Bringebær

Startside Opp Bringebær Eple Hageblåbær Jordbær Mini Kiwi Plomme Søtkirsebær

8.0 Sortar

Sortementet innan yrkesdyrking av bringebær har vore inne i ei sterk omlegging sidan 2001-sesongen. Då vart fleire nye sortar tilgjengelege for utplanting hjå dyrkarane etter utprøving av Planteforsk. Avlingar frå dei nye sortane kom på marknaden frå  2003-sesongen. Her omtalar vi Glen Ample, Hitra, Stiora, Tambar og Varnes i tillegg til Veten. Fleire sortar kan vere aktuelle til privat konsumomsetnad.

8.1 Veten

har vore hovudsort til industri i mange år, men er no under avløysing av nye sortar. Siste åra er det utplanta lite av denne sorten. Veten gjev god kvalitet på syltetøy med mørk raudfarge og kraftig bringebærsmak. Framleis aktuell sort der ein satsar berre på industriproduksjon, men eignar seg dårlegare til konsumsal pga. høgt syreinnhald. Veten er utsett for vinterskade.

 

8.2 Glen Ample

Etter gode forsøksresultat har denne skotske sorten overteke som den klart mest utplanta siste tre åra, og ser ut til å utgjere meir enn 90 % av nyplantingane i 2004. Kombinasjonssort for industri og konsum som modnar nokre dagar etter Veten. Store, runde bær som gjev høg totalavling, bæra har lysare farge enn Veten. Sorten er sterk mot overvintringsskade og truleg sterkaste sort mot raud rotråte. Skal vere eigna til maskinhausting. Litt tendens til bærsmuldring, men uvisst kor mykje dette betyr i praksis.
Store avlingar i 2003, lang haustesesong.

 

Glen Ample
Foto: Nina Heiberg

 

8.3 Stiora

Ny norsk sort tilgjengeleg for utplanting frå 2001. Store, faste bær og høg totalavling. Eigna til industri og konsum. Nokre dagar seinare frammodning enn Veten. Sterk mot oppsprekking på stenglane. I utsjånad er sorten svært lik Hitra.

Lite utplanta areal gjer at ein ikkje har mykje erfaring med sorten i praktisk dyrking.

 

Stiora.  Foto: Nina Heiberg

 

8.4 Hitra

Ny sort, mykje lik Stiora, men har i forsøk lege litt lågare i avling og bærstorleik. Er og litt mindre froststerk. Modnar fram nokre dagar etter Veten.

Lite utplanta areal gjer at ein ikkje har mykje erfaring med sorten i praktisk dyrking.

Hitra. Foto: Nina Heiberg

 


8.5 Tambar

Spesialsort for konsumlevering pga. faste og søte, men små bær. (Asker er ein av foreldresortane). For små bær til manuell hausting for industri. Lite oppsprekking på stenglane.

 

8.6 Varnes

Gul sort med små, faste bær. Spesialsort til konsum.

 

Bringebær –dyrkingsrettleiing

 

Rune Vereide, Nordfjord Forsøksring

 1.0 Bringebærproduksjonen

her i landet går i hovudsak til fabrikk som råstoff for syltetøyproduksjon. Alle syltetøyfabrikkane i landet ynskjer innslag av norske bær i syltetøyet. Den norske produksonen har dei siste åra utgjort 30-40 % av samla produksjon, over 90 % av fabrikkproduksjonen har vore lokalisert til Sogn og Fjordane. Syltetøyfabrikkane ynskjer å auke den norske bærandelen til ca. 50 % av volumet. Difor har det fram til 2004 vore rom for å auke den norske produksjonen av bringebær til fabrikk. Auke i nyplantingane vil i lkøpet av få år gje stor nok norsk produksjon av bringebær til konserves. Nyetableringar bør difor gjerast i nært samarbeid med mottaka.

  
WTO- og EU- forhandlingane framover vil vere avgjerande for rammevilkåra for norsk produksjon av bær til syltetøyproduksjon. Pr. i dag er denne produksjonen verna av tollsatsar, men det pågår  forhandlingar om evt. reduksjon av desse.

 1.1 Konsumproduksjon

av bringebær har vore meir spreidd utover i ulike dyrkingsmiljø utanfor Sogn og Fjordane fylke. Omsetnaden av konsumbringebær har auka siste åra. Frå 2002 til 2003 auka t.d. Bama si omsetning frå 10 til 40 tonn. Ein ser fram mot ein stor auke av konsumbringenbær nærmaste åra, fyrst og fremst og fremst på grunn av nye sortar, men og på grunn av meir bevisst satsing på denne marknaden frå grossistar, lager og produsentar.

Mykje av konsumsalet går også utanom grossistane, som direktesal frå produsent til forbrukar.

 1.2 Økonomi

Bringebærproduksjonen har blitt ei økonomisk interessant næring- eller attåtnæring for stadig fleire bønder. Men som i andre produksjonar kjem heller ikkje inntektene av seg sjølv i bringebærproduksjonen. Arbeidet med kulturen må utførast nøyaktig og til riktig tid skal avlingsnivået haldast oppe i felta.  Høg avling er nøkkelen til god økonomi i bringebærproduksjonen.

 Anleggskostnader
Ifylgje NILF-handboka kostar det ca. kr. 16.000 å etablere eitt dekar bringebær i 2002. Plantekostnad (600 stk. â kr. 11,70 = kr. 7.020), vatningsanlegg (kr. 4.000) mypex (kr. 1.800) og oppstøttingsutstyr (stolpar: 75 stk. â kr. 15 = kr. 1.125, tverrtre: 75 stk. â kr. 6 = kr. 450, Bayertråd: kr. 800 og klips: 2400 stk. â kr. 0,21 = kr. 500) utgjer tyngda av anleggskostnadane.
Variable kostnader

i bereåra er i hovudsak gjødsel, plantevernmiddel og emballasje og er sett til ca. kr. 600 pr dekar. Ved konsumproduksjon vil emballasjekostnaden bli noko høgare enn til fabrikkproduksjon. 

 Dekningsbidraget pr. dekar skal dekke eige arbeid og faste kostnader. Faste kostnader er t.d. sprøyteutstyr og anna spesialutstyr + del av traktor som skal belastast bringebærproduksjonen. Erfaringstal med tal eigne arbeidstimar pr. dekar utanom leigeplukking viser store variasjonar, færrast timar går det med til store, godt arronderte felt med høg grad av mekanisering.
 Plukkarbetalinga er akkordlønna, i 2003-sesong vart det i Nordfjord tilrådd ein plukkepris på kr. 6,80 pr. kg.
Set ein opp ein kalkyle på utbetalt kg pris kr. 18,50 inkludert distrikts- og kvalitetstilskot, betalar akkordlønn til plukkarane og brukar 80 timar pr. dekar til eige arbeid kjem ein ut med ca. 100 kr timen med ei avling på 1000 kg pr. dekar. Aukar avlinga til 1400 kg kjem ein ut med vel 150 kr. timen for eige arbeid. Klarar ein seg med 60 timar til eige arbeid vil timeløna verte høgare enn i nemnde eksempel.
 
Konsumbringebær levert i 2 kg’s kartongar med korger â 250 gram.Butikkpris frå 24,90 til 29,90 pr. korg.

 

 

2.0 Lokalisering av feltet
2.1 Klima og jord

 

Bringebæra bør plantast på den best drenerte- og best arronderte jorda på garden. God plassering av feltet vil vere avgjerande for avlingsnivået i omløpet. Både jord- og klimatilhøve vil påverke vekst og utvikling og god arrondering vil lette arbeidsoperasjonane i feltet. Kuldegroper i terrenget kan gje vinterskade, likeeins bør ein unngå stengsler i nedkant av felt som gjer at kaldlufta ikkje drenerar ut av feltet. Elvatrekk er heller ikkje gunstig for overvintringa.

Ugunstige vind og snøforhold skal ein og vere merksam på. I etterkant av pinsa i juni 2000 førte ein ettermiddag med stormkast til skade i ein del bringebærfelt i Nordfjord; i utsette felt brotna skota ved festeklipset på bayertråden. Utover sesongen gulna skot vekk også som fylgje av brotskade i rothalsen, og enkeltfelt fekk opp til  40 % avlingssvikt.  Litt vindtrekk i feltet kan derimot vere ein fordel då rask opptørking etter regnver og vatning kan hindre stengelsoppar å etablere seg i feltet.

Sterk vinter-skade pga. ugunstig plassering av feltet i elvatrekk. God gjenvekst frå røtene som er uskadde, men det blir ikkje avling dette året.

 

Tidleg snøfall om hausten, før bladfall på dei nye skota, kan føre til brekkasje av stenglar. Stabilt snødekke om vinteren er elles berre ein fordel for overvintringinga då stengeldelar som er dekka av snø er godt verna mot frostskade. Tidlege, sørvende felt kan vere utsette for knoppfrost i mars/april når dagtemperaturen blir høg pga. soloppvarming og det samtidig er nattefrost med fleire kuldegrader. Den djupaste vinterdvalen til bringebær er tidleg på førejulsvinteren og er forholdsvis kortvarig. Milde periodar på etterjulsvinteren med knoppsprett og etterfylgjande kulde er er ugunstig for overvintringa og er vanlegaste årsak til knoppfrost i felta.


Sterk vind har gitt brekkasje på stenglane ved klipsfeste på Bayertråden

 

 

Bringebærrøtene trivst dårleg i vassjuk jord. Dreneringa må vere jamn og god i heile feltet før utplanting. Vekstproblem dukkar oftast opp på stader der gamle grøfter er gått igjen og vatn  blir ståande i overflata. Slike stader vil også ulike skadelege algesoppar trivast betre i jorda og medføre vekstproblem (meir under plantevernkapittelet).
 

3.0 Førebuing til planting

3.1 Ugras

Start plantinga i ugrasfri åkerjord. Haustbrakking av arealet tek knekken på mykje av vegetasjonen. Er forkulturen eng eller åker med innslag av fleirårige ugrasartar bør ein helst starte bekjempinga to år før planting. Sprøyt rein enga med hormonpreparat/fenoksisyre i fleire omgangar slik at brakkinga hausten før planting skjer på reinast mogleg eng. Ver og klar over at under jordarbeidinga kjem gamalt ugrasfrø frå djupare jordlag til overflata, desse får lys og blir stimulert til å spire. I slike høve kan ein få god effekt av det som blir kalla ”falskt såbed”; ein tek då jordarbeiding og oppdrilling av planterader i god tid før planting. Åkeren får ligge i ro slik at at ugraset  spirer og ein kan bruke Roundup eller andre breispektra ugrasmidlar til å tyne ugraset før planting, utan å måtte ta omsyn til bringebærplantane.

 

3.2 Gjødsling og kalking

Bringebærrøtene går vidt utover, men ligg grunt i jorda. Kvart år veks nye skot opp til full høgde på ca. 2 meter, samtidig som fjorårskota skal bere fram avling. Til dette trengs jamn tilførsel av næring. Ein bør legge vekt på å få ei balansert gjødsling der dei berande skota held grøn bladfarge under hausting og gjev stor avling, samtidig som dei nye skota ikkje blir for kraftige. Dette kan vere ein vanskeleg balansegang.

Jordprøve bør takast ut om hausten året før planting. Analyseresultatet viser behovet for gjødsling og kalking. pH i bringebærfelt bør ligge mellom 5,7-6,3. For lav pH gjer at planterøtene nyttar dårleg ut gjødselen i jorda og tek opp for lite av hovudnæringsstoffa. For høg pH kan føre til mangel på fleire mikronæringsstoff pga. sterk binding til jorda. Om magnesiuminnhaldet i jorda er for lavt bør ein bruke magnesiumhaldig dolomittkalk ved kalking. Både ved planting og seinare i omløpet brukar ein klorfattige gjødselslag til bringebæra. I tabellen under ser du kva gjødselslag som er aktuelle til bringebær.

Ved planting av nytt felt kan ein godt bruke husdyrgjødsel, men helst i moderate mengder slik at jorda ikkje blir kleim og misser dreneringsevne. 3-5 tonn husdyrgjødsel pr. dekar før jordarbeiding kan vere høveleg mengde ved etablering.

Næringskrav i bereåra pr. dekar

Standardkrav kan setjast opp som fylgjande:

Nitrogen          6-12 kg

Fosfor              2 kg

Kalium            6-8 kg

Mange faktorar vil påverke gjødslingskravet:

Stripegjødsling eller breigjødsling i feltet; breigjødsling krev større gjødselmengde enn stripegjødsling som vi tilrår i breidde på 1-1,5 m i rada. Ved nyplanting av felt er det derimot naturleg å gjødsle opp heile feltet slik at det sådde graset mellom radene får tilstrekkeleg næring under etablering.

Jordtype. Ei moldhaldig morenejord vil ha lågare gjødslingsbehov av nitrogen enn ei skarp sandjord. Leirblanda jord vil ha lågare behov for kalium enn t.d. sandjord.

Ugrasmengde i feltet vil og spele inn; til meir ugras som ”stel” gjødsel, til meir må ein ha på for at bringebæra skal få nok. Bruk av fiberduk vil nok og vere medverkande pga. auka jordtemperatur som vil fremje veksten noko.

 

3.3 Delt gjødsling

I gjødslingsplanlegging for eit ”normalt” bringebærfelt tilrår vi gjødsling i tre omgangar i løpet av vekstsesongen:

Grunngjødsling i april når veksten startar, oftast med val av ein fullgjødsel. Etter at den klorfattige fullgjødselen 15-4-12 er ute av marknaden vil valet oftast falle på fullgjødsel 11-5-18. Viser jordprøveanalysen store fosforreservar i jorda kan den klorfattige NK-gjødselen UniKa og vere aktuell.

 

 

 

I felt der både fosfor- og kaliumtilgangen er rikeleg stor kan det vere aktuelt å blande inn kalksalpeter saman med 11-5-18 i grunngjødslinga, t.d. 2/3 fullgjødsel 11-5-18 og 1/3 kalksalpeter.

1. overgjødsling i slutten av mai

Bruk kalksalpeter evt. fullgjødsel på næringssvak jord.
 

2. overgjødsling før jonsok

Kalksalpeter for å halde god vekst og grønt bladverk framover mot bærmodning.

Balansert gjødsling er viktig til bringebæra. Brukar ein for mykje  nitrogen kan nye skot bli for lange slik som i dette feltet. Ein må her klyppe vekk mykje av dei beste knoppane på øvre del av skota.

 

3.4 Jordprøve og analyseresultat

Ved jordprøveanalysen som ein tek før planting bør fylgjande analysar rekvirerast: pH, K-Al, P-Al, Mg-Al, K-HNO3.

På analyseskjemaet får ein også ut ein Ca-Al verdi ”med på kjøpet”. Denne samsvarar ofte dårleg med pH-verdien som er oppgitt på prøva. Nødvendig kalkingsmengde skal avgjerast etter pH-verdi og ikkje etter Ca-Al verdien.

Bor kan ein ta med som ekstra analyse. Oftast er det aktuelt å bruke 2,5 kg boraks eller 2,0 kg solubor pr. dekar som standard borgjødsling ved etablering av nytt felt. Seinare kontrollerar ein opptaket av bor og andre næringsstoff i ei bladprøve etter at feltet er kome i bering.

”Optimalområder” etter jordprøveanalysar:

pH                    (jordreaksjon)                            5,7-6,3

K-Al                 (lett-tilgjengeleg kalium)             10-25   

K-HNO3 (kaliumreservar)             80-200

P-Al                 (fosfor)                                     6-15

Mg-Al               (magnesium)                            10-20

 

Er det høgt innhald av kalium i jorda bør det vere eit tilsvarande høgt magnesium-innhald. Dette fordi det er antagonistisk tilhøve mellom kalium og magnesium; høgt innhald av det eine næringsstoffet hindrar opptak av det andre.

3.5 Bladprøver

Uttak av bladprøve fortel mykje meir om næringsopptak i plantane enn ei jordprøve, her får ein dokumentert kva opptak som verkeleg er gjort i plantane. I bladprøva kan ein rekvirere ulike analysar, forsøksringen brukar oftast ei omfattande analyse av tilsaman 11 ulike næringsstoff.

Bladprøve er aktuelt å ta frå felt i bering i slutten av august. Ta ut blad med stilk frå den øverste halvparten på dei nye skota, 30-40 blad frå ulike delar av feltet.

Er det spesielle problem i feltet som skal undersøkjast m.o.t. næringsmangel tek ein prøva konsentrert frå partiet med mangelsymtom. Ofte kan det då vere avklarande å ta ei prøve frå normale plantar for samanlikning av resultata.

 

Optimalområde for bladprøver i bringebær:

Dette er optimalområde som er brukt til Veten. Dei nye sortane som er planta siste åra vil truleg krevje nokre justeringar for nitrogen når desse felta kjem i bering. 

% innhald i tørrstoffet

mg/kg (ppm)

N

P

K

Ca

Mg

Mn

Zn

Mo

B

Fe

Cu

2,8-3,2

0,2-0,3

1,2-1,8

1,0-1,5

0,2-0,3

35-150

25-80

0,1-0,3

20-40

50-150

5-12


3.6 Gjødselslag som kan vere aktuelle til bringebær (klorfattige):

 

Gjødselslag

 

 

Bruksområde: strøgjødsling i radene, evt. breigjødsling

Fullgjødsel 11-5-18

Mest brukt, fyrst og fremst til vårgjødsling, etter at 15-4-12 gjekk ut. Høgare nitrogeninnhald enn OPTIVEKST. Inneheld magnesium, kalsium og svovel i tillegg til mikronæringsstoffa bor, mangan, sink, kopar og molybden.  

OPTI VEKST  6-5-20

Høgare fosfor- og kaliuminnhald i høve til nitrogen enn 11-5-17. Inneheld magnesium, kalsium og svovel i tillegg til mikronæringsstoffa bor, mangan, sink, kopar og jern.

OPTIVEKST 8-6-15

Litt høgare nitrogen og fosforinnhald, noko lågare kaliuminnhald enn OPTIVEKST 6-5-20. Same mikronæringinnhald.

UniKa

Klorfattig NK-gjødsel som og inneheld kalsium. Aktuell å bruke ved store fosforreservar i jorda.

Kalksalpeter/
Bor-Kalksalpeter (=NitraBor)

Til overgjødslingar i vekstsesongen.

Ofte behov for overgjødsling i mai og i juni. Veksttilhøve, sort, nedbør, (vatning) og jordtype påverkar behovet for overgjødsling.

 


Bruksområde: Bladgjødsling

Urea

Sprøyting på bladverket i vekstsesongen i svak konsentrasjon (0,5 %), kan blandast med dei fleste plantevernmiddel. Spesielt aktuelt ved vinterskade på stenglane.

Bortrac, Mantrac, Zintrac m.fl.

Flytande mikronæringsstoff som kan brukast førebyggjande og ved påvist mangel.

 


Bruksområde: Gjødsling gjennom dryppvatningsanlegg

Superba

Fleire blandingar med ulikt innhald av nitrogen, fosfor, kalium, magnesium, svovel og mikronæringsstoff. Kostbar gjødsling samanlikna med strøing av 11-5-18.

CalciNit

Erstattar Kalksalpeter Gartnervare. Vassoppløyseleg nitrogen/kalsiumgjødsel. Innhald som kalksalpeter




 

pH 7,3 i Veten bringebær er alt for høgt og gjev lyst grønt bladverk grunna mangan-  og sinkmangel.  Årsak til så høg pH i feltet er kålvekstar som forkultur. Mikronæringsstoffa Mn og Zn bind seg sterkt i jorda under slike tilhøve og resultatet er at bringebærplantane ikkje klarar å ta opp nok av desse stoffa.

 

3.7 Gjødselvatning

Med stor utbreiing av dryppvatningsanlegg i bringebærproduksjonen, har mange produsentar og sett fordelen av å kunne bruke anlegga til gjødselvatning. For å kunne kontrollere slik gjødsling må ein bruke ein gjødselinjektor som doserar flytande gjødsel ut på vatningsanlegget.

Spesielt er det aktuelt å bruke anlegget til overgjødsling med nitrogen fleire gongar i vekstsesongen.

Enkelte har prøvt å tilføre all gjødsel gjennom heile sesongen via dryppanlegget, men dette blir kostbart samanlikna med bruk av strøgjødsel om våren og overgjødsling med flytande nitrogen.

Raud superba  7-4-21 og gul superba 3-3-19 er dei mest aktuelle vassløyselege ”fullgjødselslaga” til bringebærkulturen. Den raude inneheld litt over dobbel mengde nitrogen i høve til den gule. Som nitrogenkjelde suplerar ein med CalciNit som er nytt namn på tidlegare ’kalksalpeter gartnervare’.

Før ein sender aktuelle gjødselslag inn på nettet må ein lage til ’stamløysingar’ i plasttynner eller store kar. Dette er flytande gjødsel i høgast mogleg konsentrasjon utan å gje utfelling. Via gjødselinjektoren sender ein så gjødsel ut til drypprøra i blanding med vatningsvatnet.

Superba må ikkje blandast med CalciNit i felles stamløysing då dette gjev utfelling.

Ein bør bruke varmt vatn under oppløysing av gjødsla i blandekara, gul superba er den minst vassløyselege av dei nemnde typane. I eit blandekar som tek 100 liter bør ein difor ikkje blande sterkare stamløysing enn 13 kg gul superba, mens ein kan bruke 20 kg raud superba eller 20 kg CalciNit.

Konsentrasjonen som kjem ut på dryppunkta må kontrollerast med ledetalsmeter, innstillinga av gjødselinjektoren og vassmengda som går ut på anlegget vil avgjere gjødselkonsentrasjonen ute på dryppunkta.

I tørt ver når ein vatnar mykje køyrer ein ut svak konsentrasjon; gjerne ledetal på 0,5. I periodar med naturleg nedbør og lite vatning kan ein gå opp mot ledetal 1,5.

Mange dyrkarar gjev ein kombinasjon av strødd gjødsel om våren og gjødsling gjennom dryppanlegget i vekstsesongen, i praksis mest nitrogen. Reknar ein totalbehovet av nitrogen til bringebær til 12 kg N kan ein bruke knapt halvparten til vårgjødslinga med kombinasjonen av 11-5-18 + kalksalpeter og tildele resten gjennom dryppanlegget i vekstsesongen som CalciNit. Kor mange gjødselvatningar ein fordelar restgjødsla på kan m.a. avhenge av jordtypen i feltet; til skarpare jord til mindre vatn og gjødsel tildelar ein kvar gong.

For å berekne riktig gjødselmengde i kvar tildeling bør ein måle kapasiteten på anlegget. Då kan ein finne ut kor mykje gjødselvatn det oppbløytte jordvolumet kan holde på. Har dryppanlegget 50 cm mellom dryppunkta og kvart punkt gjev 2,3 liter pr. time vil dette på ei opa sandjord tilsvare 8 mm pr. time. Det er då rekna med ei fuktsone i rada på 60 cm breidde. På ei tyngre jord som blir oppfukta i 80 cm breidde vil vatningsmengda pr. time utgjere knapt 6 mm.

Skal ein ha ut ei vassmengde tilsvarande 12 mm nedbør må ein vatne ca. 1,5 time på den opne jorda og 2 timar på den tyngre jorda. Fuktar dryppsona heilt ut til ein meter breidde må anlegget stå på i 2 timar og 40 minutt for å gje ut 12 mm. Bruk spade og kontroller breidda av fuktsona.

Bruk ikkje sterkare gjødselblanding enn ledetal 1,5 ute på dryppunkta. Køyr alltid reint vatn gjennom anlegget etter gjødsling.

 

                                 

                                                                                                                                                                                            Oppdatert: April 2004

Informasjonen er henta frå: Handbok i plantedyrking, Vestlandet

 

horizontal rule

  Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                 Sist endra: 28.09.2018