Slektforsking

 Startside Informasjon Ordliste Namn Kjeldetilvisingar Etterlysningar
Geir-Arne (eg) er født i Saudasjøen og budde 2½ år i huset merka med "X" på taket: Saudasjøen.jpg (334391 byte)

Far min er født 9. juli 1925 og i Jærbladet for onsdag 27. juli 2005 kunne ein lese:

Kven kunne vel ikkje tenkt seg og vore 80 år og hatt adresse Ungdomsvegen?

Mor mi er født 11. mai 1927 og i Jærbladet for fredag 11. mai 2007 kunne ein lese:

Treffer oldebarna online

Farfar, Severin Helgeland, mista første kona si: Anna Karina (født Kaltveit), då dei budde på Hjelmeland.
Han vart gift opp att med enka Martha Saua (født Hebnes), og budde på Hedlot i Saudasjøen resten av sitt liv

Hedlot.jpg (373996 byte)
Det lyseblå huset til farfar sommaren 1978

 Foto: kona mi, Jofrid (f. Nåden) Helgeland

Det var lite eg visste om oldefar (far til farfar): Salomon Helgeland.
Saman med eldste sonen, Sven Martin, reiste eg ikring 1991-1992 til Statsarkivet i Stavanger og leita i kyrkjebøkene for Hjelmeland.
Så byrja samlinga med informasjon om anane til barna våre. 

Dette utvikla seg til å omfatte mange andre slekter, slik at det i dag er eit puslespel der eg prøver å setje saman dei slektstilhøva eg finn i dei ulike geografiske områda. Samt at DNA-testar er med å fortel at det ein har samla stemmer med DNA. Så vil det nok kome situasjonar der det er forskjell på "teori og praksis", DNA fortel noko anna enn det som er registrert. 
I dag er det berre ein liten del av all informasjon eg har samla, som er relatert til anane for barna våre. 

Geografisk er det meste av informasjonen henta frå Austlandet til Sogn og Fjordane, der hovudtyngda er frå Rogaland og Hordaland.

Kjeldene eg har nytta er helst såkalla sekundærkjelder (bygdebøker, slektsbøker, tidskrift m.m.) og informasjonen som er tilgjengeleg på Internett. 

Men etter kvart som skanna kyrkjebøker vart tilgjengelege på Internett, kontrollerer eg opp mot desse.

Med dei mengder av informasjon det er snakk om i bygdebøker o.l., så vil det alltid vere feil.
Nokre feil har eg funne og retta, medan andre feil vil følgje med inn i programmet i tillegg til dei feil eg gjer sjølv.

I 1991 kjøpte eg programmet "The Family Edge Pluss" utgåve 2N5d (DOS-basert) for å registrere informasjon om slekta. 
Dette brukte eg heilt fram til eg 12. juli 2001 kjøpte Legacy Family Tree 3.0 Deluxe Edition som er eit (32-bits) Windows program.
Programmet har seinare kome i nye versjonar og i dag bruker eg versjon 9.

Eg hadde 76.764 personar registrert i DOS-programmet som eg så eksporterte til ei GEDCOM-fil.
Denne fila vart så importert i Legacy. Sidan har eg halde på med tilpassing/redigering av informasjonen for å utnytte det nye programmet, samstundes som eg legg inn nye personar. Så det vil ta si tid før eg har fått "alt på plass".

Pr. septemer 2022 er det i overkant av 154.000 personar i familiefila. Nokre av desse har eg importert frå andre via GEDCOM-filer.

Målet mitt var at også barnebarna våre skal ha anetavle for fleire generasjonar.

Men etter kvart har det helst "utvikla seg" til eit stort puslespel som det alltid vil finnast nye "brikker" som kan leggjast til.
Spesielt testing av DNA-treff har det vore mest av dei siste åra.

 

horizontal rule

                                                                                                                                        Sist endra: 11.05.2022


Joh 17:3  Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.


 

Sidene er laga av Geir-Arne Helgeland, og ligg som eit minne om han.

Fødd: 17.01.1959

Død: 13.08.2023