Startside Opp Bringebær Eple Hageblåbær Jordbær Mini Kiwi Plomme Søtkirsebær

Søtkirsebær

Me hadde eit kirsebærtre i hagen, dette er no borte.

Hausten 2002 kom det nokre blomar på det. Her er bilete teke 3. september 2002:

 

Søtkirsebær

 Jan Ove Nes og Magnus Opedal, Indre Hardanger Forsøksring

 

Sist oppdatert: mars -05 av Endre Bjotveit, Indre Hardanger Forsøksring

Hardanger er Noregs største morelldistrikt med ca. 1.500 daa, noko som utgjer i mellom 60 og 70 % av produksjonen på landsbasis. Lærdal har satsa friskt dei siste åra, og det er også ein viss produksjon i Ryfylke. Salspotensialet i inn-, og spesielt utland, til gode prisar er stort, faktisk mange gongar norsk produksjon i dag. Klimatisk er Vestlandet godt eigna som morellområde.

 

Fine Lapins moreller som snart modnar

Avlingane varierer mykje frå år til år og mellom produsentar. Frå 1990 og fram til i dag har gjennomsnittsavlingane i Hardanger jamt over lege mellom 200 og 300 kg pr. daa. I dette har ein også dyrkarar som får over 1000 kg pr daa i sine felt. Urasjonelle plantingar, ujamn fruktsetjing og tap på grunn av sprekking, rotning og fugleskade er truleg dei viktigaste årsakene til låge og variable avlingar.

Grunnstammer

Morellplantingane står for det meste på grunnstammene Prunus avium frøstamme og Colt, men Gisela 5 er vorte meir vanleg i nyplantingar dei siste åra. Dette har si årsak i at dyrkarane ynskjer låge plantingar med tre som kjem tidleg i bering. Både Colt og Gisela 5 har svakare veksekraft enn frøstamme når trea har nådd ønska storleik. Men tilhøvet er motsett dei første åra etter planting. Forsøk ved Planteforsk Ullensvang har vist at totalavlingane pr. tre på Van og Ulster dei første fire åra etter planting er høgare på Colt og Gisela 5 enn på frøstamme. Over ein periode på åtte år jamna totalavlingane pr. tre seg meir ut. Dette har si årsak i trestorleiken.

Pollinering

I tillegg til å ha sortar som kan pollinera kvarandre viser erfaringane at innsett av bikubar fremmer pollineringa i moreller. Det optimale vert sagt å vera 1 kube pr. 3 daa. Det er ikkje nødvendigvis tal kubar som er avgjerande, men styrken i bifolket. To eller fleire svake bikubar kan ikkje erstatta ein sterk kube. Morellblomen har liten konkurranse frå annan blømande vegetasjon, men det verkar som om biene oppsøkjer nokre sortar framfor andre.

For å sikra god fruktsetjing kvart år, er det avgjerande med tilstrekkeleg mengd pollineringstre godt fordelt i feltet. Plantar ein pollentre i same radene som hovudsorten i feltet, gir 15-20 % støvtre i plantinga til vanleg god nok pollentilgang.

Aktuelle sortar

Van er i dag hovudsort i morelldyrkinga, og vart etter tilrådingar tidleg på 1990-talet planta mykje saman med Ulster og Kristin. I ettertid ser me at mange slit med å få gode avlingar i felt med desse sortskombinasjonane. Av sortar som fortener positiv omtale er spesielt Lapins. I felt der denne sorten er planta saman med Van såg me i 2003 svært gode avlingar. Burlat er også ein sort det har vorte planta noko av dei siste åra, men etter signala som har kome dei siste åra vert han for tidleg og for lauskjøta for norske grossistar.

I handelsdyrkinga er det berre mørke, faste, seine sortar som er aktuelle i dag. I samansetjing av sortimentet tek ein omsyn til at produksjonen kan levera til den norske konsummarknaden frå 3.-4. veka i juli til om lag 20. august, og til eksportmarknaden frå om lag 25. juli og ut sesongen. Grossistane har siste året gjeve uttrykk for at dei ikkje ynskjer norske tidlegmoreller. Tidlegare sortar er såleis berre aktuelle å planta i mindre omfang med tanke på direktesal. Tabellen er sett opp i samarbeid med Planteforsk Ullensvang. 

Modningstid

Hovudsort

Prøvesort

Spesialsort

1. veka i juli

 

 

(Ranna, Kassin)

2. veka i juli

Burlat

Moreau

 

3. veka i juli

Merchant

 

Vista - pollensort

3-4. veka i juli

 

Giorgia

 

 

 

Chelan©

 

4. veka i juli

Ulster

 

 

Månadsskiftet juli/aug.

Van

Techlovan©

Sunburst - pollensort

Kristin

1. veka i august

 

Sylvia

Stella - pollensort

2. veka i august

Lapins

 

 

2-3. veka i august

 

Regina

 

Sortsliste for moderne morellplantingar i Hardanger korrigert etter eigne erfaringar. Tidlege sortar berre aktuelle til direktesal.

Ljose moreller

Det kan vera eit alternativ å nytta ljose sortar til støv, dersom dei ljose morellene vert selde langs vegen eller ved direkte sal. Både Merton Glory og Victor vert sagt å støva Van på ein god måte.

Planteavstandar

Morelltre har tradisjonelt vorte planta med stor planteavstand og vorte lite forma. I moderne plantingar ynskjer ein mindre tre og eit større tretal pr. arealeining enn tidlegare. Dette fordi det dei første åra er høgare avling pr. arealeining der det er tett planta. Målet er å heile tida ha ein høveleg balanse mellom vegetativ og generativ vekst. I rada bør det vera 2-2,5 m mellom trea avhengig av forventa veksekraft. Ved ei planting med 4,5 x 2,5 m går det 88 tre pr. netto daa. Er avstandane 5 x 2,5 m går det 80 tre pr. netto daa.

 Dekkesystem

Sprekking i moreller er eit stort problem. Regn føre og under haustinga fører til sprukne frukter og i tillegg er desse fruktene meir utsette for ymse ròtesoppar. I regnfulle somrar kan storparten av fruktene verta øydelagde utan dekking, og kan sjølvsagt ikkje seljast til friskkonsum. Det er difor opplese og vedteke at morellplantingar skal dekkast med plastdukar. Me tilrår trestrengs system.

Det vert arbeidd med utprøving av andre alternativ, m.a. spanske tunnelar og tyskproduserte, vindsterke spesialdukar.

Plantevern og skadegjerarar

Det er særleg soppane grå monilia, gråskimmel, bitterròte og muggsopp som er problematiske på morellene.

Grå monilia går på alle fruktslaga våre, men er mest skadeleg på eple og moreller. Det er karakteristisk at blomsterklasane visnar og vert hangande på treet. Grå monilia kan infisera frukter heile perioden frå tidleg bløming til hausting.

Gråskimmel overvintrar på ”mumiar” i tre eller på frukt og anna organisk materiale som ligg på bakken frå fjoråret. Smitte er i lufta meir eller mindre heile vekstsesongen, men sporane treng fukt og ein inngangsport for å infisera, gjerne eit sår. Der det er ròte i klasane vil ein ha mykje att for å plukka vekk dei rotne fruktene.

Muggsopp var det mykje av i Hardanger i 2002, og særleg skjeggmugg. Skjeggmugg er ikkje eit årvisst problem, men dukkar opp når det er høg temperatur og mykje væte.

Insekt som skadedyr

Tradisjonelt har kirsebærbladlusa vore det største insektproblemet i moreller. No har mange dyrkarar erstatta kjemiske plantevernmidlar med miljøvenleg rapsolje. Lusa overvintrar som befrukta egg, og ved å oljesprøyta før egga klekkjer, kveler ein egga. Slik oljesprøyting hjelper truleg også mot overvintrande egg av kirsebærmøll.

Kirsebærmøllen klekkjer på svellande knopp, og larva gneg seg inn i knoppane. Ein kan ofte sjå skaden seinare på sommaren som symmetriske hol i blada. Larvene øydelegg også blomeknopp, så dersom bestanden får byggja seg opp kan angrepet gå sterkt utover avlinga.

Fugl som skadedyr

Det skadedyret som gjer størst økonomisk skade i morellhagane i Hardanger, er fugl. Dompap et knoppar på ettervinteren, medan det er fleire fugleartar som forsyner seg av modnande moreller. Trost gjer nok mest skade totalt sett.

Det mest effektive er å dekkja med not over heile feltet. Dette er både kostbart i innkjøp og arbeidsamt å leggja ut. Ein må laga seg strengar på stolpar som nota kan liggja på. Særleg tidlegsortar er ofte naudsynt å dekkja, men også dei seinaste sortane er aktuelle.

Gjødsling og vatning

Moreller er generelt eit næringskrevjande fruktslag. Det er viktig å halda trea i god vekst, for på den måten å sikra god bryting og rikt med produktive greiner. Morelltre skal ha jamt med vatn gjennom heile vekstsesongen, utan at røtene druknar. Med eit dryppvatningsanlegg kan ein vatna heile feltet samstundes og vatnet vert tilført der det er planterøter. Dryppslangane ligg inntil trea langs rekkjene, og droplar vatn ut gjennom små dryppunkt. På lette jordtypar må det vera tettare mellom dryppunkta enn på tyngre jord.

Skjering og forming

I forskingssamanheng er det prøvd ut fleire treformer, men i praksis er det fri spindel som dominerer i nyare plantingar. Ein formar då ei gjennomgåande stamme med greiner ut frå denne. For å unngå at bukettgreiner og knoppar på stamma og inne på greinene tørkar inn og døyr, og at ein såleis flyttar avlinga utover, er det svært viktig å få inn ljos og fornya greinmassen. Ein kan skjera inn greiner på tapp for å få ny bryting, eller skjera inn til ei sideforgreining som har kome i bering. Når ein skjer inn på greiner for å avgrensa lengda bør ein skjera på fleirårig ved for å ikkje stimulera til for mykje vekst.

Henta frå: Handbok i plantedyrking, Vestlandet

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 28.09.2018


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.