall bøter og forbrote gods til kongen.

Skaffar skyss-skaffar, fast tillitsmann som skulle syte for skyss til ferdafolk m.a.

Skifteskøyte eigedomsskøyte, utskriven av sorenskrivaren etter eit skifte.

Skipreide opphavleg eit område som skulle reida ut eit leidangskip. Seinare vart det eit administrasjonsområde (bygdetingsområde/tinglag).

Skjøtningsøre gods eller pengar kjøparen måtte betala til seljaren for å få skryte på ein eigedom.

Skylddeling ved oppdeling av ein matrikkelgard i fleire bruk vart skylda fordelt på dei nye bruka i høve til storleiken.

Skyldsetting fastsetjing av landskylda på ein gard eller et bruk.

Skøyte dokument som overfører eigedomsretten til fast eigedom frå ein eigar til ein annan. Nytta både ved sal, gåve og makeskifte.

Smørlaup vart lenge nytta ved skyldsetting. 1 laup smør var til vanleg på 3 bismarpund. 1 bismarpund = 24 merker, oftast skrive berre pund. Vekta av smørlaupen hadde elles skift gjennom tidene frå 10 til 20 kg. Og smørmålet på 1 laup skifte like eins frå 10 til 21 liter.

 Sorenskrivar embetsmann som var tingskrivar og dommar.

Spesidalar var likt med 120 skilling.

Stemnefall lata vere å møta i retten når ein var innkalla.

Stervbo eldre ord for dødsbu.

Stiftens gods        jordegods som låg til bispestolen. Ved reformasjonen overtok kongen dette godset.

Stova nemning for bustadhus, våningshus (heile huset).

Strandsitjar nemning for husmann (oftast utan jord) i kyststrok.

Systerlut den delen som ei dotter arva, var halvparten av ein brorlut.

Tak (bjørke-) never.

Take leige, bygsling, også nytta om leigetida.

Tessak kort sabel.

Tienda skatt/avgift av avlinga frå jord og krøter, sidan også av fiske.  Etter reformasjonen delt i tre deler:  1) til kongen,  2) til presten, 3) til kyrkja.

Ting rettsinstans leia av fut og sorenskrivar og med lagrettemenn som vitne/meddomarar.

Tingsvitne vitnemål frå tingallmugen.

Tredjeårsbygsle avgift betalt kvart tredje år frå leiglending til jordeigar som ei stadfesting av at leigeavtalen stod ved lag.

Underbruk ubygd bruk som vart drive frå eit anna bruk.

Uvillige menn upartiske menn.

Vederpart motpart i ei rettssak.

Våg ein våg var 3 bismarpund (omkring 18 kg).

Øydegard gard som låg øyde ei tid, t.d. etter Svartedauden. Også brukt om gardar i lågaste skatteklasse.

Åbot erstatning til jordeigaren frå leiglending som ikkje har halde husa på bruket ved like.

Åsetesrett rett for livsarvingar til å overta jordeigedom.


 

horizontal rule

                                                                                                                                        Sist endra: 11.05.2022


Joh 17:3  Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.


 

Sidene er laga av Geir-Arne Helgeland, og ligg som eit minne om han.

Fødd: 17.01.1959

Død: 13.08.2023