My family-file



picture
Halvor Larsson Ivesdal and Siri Hansdotter




Husband Halvor Larsson Ivesdal 3153

           Born: 1705 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089
     Christened: 
           Died: Cir 1749 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089
         Buried: 


         Father: Lars Halvardson Ivesdal 16201
         Mother: Ambjørg Mikkelsdotter 3154


       Marriage: 1. jul 1734 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089

Events

• Probate: 25. sep 1749, Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway.




Wife Siri Hansdotter 3096

           Born: 1715 - Assheim, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 5. may 1715 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11084
           Died: 1765 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 28. apr 1765 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089


         Father: Hans Ommundson Asheim 11086
         Mother: Marta Karlsdotter 3154



   Other Spouse: Peder Jøelson Ivesdal 11253 - 31. may 1753 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13090

Events

• Probate: 12. nov 1765, Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway.

Marriage Events

• Marriage Notice: Kongebrev.


Children
1 F Eli Halvorsdotter 3153

           Born: 1735 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 1. jan 1736 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089
           Died: 1809 - Nedrebø, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 24. sep 1809 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11096
         Spouse: Torger Mortenson Birkeland 11120
           Marr: 15. jun 1755 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11096


2 F Ambjørg Halvorsdotter 3153

            AKA: Anbiør
           Born: 1739 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 27. sep 1739 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089
           Died: 1817 - Hegelstad, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 7. aug 1817 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13191
         Spouse: Torjus Jøelson Hegelstad 7823
           Marr: 29. mar 1761 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 4672


3 F Marret Halvorsdotter 3153

           Born: 1742 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 8. jul 1742 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089
           Died:  - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Status: Dead as a child



4 F Marete Halvorsdotter 3153

           Born: 1743 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 1. jan 1744 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089
           Died: 13. dec 1810 - Birkeland store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19598
         Buried: 6. jan 1811 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19598
         Spouse: Svend Ellingson Birkeland 12631
           Marr: 6. jun 1762 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19598


5 M Lars Halvorson 3153

           Born: 1746 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 20. nov 1746 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089
           Died: 
         Buried: 



6 F Else Halvorsdotter 3153

           Born: 1748 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 29. sep 1748 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089
           Died: Between 1801 and 1815 - Engelsvoll, Klepp, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Anders Pederson Engelsvoll 9517
           Marr: 7. may 1775 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 9512,9520



picture
Peder Jøelson Ivesdal and Siri Hansdotter




Husband Peder Jøelson Ivesdal 11253

           Born: 1727 - Veen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 29. sep 1727 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13207
           Died: 1774 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 11. sep 1774 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13090


         Father: Jøel Endreson Hovland 141
         Mother: Kari Pedersdotter 5895


       Marriage: 31. may 1753 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13090

   Other Spouse: Kirsti Knudsdotter 136 - 23. may 1767 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13090

Events

• Probate: 4. may 1775, Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway.




Wife Siri Hansdotter 3096

           Born: 1715 - Assheim, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 5. may 1715 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11084
           Died: 1765 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 28. apr 1765 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089


         Father: Hans Ommundson Asheim 11086
         Mother: Marta Karlsdotter 3154



   Other Spouse: Halvor Larsson Ivesdal 3153 - 1. jul 1734 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13089

Events

• Probate: 12. nov 1765, Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway.


Children
1 M Halvor Pederson Ivesdal 15930

           Born: 1753 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 23. dec 1753 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13090
           Died: 1776 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 8. sep 1776 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13090
         Spouse: This person had no known marriage and no known children


2 M Tjøl Pederson Ivesdal 15930

            AKA: Thiøl
           Born: 1756 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 16. may 1756 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13090
           Died: 29. dec 1830 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13090
         Buried: 
         Spouse: Helga Ommundsdotter 2955
           Marr: 7. may 1779 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13090


3 M Hans Pederson Holmen 15930

           Born: 1759 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 18. mar 1759 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13090
           Died: 1812 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 22. mar 1812 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19820
         Spouse: Marta Ommundsdotter 39947
           Marr: 23. oct 1782 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19820



picture
Ingebret Einarson Taksdal and Siri Hansdotter




Husband Ingebret Einarson Taksdal 39948

           Born: 1662 - Taksdal, Time, Rogaland, Norway 30920
     Christened: 
           Died: 1724 - , Stavanger, Rogaland, Norway
         Buried: 27. may 1724 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 30920


         Father: Einar Taksdal
         Mother: Pedersdotter 39948


       Marriage: 13. jun 1707 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 30920



Wife Siri Hansdotter

           Born: 
     Christened: 
           Died:  - , Stavanger, Rogaland, Norway
         Buried: 


Children

picture
Lars Henrikson Ås and Siri Hansdotter




Husband Lars Henrikson Ås 6474

           Born: 1729 - Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway 16890
     Christened: 24. jul 1729 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 576
           Died: 1803 - Ås, Erfjord, Rogaland, Norway 33043
         Buried: 30. jun 1803 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 884


         Father: Hendrik Larsson Erøy 6474
         Mother: Helvig Jonsdotter 4337


       Marriage: 30. jun 1765 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829,14887,16890

   Other Spouse: Elisabeth Larsdotter 22714 - 28. oct 1753 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 522,16890

   Other Spouse: Marta Ånensdotter 945 - 18. jul 1784 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 1241,16890

Events

• Censuses: 1758, Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway.

• Censuses: 1801, Ås, Erfjord, Rogaland, Norway.




Wife Siri Hansdotter

           Born: 1733 16890
     Christened: 
           Died: 1783 - Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway 16890
         Buried: 5. jul 1783 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 1241

Events

• Bailiff cash book: 1762, Hauge øvre, Hjelmeland, Rogaland, Norway.

• Probate: 10. sep 1783, Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway.


Children
1 M Henrich Larsson Hauge d.y. 29134

           Born: 1766 - Hauge øvre, Hjelmeland, Rogaland, Norway 14887
     Christened: 2. jun 1766 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829
           Died: 1766 - Hauge øvre, Hjelmeland, Rogaland, Norway 14887
         Buried: 4. oct 1766 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829



2 F Lisbet Larsdotter 39949

           Born: 1767 - Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway 33044
     Christened: 3. may 1767 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 522
           Died: 
         Buried: 




General Notes: Husband - Lars Henrikson Ås

Lars Henrikson Erøy vart gift første gong med Elisabeth Larsdotter som er kalla Knutsdotter i sjelemanntalet for 1758.
Lars Henrikson fekk skøyte på bruket etter faren 2. januar 1775. Elisabeth og Lars hadde 7 barn.
Elisabeth Ærøen vart gravlagd 4. april 1764, 40 år gamal og det var skiftet etter Elisabet 12. november 1764.
Siri Hansdotter og Lars Henrichson Ærøen vart vigde 30. juni 1765 i Hjelmeland. Siri er registrert i 1762 på øvre Hauge i Hjelmeland som tenar. Sonen deira Henrik vart fødd og døydde på øvre Hauge. Elles hadde dei ei dotter Elisabeth.
Siri Hansdotter vart gravlagd 5. juli 1783, 50 år ganal. Det var skifte etter Siri 10. september 1783.
Lars gifta seg for tredje gong i 1783 med Marta Ånundsdotter frå Surnavik under Vik og dei flytta saman med sonen Henrik til Ås i 1795. Lars hadde ikkje barn med Marta.
Folgemand Lars Henrikson Aas vart gravlagd 30. juni 1803, 71 år gamal. Enken Marta Aas døydde 1. desember og vart gravlagd 10. desember 1823, 82 år gamal. 39950
picture

Børild Larsson Lomeland and Siri Hansdotter




Husband Børild Larsson Lomeland 7029

            AKA: Børrild
           Born: 1733 - Gåsland, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 3. may 1733 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 7030
           Died: 1805 - Lomeland, Helleland, Rogaland, Norway
         Buried: 3. sep 1805 - Helleland kyrkje, Helleland, Rogaland, Norway 7031


         Father: Lars Larsson Gåsland 7032
         Mother: Eli Tolleivsdotter 7033


       Marriage: 16. nov 1761 - Helleland kyrkje, Helleland, Rogaland, Norway 7031

   Other Spouse: Maren Einarsdotter 7035 - 22. jun 1775 - Helleland kyrkje, Helleland, Rogaland, Norway 7031

   Other Spouse: Guri Andersdotter d.e. 7036 - 6. jul 1784 - Helleland kyrkje, Helleland, Rogaland, Norway 7031



Wife Siri Hansdotter 7034

           Born: 1743 - Lomeland, Helleland, Rogaland, Norway
     Christened: 26. apr 1743 - Helleland kyrkje, Helleland, Rogaland, Norway 4648
           Died: 1773 - Lomeland, Helleland, Rogaland, Norway
         Buried: 11. jul 1773 - Helleland kyrkje, Helleland, Rogaland, Norway 7031


         Father: Hans Mattisson Lomeland
         Mother: Ingeborg Gregoriusdotter




Children
1 F Ellen Børildsdotter 7039

           Born: 1772 - Lomeland, Helleland, Rogaland, Norway
     Christened: 23. feb 1772 - Helleland kyrkje, Helleland, Rogaland, Norway 7031
           Died: After 1805 - , Bergen, Hordaland, Norway
         Buried: 




picture
Johne Jonson Vestersjø d.y. and Siri Hansdotter




Husband Johne Jonson Vestersjø d.y.

            AKA: Joene
           Born: 1726 - Åsland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 15457
     Christened: 
           Died: dec 1797 - Vestersjø, Hjelmeland, Rogaland, Norway 15457
         Buried: 2. jan 1798 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829


         Father: Jone Jonson Åsland 4337
         Mother: Siri Pedersdotter 8780


       Marriage: 1. jan 1760 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829,20378

   Other Spouse: Mallene Johannesdotter 5055 - 10. jul 1768 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829,15457,20378

Events

• Probate: 3. dec 1797, Vestersjø, Hjelmeland, Rogaland, Norway.




Wife Siri Hansdotter 13921

           Born: 1739 - Skiftun, Hjelmeland, Rogaland, Norway 16742
     Christened: 
           Died: 1767 - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway 20378
         Buried: 26. aug 1767 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829


         Father: Hans Erikson Skiftun 13921
         Mother: Martha Olsdotter 3337




Children
1 F Siri Jonsdotter d.e. 4056

           Born: 1760 - Nesvik, Hjelmeland, Rogaland, Norway
     Christened: 9. mar 1760 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829
           Died: 1814 - Tandrevoll, Sjernarøy, Rogaland, Norway 15022
         Buried: 
         Spouse: Niels Henrikson Tandrevold 14871
           Marr: 1782 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 15022


2 F Marthe Jonsdotter 6925

            AKA: Marte, Martha
           Born: 1763 - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway
     Christened: 12. jun 1763 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829
           Died: 10. may 1834 - Kaltveit, Jelsa, Rogaland, Norway 1251
         Buried: 21. may 1834 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 1251
         Spouse: Hendrik Pederson Kaltveit 38148
           Marr: 14. jul 1789 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829,32601


3 F Siri Jonsdotter d.y. 4056

           Born: 1767 - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway 20378
     Christened: 25. jan 1767 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829
           Died: 1795 - Bjerga, Jelsa, Rogaland, Norway 20379
         Buried: 7. jun 1795 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 1241
         Spouse: Levar Nilsson Bjerga 10367
           Marr: 14. jul 1789 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829,20299



General Notes: Husband - Johne Jonson Vestersjø d.y.

Ryfylke sorenskriveri Skifteprotokoll 13 1797 - 1798 side 59b - 61a:
Det var skifteforretning den 3. desember 1797 på Westersøe i Hjelmeland etter Johne Johnson. Skiftet vart halde mellom enka Mallene Johannesdotter (ho er kalla Jonsdotter i 1801) og barna til Johne. Med første kona Siri Hansdotter etterlet han seg tre døttrer:
1) Siri Johnsdotter d.e. var gift med Niels Henrikson Tandrevold
2) Marthe Johnsdotter gift med Henrk Pederson Kaltvedt
3) Siri Johnsdotter d.y som var død, men hadde vore gift med Levar Nielson Bierge og etterlet seg 3 døttre: Marie Levardsdotter 8 år, Sirie Levarsdotter 6 år og Marthe Levarsdotter 4 år.
Med enka Mallene Johannesdotter etterlet Johne seg barna:
4) Brithe Johnsdotter gift med Thormod Tormodson Westersøe
5) Mallene Johnsdotter d.e. 21 år og ugift med formyndar "Sødskende barnet" John Johnson Aasland
6) Mallene Johnsdotter d.y. 18 år med formyndar "Sødskende barnet" Peder Johnson Lie i Jelsa skipreide
7) Mette Johnsdotter 16 år gamal med formyndar "Sødskende barnet" Gudmund Johnson Bjerga på Rennesøy
(Johne Johnson Vestersjø må då vere son til Jone Jonson og Siri Pedersdotter Åsland!)
Bruttoformua var på 476 riksdalar 1 ort 10 skilling. Gjelda var på 113 riksdalar 7 skilling. Det vart då att 363 riksdalar 1 ort 3 skilling. Kostnadane med skiftet var på 33 riksdalar 2 ort 1 skilling. Då vart det att 329 riksdalar 2 ort 11 skilling å dele på enka og dei andre arvingane.
picture

Lars Olson Kolbeinshaug and Siri Hansdotter




Husband Lars Olson Kolbeinshaug 18127

           Born: 1731 - Vaka, Ølen, Hordaland, Norway 33992
     Christened: 
           Died: 1799 - Kolbeinshaug, Ølen, Hordaland, Norway 33992
         Buried: 


         Father: Ole Nilsson Vaka 18127
         Mother: Dordi Larsdotter 18126


       Marriage: 25. jul 1790 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway 649,33992

   Other Spouse: Anna Monsdotter 33512 - Cir 1755 - Fjelberg kyrkje, Fjelberg, Hordaland, Norway 33992

   Other Spouse: Marte Torsteinsdotter - 2. jul 1766 - Fjelberg kyrkje, Fjelberg, Hordaland, Norway 649,33992,39951



Wife Siri Hansdotter

           Born:  - Trovåg, Vikebygd, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Kolbeinshaug, Ølen, Hordaland, Norway
         Buried: 


Children
Had no children
picture
Jørgen Ommundson Rødmyr and Siri Hansdotter




Husband Jørgen Ommundson Rødmyr 1823

           Born: 1729 - Kambestad, Ullensvang, Hordaland, Norway 14333
     Christened: 
           Died:  - Rødmyr, Sveio, Hordaland, Norway
         Buried: 


         Father: Omund Albertson Innbjo 1823
         Mother: Syneve Vikingsdotter 2032


       Marriage: 20. aug 1757 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway 649,28665



Wife Siri Hansdotter 21979

           Born: 1724 - Hauge øvre, Ølen, Hordaland, Norway 27566
     Christened: 
           Died:  - Rødmyr, Sveio, Hordaland, Norway
         Buried: 


         Father: Hans Hauge
         Mother: 




Children
1 F Inga Jørgensdotter 37777

           Born: 1761 - Hauge nedre, Ølen, Hordaland, Norway 28665
     Christened: 8. oct 1761 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway
           Died: 
         Buried: 



2 F Åsa Jørgensdotter 37777

            AKA: Aase
           Born: 1764 - Hauge nedre, Ølen, Hordaland, Norway
     Christened: 9. apr 1764 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway
           Died: 
         Buried: 



3 F Synnøve Jørgensdotter 37777

            AKA: Syneve
           Born: 1768 - Hauge nedre, Ølen, Hordaland, Norway 28665
     Christened: 2. mar 1768 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway
           Died: 
         Buried: 



4 M Amund Jørgenson 37777

           Born: 1773 - Hauge nedre, Ølen, Hordaland, Norway 28665
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 




picture
Hans Karlson Holmen and Siri Hansdotter




Husband Hans Karlson Holmen 3094

           Born: 1766 - Bjordal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 1. jan 1767 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 3095
           Died: 18. jun 1839 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19820
         Buried: 


         Father: Karl Olson Bjordal 3094
         Mother: Elisabet Hansdotter 3096


       Marriage: 8. jun 1801 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19820

   Other Spouse: Martha Svendsdotter 12631 - 8. nov 1819 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19820



Wife Siri Hansdotter

           Born: 1785 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 31. jul 1785 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway
           Died: 19. may 1819 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Hans Pederson Holmen 15930
         Mother: Marta Ommundsdotter 39947




Children
1 M Karl Hansson Holmen

            AKA: Carl
           Born: 1802 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 11. apr 1802 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway
           Died: 20. sep 1839 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: This person had no known marriage and no known children


2 M Hans Hansson Holmen

           Born: 1804 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 21. may 1804 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway
           Died: dec 1805 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 1. jan 1806 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway



3 M Hans Hansson Holmen

           Born: dec 1806 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 1. jan 1807 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway
           Died: 1807 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 2. aug 1807 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway



4 M Hans Hansson Holmen

           Born: 1808 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 21. aug 1808 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway
           Died: 1809 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 16. apr 1809 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway



5 F Elisabet Hansdotter

            AKA: Lisbet
           Born: 23. sep 1810 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 22. nov 1812 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 



6 M Hansson Holmen

           Born: 16. oct 1814 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 16. oct 1814 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 



7 M Hans Hansson Holmen

           Born: 19. nov 1815 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 15. mar 1818 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 



8 F Marthe Hansdotter

           Born: 17. sep 1818 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 28. mar 1821 - Holmen, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 




General Notes: Wife - Siri Hansdotter

Kjelder:
Anna: Bjerkreimboka II (Lisabet Risa - 1998) side 762
picture

Peder Jonson Sand and Siri? Hansdotter




Husband Peder Jonson Sand 4190

           Born: 1666 - Hauge øvre, Hjelmeland, Rogaland, Norway 7333
     Christened: 
           Died:  - Ur, Årdal, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Jon Ormson Hauge 26897
         Mother: Marta Pedersdotter


       Marriage: Cir 1690 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 24390

   Other Spouse: Berte Håvardsdotter 28685 -  (Unmarried)

   Other Spouse: Marta Jonsdotter 4336 - 29. oct 1702 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 24390

Events

• Censuses: 1701, Sand, Sand, Rogaland, Norway.




Wife Siri? Hansdotter 23973

           Born: Cir 1668 - Skiftun, Hjelmeland, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1700 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 24390
         Buried: 


         Father: Hans Sevatson Skiftun 4369
         Mother: Skiftun




Children
1 M Jone Pederson Fuglestein d.e. 2927

           Born: 1692 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 24390
     Christened: 
           Died: Cir 1747 - Fuglestein, Jelsa, Rogaland, Norway 33078
         Buried: 
         Spouse: Lisbet Pedersdotter 28685
           Marr: (Unmarried)
         Spouse: Mari Olsdotter 9417
           Marr: 1732 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 33078


2 M Hans Pederson Sand 2927

           Born: Cir 1695 - Sand, Sand, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1699 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 35324
         Buried: 



3 F Elen Pedersdotter 2927

            AKA: Eli
           Born: Cir 1700 - Sand, Sand, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: Cir 1744 - Erfjord, Erfjord, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Elling Jonson Erfjord
           Marr: Cir 1729 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 31690
         Spouse: Ole Mikkelson Erfjord
           Marr: 17. jul 1735 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 576,31690



General Notes: Husband - Peder Jonson Sand

Peder Jonson og Ola Kristenson let i 1690 lesa bygselsetel på 1 laup smør i Lagarhus frå Hartvig Godtzen, "predikant" (sokneprest) til domkyrkja i Stavanger. På same tida må dei ha fått bygsla kvar sine halvpartar i garden Sand av Jelsa prestebol. Dermed skulle dei to sitja kvar med 1 3/4 laupar smør i Sand og Lagarhus.
Det var to karar frå Hjelmeland dette, som no på eit vis starta eit nytt kapittel i garden Sand si soga. Peder var frå garden Øvre Haua i Jøsenfjorden. Ola var frå Laugaland. Han var gift med Peder si syster, Ingeborg Jonsdotter, slik at dei altså var svograr.
Ola Laugaland fekk ei heller kort tid på Sand. Han tykkjest ha hatt problem med økonomien. Alt i 1694 vart han stemna for 3 års landskyld av Lagarhus-parten. Og i 1697 flytta familien til plasset Sillaliå under Vatland i Jelsa. Det må ha vore på Ola sin part at noko åker var usådd i 1695. Det får vi nemleg opplyst då. Såleis mang-la det 3 spann på den årlege kongekorntienda på 8 spann korn dette året. Så seint som i 1698 vart Ola Sand-Sillali stemna for resterande landskyld av prestebolet sin part, 1 laup 18 merker smør. I saka om Sandsstølen 1721 går han under namnet Ola sagmeister, så då har han drive i dette faget attåt Sillaliå. Det forklarar og kan hende kvifor det var han og Anders Vela som i 1694 vitna at Hustveit-sagjå hadde rotna ned.
Den Daniel Jonson som bygsla etter Ola Sand (Sillali) var truleg identisk med Daniel Hylen, ein kar som i staden valde å bu i Fattnes. Så då kom Ola Jensson Kjølvik inn i hans stad. Denne Ola var gift to gonger, andre gongen med Anna Nilsdotter frå Rosseid i Imsland.
Ola Kjølvik og hjelmelandsbuen Peder Haua var no grannar på Sand i fleire år. Peder var første gong gift med ei kvinne frå Skiftun i Hjelmeland. Ho døydde 1700, og Peder gifta seg opp att 1702 med Marta Jonsdotter frå Tveita i Jelsa, av godt folk der. Men i mellomtida, som enkjemann, fekk Peder eit barn med Berta Håvardsdotter, ei strand-sitjardotter i Sandsvikjå. Peder baud seg betala bøtene både for seg sjølv og "kvinnfolket", og skulle såleis ha kome seg ut av saka med eit betre rykte enn mange andre. I alt 18 dalar gjekk det inn i kongen sin kasse ved dette høvet. Men i bøte-lista heiter det at Peder ikkje hadde stått skrifte i kyrkja "for haardnakkethet og ulydighets skyld" (normalisert).
Vi les i hovudteksta at slekta til den nye kona til Peder Sand - på Tveita i Jelsa - var misnøgd med at kvinna Berta Håvardsdotter, som Peder hadde fått barn med, framleis budde på Sand. Folket på Tveita, som var velståande folk, gjekk til presten Hr. Niels Tiurholm på Jelsa og kravde at han måtte få vekk kvinn-folket "som Peder Sand i hans Enchemandssæde hafde besofued, og endnu er mistencht for". Det var altså mistankar om at Peder framleis heldt seg til kvinna. Dette - og meir til - kjem fram i ei sak i 1704 der presten stemna sin "landbonde" og "sognemand" Peder Jonson Sand for retten. Tveita-folket truga med at om ikkje presten vart kvitt kvinnfolket på Sand, ville dei gå til høgare styresmakter. Presten sa då at det slett ikkje var naudsynt å gå til annan øvrigheit. "Hand schulle rette det som hans Embede vedkommer".
Sommaren 1703, 3. pinsedag etter preika(!), kalla presten Peder Sand til seg i sin "egen stue paa Sand" (altså til prestastovå i Sandsvikjå). Han formante Peder om å skaffa kvinnfolket vekk, og dermed "vagte sig for slig mistanche". Peder Sand si kona møtte og, saman med mora Marta Tveita, broren Stein Tveita og systera Birgitta Kyle. På førespurnad frå presten om ho hadde noko å klaga mannen for, sa ho: "Jeg har intet andet at klage, end at det quindfolch Birgite Houersdatter maatte schaffes af landet".
Peder Sand refererte frå same møte i prestastovå på Sand at svigermora "trappet med føderne i gulfuet", trampa altså med føtene i golvet, då ho sa til han: "Du har noch med alle at bestelle och schaffe. Nu har du och giort din kone fuld". No hadde det altså og vorte nok for kona. Peder stakk då fingrane i øyro - ville ikkje høyra snakk frå svigermora - spente døra opp med knea sine og gjekk ut av stova. Det var såleis eit heftig møte.
Seinare på hausten ein gong var svoger til Peder Sand, Ola Sillali (som ei tid hadde hatt gard på Sand), med og rodde presten til Sandskyrkjå. I prestastovå etter preikå - då presten og Peder Sand igjen var i tot-tane på kvarandre - slo Ola Sillali begge hendene om halsen på svogeren og bad han, med gråtande røyst og tårer: "Broder, for død og pine skyld, betenk baade hvad du siger og giør". Men Peder sto med hendene i lomma og sa til presten i sinne: "Vil I ikke annamme mig til Guds bord, jeg skal nu ikke tjære gaa til eder derom. Vil I ikke giøre ende der paa, da skal jeg giøre det" (normalisert). Presten nekta han nattverden, slik han for åt, men Peder ville ikkje be presten meir om dette, han skulle sjølv sjå til å få ein ende på det. Peder hadde elles heller ikkje stått offentleg skrifte endå for å ha fatt barn med Berta Håvardsdotter.
Då presten etter dette ville gå ut av døra, sa Peder til han at han skulle venta, nekta han jamvel med makt å gå ut. Presten opna då eit vindauga - "lochte vinduet op" - og ropte om hjelp hos klokkaren og rorsfolket, slik at han kunne få koma seg ut på sin vidare ferd i soknebod. Dette føregjekk altså i eit hus midt i gata på Sand i dag, rett ovom handelslaget. Idet Peder Sand nekta presten å gå ut av huset, tok han eit bibelsitat i bruk: "Jeg slipper eder iche, førend I velsigner mig".
Klokkaren Thomas Gierner - med to vitne (Hans Bårdson og Daniel Stenson) - reiste rett før jul i 1703 til Sand for å forkynna prosten sin dom over Peder Sand og kvinnfolket Berta Håvardsdotter. Det må ha vore ein dom som både inneheldt påbod om offentleg skrifte og om å nekta Peder nattverden, dersom han ikkje sanna syndene sine. Klokkaren og mennene hans møtte først kona i døra. Dei bad henne henta man-nen. Då han ikkje kom, sende dei bod med drengen og tenestejenta. Då kom Peder Sand ut, tok klokka-ren med begge hender, om hans høgre hand, og drog han med makt inn i stova. Det hjelpte ikkje at klok-karen sette foten sin mot dørterskelen. Då han hadde fått klokkaren inn i stova, sa Peder Sand: "Les no det Djevelen har lagt i deg". Men så sa han: "Hadde du hatt to kyrkjeverjer eller to lagrettesmenn frå Jelsa sokn med deg, då skulle eg ha høyrt på dommen". Dette var altså ei formell innvending i saka. Dei to vitna kom elles ikkje inn i stova i det heile teke, og dei reiste alle tre heim att med uforretta sak. Då dei kom att rett over nyttår, og klokkaren leste dommen for bustaden til Peder Sand, gjekk Peder ut og jaga sauene i marka. Klokkaren ropte etter han, nemleg at han måtte koma heim og høyra på dommen, men han kom ikkje.
Klokkaren og dei to vitna gjekk då "ned til Birgete Hofuersdatter, som da var i hendes faders hus, och læste dommen for hende". Men då Peder Sand såg kvar dei tok vegen, kom han "som et Rasende Menneske" løpande ned til dei med ein stav i handa og reiv dommen or hendene til klokkaren med makt, nett medan han heldt på å lesa.
Presten var og på Sand då dette hende, nemleg i prestastovå. Peder Sand løp i raseri frå huset til Håvar Sand og rett til presten med dommen i eine handa og ein "Prøygel" (prylestokk) i den andre. Presten trekte seg då straks attende og ut i vengbåten sin. Peder, som sto på land - "lige for baaden som laa ved bryggen" - og stakk i vreide stokken sin i stronnå, sa då: "Kom på land, eg skal betala deg. Eg skal setja livet mitt på kappa di". Og: "Kjem ikkje du til meg, så skal eg koma til deg". Presten hadde på si sida fått tak i ei børse som han heldt på armen og sa: " Eg skal halda deg vekke med denne". "Skyt", sa Peder Sand då. Men presten svarte: "Rør du ikkje meg, eg skal ikkje røra deg".
Midt på natta hadde Peder Sand lagt seg i vengen på prestabåten for å passa på at han ikkje for sin veg. Fleire på Sand var då hos han for å få han til å avslutta okkupasjonen. Men Peder ville passa på presten og slå fingrane i han "førind hand kom fra landet" (det vil seie Sandslandet). Ein Lars Pedersen, som vi elles ikkje veit kven var, fylgde med Peder Sand heile natta for å passa på at han ikkje gjorde noko som kunne skada både han sjølv og andre. Dette var altså tidleg i januar 1704. Noko tid etter vart Peder Sand sett i fengsel for åtferda si. Rettssaka kom opp 21. februar 1704, og gjekk over fleire dagar.
Peder Sand hadde då fått ein månad å tenkja over kva veg han hadde slått inn på, og var passe audmjuk. Og saman med kona, den gamle mor hans og svigermora, pårørande svograr "och Venners Indstendige bøn og begiering" bad Peder om forlik med presten. Presten var for sin del ikkje oppteken av si eiga æra - "huad hans ringe Person angaar" - men at Peder Sand måtte bekjenna si grove åtferd og store vondskap mot Gud og stå offentleg skrifte ("public Absolution"). Peder måtte elles finna seg i å stå til rettes for presteembetet og kyrkja sin orden. Det kunne ikkje presten gjera noko med, og det var det futen som måtte påtala. Men Peder måtte betala presten sine sakskostnader.
4 menn gjekk skriftleg god for Peder Sand si vidare åtferd og lova at han i framtida skulle opptre skikkeleg mot presten og kyrkja. Det var Peder Haug, Stein Tveita, Ola Føljesvoll og Åge Hedland. Ved at desse 4 gjekk i borgen for han, vart han òg fridømd frå fengselet. Men i sakskostnader til rettsapparatet måtte Peder Sand ut med 12 dalar. Til Hr. Tiurholm måtte han betala heile 30 dalar og dessutan be offentleg om forlating. Dei 30 dalar var det svograne hans som betalte. Dermed var denne saka ute av verda. Men Peder Sand var på mange måtar ein slagen mann. 11 år seinare vart han sagt ut frå garden og Jelsa-presten fekk eit endeleg oppgjer med den stridige leiglendingen sin på.
Berta Håvardsdotter vart dømd til å reisa frå fogderiet. Om ho reiste, kom ho snart attende til Sand, der ho selde øl, tobakk og brennevin til reisande. Ho nekta vel heller ikkje ein tørst sambygding ein tår, om han var på reis.
Kort kan det seiast at i 1704 finn vi at soknepresten til Jelsa, Hr. Nils Tiurholm, stemna sin landbonde og soknemann Peder Jonson på Sand for heile 9 punkt. Det heitte at Peder "sig imod velbemelte hans husbond og sjelesørger, udi hans hæderlige embede, og paa hans kirkevei, meget groveligen og dumdristig skal have forsedd". Det vil gå fram at Peder Sand ikkje sto tilbake for prestebrørne på 1650-talet i sin sjikane av presten i 1703/04. Saka enda med forlik, der fire karar gjekk god for at Peder Sand skulle halda seg til forliket. Og sjølv bad han sin sokneprest om forlating, for alt han hadde gjort imot han.
Før denne saka kom opp hadde presten Tiurholm og Peder Sand, på "Præstens Annex gaard" Sand, vore vel forlikte. Peder hadde for sin del ei tid vore kyrkjeverja. Og så seint som i 1703 finn vi at Peder og den nye kona Marta lånte pengar av presten Tiurholm med pant i Øvre Haua i Jøsenfjorden, som mor til Peder brukte. Peder kjøpte dette godset i 1699 av ein Stavanger-borgar, Jørgen Tomassen, og sat med det til 1707, då han selde til broren Orm på Øvra Haua.
Peder Sand må ha virka som hustømmermann attåt gardsbruket. I alle høve vart han i 1700 stemna for eit hus han skulle ha bygd for Stavanger-borgaren og bakaren Isak Isakson, i lag med Haldor Eide. Huset skulle vera 13 x 9 alen i flate og "4 Sellands alne høyt med spærer och bielcher" og var kostnadsrekna til 6 dalar. Men det vart aldri levert og dei to sandbuane måtte betala pengane attende. I 1711 vart Peder Sand stemna av Sr. Mathis Tanche for eit anna hus som skulle vera 6 alen langt "roden Noves", med sperr og brystved. Han svarte at huset sto ferdig når Sr. Tanche berre "det vil lade afhente". Det var altså ei form for ferdighus som vart produsert inne på Sand på denne måten.
I 1703 måtte Peder Sand betala 3½ dalar i skadeverk etter å ha slege til ein Osmund Ingvaldson med ein stein i munnen. Det hadde skjedd ein søndag då Osmund (og andre) hadde teke bær frå eit kirsebærtre etter kyrkjetid. Osmund kom gåande frå kyrkja og i det same han gjekk forbi nokre kirsebærtre som sto utan innhegning på "wild mark", tok han eit halvmoge kirsebær, kunne to vitne fortelja. Då han sto og såg på bæret, var det Peder Sand tok ein stein og slo til han like i munnen "saa blod løb der effter". Osmund sa då at han "ramte den beste, og at han skulle ha det som en hund havde bit ham" (normalisert). Vitna i saka var ein Torger Olson og ein Ola Sjurson. Peder sa for sin del at det var 20 mann ved treet og han ville advara dei alle ved å kasta denne steinen. Han tenkte såleis ikkje å ramma Osmund spesielt. Både denne soga og saka med presten Tiurholm kan fortelja at Peder var noko "hastig" av seg.
Det budde fleire strandsitjarar nede i Sands-vikjå i Peder Sand si tid, eller som det heiter: "paa Sands leiemaal". Håvard Tolleivson frå Røldal var ein av dei, far til Berta, ho som Peder fekk barn med. Berta skulle forresten sidan driva kro på Sand, med sal av øl, tobakk og brennevin. Peder Pedersen skreddar, fødd i Stavanger, var ein av dei andre strandsitjarane på Sand kring 1700. Skreddaren vart i 1698 stemna for utilbørleg handling mot namnebroren på Sands-garden og hans hus, som det heitte. Skreddaren møtte ikkje, og saka vart utsett i første omgong.
Vi finn at Peder Sand vart stemna for skuld og gjeld til diverse personar frametter. I 1705 var det Peder sjølv som stemna svigermor si, Marta Tveita, for heimanfylgje "lige imod hindes
søschinde". Dette kravet gjekk inn som trygd for eit krav som Peder Haug hadde mot svogeren Peder Sand, nemleg 15 dalar. Dei to Peder'ane var gifte med kvar si syster.
Peder Sand hadde det gjerne ikkje så lett. Han gifta seg inn i ei velstandsslekt på Ropeid-halvøynå, men det var ei krokvinne på Sand han elska. På Jelsa-tinget i november 1711 vart Peder sett fast for fylla. Og då han kom ut att, skulda han sorenskrivaren for å ha teke 8 dalar av han på skifte etter kona, altså fleire år attende i tida, og like eins for å ha teke 3 dalar no då han vart sett fast. Dette kunne ha brygt seg opp til ei større sak, men Peder møtte ein av dei siste dagane for retten og både "beklaget sin druchenschabsforse-else", og bad sorenskrivaren om forlating for det han hadde sagt om han. Både allmuge og soren-skrivar gav etter for bøna om forlating, for "hans kone och smaa børns schyld".
Åra 1710-20 var vanskelege krigsår og bøndene på Sand, Ola og Peder, strevde som så mange andre. Ola greidde seg likevel nokolunde. I 1710 finn vi at han og Nils Nilsson på Vatland selde gods til svoger og bror på Rosseid, Ola på vegner av kona, nemleg hennar odelsgods, på 4½ merker smør. Elles var Ola Sand ein god del nytta som lagrettemann 1712-1728. Sjølv var han lite framme i retten elles, men vart i 1709 stemna av Dortea Skimling for tausaløn han skulda dotter hennar.
I 1715 sto begge leiglendingane på Sand til rest med landskyld, både til Hartvig Godtzen i Stavanger for Lagarhus-parten og til Hr. Nils Tiurholm for Sand elles. Peder Sand skulda i alt landskyld og anna for kring 25 dalar, Ola Sand skulda 11 dalar Peder skulda dessutan for ei kviga og ein kalv. Dei to møtte begge og nekta ikkje for krava, men meinte dei hadde rett på avkorting. Peder sa såleis at han hadde fødd 8 naut for presten. Det eine var forulukka, men huda hang hos han og kjøtet var selt. Ola Sand sa seg å ha fødd 3 naut og eit føl, og så hadde han krav på 1 dalar i avgift av Midvik.
I 1716 kom saka opp att med ny rekning og nye ankepunkt. Peder Sand vart såleis no stemna både for landskyld, for ulovleg skoghogst både på Sand og i Midvik, for at husa hadde rotna ned og dessutan for å ha lete halve garden liggja øyde. Peder vart dessutan påtala for å halda eit ukriste-leg grannelag og levemåte. Dette vart presten sitt kardinaloppgjer med den stridige og sjølvgode leiglendingen på anneksgarden. Og Peder vart dømd til å vika garden.
Sakene 1715-1716 har underlege opplysningar om ein øydegard "Laeløben" på Sand. Det er underleg fordi dette er einaste gongen ein slik gardpart er funnen omtala. Det er ein detalj som kjem fram i samband med at Peder berre hadde sådd til ein del av garden i 1715. Han meinte presten hadde forbode han å så til garden. Men presten svarte at han "hafde forbødet ham at hand iche schulle saae den ½ Løb i Laløben uden hand saaede dend halfue part i Sand". I dommen heitte det at Peder Sand ulovleg hadde lete garden Sand liggja øyde og udyrka "og derimod tilsaaed dend halve part i øde gaarden som schal brugis under Sand, nemlig Laeløben, og der henkiørt ald hefden fra hovedgaarden". Det er ikkje det same som Lagarhus, for ½ laup smør i "Laurhus" vert omtala i same kjelda som noko anna enn "dend halve løb udi Laeløben".
Peder Sand og familien flytta frå soknet. Vi finn to av sønene busette i Årdal sidan, og det var kan hende dit dei reiste, Peder og kona òg.
Marta Jonsdotter og Peder er nemnde med 6 barn, men ein Torstein fødd i 1717 og død i 1767 som husmann i Kalhagen under Skiftun i Hjelmeland, er også nemnd som son, men dette er det ingen kjelder i Sand som fortel noko om. 39952



Home | Table of Contents | Surnames | Name List

This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)