My family-file



picture
Omund Torsteinson Ve and Eli Greipsdotter




Husband Omund Torsteinson Ve 22253

           Born: 1651 - Eikeland, Etne, Hordaland, Norway 22254
     Christened: 
           Died: 1746 - Ve, Etne, Hordaland, Norway 22255
         Buried: 


         Father: Torstein Ingebretson Eikeland
         Mother: Åsa Ommundsdotter 22256


       Marriage: Cir 1700 - Skånevik kyrkje, Skånevik, Hordaland, Norway 22255

   Other Spouse: Siri Bjørnsdotter 2238 - Cir 1690 - Gjerde Kyrkje, Etne, Hordaland, Norway 22255



Wife Eli Greipsdotter 22257

           Born: Cir 1680 - Molnes, Skånevik, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1736 - Ve, Etne, Hordaland, Norway 2237
         Buried: 


         Father: Greip Johannesson Milja 2496
         Mother: 




Children
Had no children
General Notes: Husband - Omund Torsteinson Ve

Aamund Torsteinsson var gift første gong med ei ukjent. Dei må ha hatt sønene Tor Aamundson 21 år i 1701 og Torchild Aamundson 18 år i 1701. Aamund vart gift opp att med ikring 1690 med Siri Bjørnsdotter Ve og arva gjennom henne ein fjerdepart i bruket på Ve. Resten bygsla han i 1689 av verbroren Tørris og verja åt svigerinna Eli. Aamund var kyrkjeverje i Gjerde i tida 1687-1689.
Den første kona vart gravlagd under kyrkjegolvet, men han brydde seg ikkje med å betale dei 2 riksdalar dette kosta, for kyrkja stod i gjeld med 4 riksdalar til Bjørn Ve frå den tid han var verje, og sidan Aamund vart gift med dotter til Bjørn, og dermed vart Aamund arving etter Bjørn. Men retten slo fast at Aamund skulle betale, og så fekk han skaffa seg dei 4 riksdalane som best han kunne. Det ordna han kanskje for då han på nytt vart verje i 1693-1695.
Aamund kjøpte seg til full sjølveigar i 1700 og i 1727. Alt i 1725 ser det ut til at han ga frå seg bruket til sonen, men vart sittande som eigar like til sin død.
Han gifta seg tredje gong kort etter 1700 med Eli Greipsdotter, frå Molnes i Skånevik. Dei var barnlause. Sonen Torstein er nemnt i 1701, men det er ikkje kjent meir kvar det vart av han. 22255
picture

Torkel Ånenson Ve and Elisabet Greipsdotter




Husband Torkel Ånenson Ve 3837

           Born: 1682 - Ve, Etne, Hordaland, Norway 36914
     Christened: 
           Died: 1763 - Ve, Etne, Hordaland, Norway 36915
         Buried: 


         Father: Aanen Torkelson Ve 3837
         Mother: Dordi Tørresdotter


       Marriage: 1729 - Skånevik kyrkje, Skånevik, Hordaland, Norway 36915



Wife Elisabet Greipsdotter 22257

            AKA: Lisbet
           Born: 1685 - Molnes, Skånevik, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1773 - Ve, Etne, Hordaland, Norway
         Buried: 


         Father: Greip Johannesson Milja 2496
         Mother: 




Children
Had no children
picture
Torstein Isakson Reiseter and Guraa Greipsdotter




Husband Torstein Isakson Reiseter

           Born: 1703 - Reiseter (søre), Ullensvang, Hordaland, Norway 22541
     Christened: 
           Died: 1778 - Børve øvre, Ullensvang, Hordaland, Norway 22541
         Buried: 


         Father: Isak Torsteinson Rogdo 1834
         Mother: Jorond Knudsdotter d.e. 22553


       Marriage: 1727 - Ullensvang kyrkje, Ullensvang, Hordaland, Norway 6294,22541



Wife Guraa Greipsdotter

           Born: 1701 - Bleie indre, Ullensvang, Hordaland, Norway 6294
     Christened: 
           Died: 1755 - Reiseter (søre), Ullensvang, Hordaland, Norway 22541
         Buried: 12. oct 1755 - Ullensvang kyrkje, Ullensvang, Hordaland, Norway 1808


         Father: Greip Vigleikson Bleie 2006
         Mother: Guro Olsdotter 22536



   Other Spouse: Ole Helgeson Børve 1919 - 1721 - Ullensvang kyrkje, Ullensvang, Hordaland, Norway 6294


Children

General Notes: Husband - Torstein Isakson Reiseter

Torstein Isakson gifta seg opp att i 1757 med Gjøa Mikkelsdotter Ytre Bleie (1712-1799).
picture

Torstein Håvardson Vik and Synneva Greipsdotter




Husband Torstein Håvardson Vik 11485

           Born: Cir 1654 - Linga litle, Strandebarm, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died: Between 1675 and 1687 - Vik nedre, Kvam, Hordaland, Norway
         Buried: 


         Father: Håvard Torsteinson Linga 11482
         Mother: Ingebor Arnesdotter


       Marriage: Cir 1672 - Strandebarm kyrkje, Strandebarm, Hordaland, Norway 11486



Wife Synneva Greipsdotter 6788

           Born: Cir 1655 - Fosse store, Strandebarm, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1718 - Børsheim indre, Strandebarm, Hordaland, Norway 11486
         Buried: 


         Father: Greip Knudson Fosse 7322
         Mother: 



   Other Spouse: Ole Nilsson Børsheim 15228 - Cir 1685 - Strandebarm kyrkje, Strandebarm, Hordaland, Norway 11486


Children
1 M Håvard Torsteinson Vik 11262

           Born: 1672 - Vik nedre, Kvam, Hordaland, Norway 36916
     Christened: 
           Died: 1743 - Vik nedre, Kvam, Hordaland, Norway 36916
         Buried: 
         Spouse: Marita Torsteinsdotter 12794
           Marr: 1696 - Øystese kyrkje, Kvam, Hordaland, Norway 36916
         Spouse: Mari Pedersdotter 11263
           Marr: 1731 - Øystese kyrkje, Kvam, Hordaland, Norway 17925


2 F Ingebjørg Torsteinsdotter 11262

           Born: Cir 1675 - Vik nedre, Kvam, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1723 - Vik nedre, Kvam, Hordaland, Norway 11260
         Buried: 
         Spouse: Ole Ivarson Vik 11258
           Marr: 1700 - Strandebarm kyrkje, Strandebarm, Hordaland, Norway 11260
         Spouse: Arne Johannesson Vik 2611
           Marr: 1713 - Øystese kyrkje, Kvam, Hordaland, Norway 11260



General Notes: Wife - Synneva Greipsdotter

Synneva Greipsdotter var frå Fosse i Strandebarm. Ho var enke etter ein Torstein og hadde barna Håvard Vik og Ingebjørg Vik. Første mannen var Torstein Håvardson frå Litlelinga. Han budde på Vik i Øystese står det under Linga. Torstein må vere død i tida 1675 til 1687, for Synneva er gift opp att til Indre Børsheim i Strandebarm og får ei dotter i 1687. Ho var gift opp att med Ola Nilsson. Det er kjent tre barn etter Synneva, dei to med Torstein, og dottera Gjerd Børsheim med Ola. 11486


picture

Tore Greipson




Husband Tore Greipson

           Born: 
     Christened: 
           Died:  - , Kvinnherad, Hordaland, Norway
         Buried: 
       Marriage: 

Events

• Residence: 1257, , Kvinnherad, Hordaland, Norway.




Wife

           Born: 
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 


Children
1 F Toresdotter

           Born:  - , Kvinnherad, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Hatteberg, Kvinnherad, Hordaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Gaut Gauteson Hatteberg



General Notes: Husband - Tore Greipson

Kjelder:
Anna: Norsk Slekthistorisk Tidsskrift 1991 hefte II side 202
Anna: Sunnhordland-slekter (E.B. Bind I - 3. opplag 1984) side 101
picture

Tarje Jørgenson Greipstad d.e. and Kari Tolleivsdotter




Husband Tarje Jørgenson Greipstad d.e.

           Born: Cir 1710 - Vistad, Mo, Telemark, Norway
     Christened: 
           Died: 1768 - Greipstad, Fyresdal, Telemark, Norway
         Buried: 


         Father: Jørgen Tarjeson Vistad
         Mother: Tone Halvorsdotter


       Marriage: Cir 1752 - Moland kyrkje, Fyresdal, Telemark, Norway

Events

• Probate: 29. jul 1768, Greipstad, Fyresdal, Telemark, Norway.




Wife Kari Tolleivsdotter

           Born: 1723 - Haugland, Mo, Telemark, Norway
     Christened: 
           Died: 9. apr 1772 - Haugland, Mo, Telemark, Norway 988
         Buried: 17. apr 1772 - Mo kyrkje, Mo, Telemark, Norway 988


         Father: Tallef Tarjeson Haugland
         Mother: Joron Olsdotter




Children
1 F Thore Tarjesdotter

            AKA: Torei
           Born: 1754 - Greipstad, Fyresdal, Telemark, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



2 F Joron Tarjesdotter

            AKA: Joraand
           Born: 1757 - Greipstad, Fyresdal, Telemark, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



3 F Tone Tarjesdotter

            AKA: Thone, Todne
           Born: 1762 - Greipstad, Fyresdal, Telemark, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



4 M Jørgen Tarjeson Vistad

           Born: 1766 - Greipstad, Fyresdal, Telemark, Norway
     Christened: 
           Died: 6. may 1780 - Vistad, Mo, Telemark, Norway 988
         Buried: 16. may 1780 - Skafså kyrkje, Mo, Telemark, Norway 988




General Notes: Husband - Tarje Jørgenson Greipstad d.e.

Øvre Telemark vestfjelske sorenskriveri Skifteprotokoll 11 (Haa 0011) 29.11.1768 - 10.04.1776 side 43a - 45a:
Den 29. juli 1768 vart det halde skifte etter Targei Jørgenson mellom enka Kari Tallefsdotter og barna deira:
1) Jørgen Targeison 1½ år gamal
2) Thore Targeisdotter 14 år
3) Joraand Targeisdotter 11 år
4) Thone Targeisdotter 6 år
"Paa hvilche Børnes Veigner var Nærværende deris Farbroder Halvor og Sallomon Jørgensønner Wiestad derved Enchen foreviste dette Boens Midler som følger: ....
Faste Gods.-
Gaarden Schrimesdahlen i Moelands Hoved Sogn og Førrisdahls Præstegield beliggende, skylddende efter Matricullen 1 Taunde med Bygsel er afdøde Targei Jørgenssøn i følge Oprættende Skiøde efter Indgangne Forening med sine Brødis Halvaar og Sallomon Jørgenssønner Wiestad samt Svoger Knud Gunderssøn Leerbreche som Myndiges arfvinger efter Deris Forældre Jørgen Targeissøn og Thone Halvorsdaatter der formedelst Alderdom Deres Boe for dennem opgivet til Deeling mod aarlig underholdning bleven Ejende, Hvilket gods nu med dette paastaaende. Huuse Bygninger og alle Vedsalig med Herligheder blev andsadt og Vurderet for 350.-.-
Hvorom nærmere Skiøde skal Oprættes forjnde dette Skiftes sluttning.-
Udi Arvetomten Hougeland 2 tønde 8 Nottrnigr med Bygsel i Moe Annex og Førrisdahls Præstegield beliggende andmelte Enchen Kari Tallefsdatter at Hendes Sal: Mand ved ved accordt(?) med Even Gunderssøn om deres Halve Arfvetomptes Kiøb saaledes var forrenede at de overskydende 64 Mæhle med Bygsel for 1 (ort) 23 11/12 s som Hand ved Skifte af 16 Martj 1768 var udlagt skulle tilhøre Hende og Salig Mand saasom bemelte Even Gunderssøn alleeren skulle nyde den Halve gaard og den afdøde Targe Jørgenssøn behalde den anden Halve arfvetompt naar Hand samme Indloft haver som eij endnu vi efterkommet, Thi blever nu allenes dette Boes ...... blev ansatt for Penge 100.1.23 11/12
....".
Det var att 250 dalar 3 ort 1 11/12 skilling til deling mellom enka og barna hennar.

Øvre Telemark vestfjelske sorenskriveri Skifteprotokoll 13 (Haa 0013) 22.11.1781 - 07.02.1784 side 247b - 249a:
Den 16. november 1782 vart det halde skifte "efter afdøde Dreng Jørgen Tariesen, som døede paa Gaarden Wiestad i Moe Hoved Sogn og Præstegield". Det hadde vore registrering og vurdering den 24. oktober 1782. I skiftet står det at han døydde den 17. mai 1780 og som ikkje samsvarer med kyrkjeboka. Arvingane var dei tre systrene hans:
1) Torei Tarjesdotter 25 år med formyndar Knud Bringsværd
2) Joraand Tarjesdotter 23 år med formyndar Dreng Wadden
3) Todne Tarjesdotter 20 år med formyndar Dreng Reinen
"Salamon Jørgensen Wiestad, den afdødes Farbroder, lod ved sin Søn Kittil Salamonsen, som paa hans Vegne mødte anmeldte at intet forefandtes af den afdødes Løsøre Effekter at Registrere, saasom sammen ved ulykelig, hos ham /: mand Salomon :/ og kom Ilds Vaade og brændt og viste derfor intet til Indtægt at .... hand troede at den afdøde skulle være Eiende som Arv efter sine Forældre Gaarden Schremisdahlen i Moelands Hoved Sogn i Førrisdahl....".

Matrikkelutkastet av 1950 for Telemark Fyresdal herad Moland sokn: gard nr. 40: Greipstad (Greivstad)
bruk nr. 1: Greipstad
bruk nr. 2: Skrimsdalen
bruk nr. 3: Skrimsdalen


General Notes: Wife - Kari Tolleivsdotter

Øvre Telemark vestfjelske sorenskriveri Skifteprotokoll 10 (Haa 0010) 15.06.1759 - 28.11.1768 side 782a - 783b:
Det vart halde skifte på garden Hougland i Mo den 16. mars 1768 etter Ole Tallevson. Skiftet vart halde mellom syskena hans:
1) Kari Tallevsdotter gift med Targei Jørgenson Svhremesdahlen
2) Groe Tallevsdotter Bringsværd - enke
3) Ingeborg Tallevsdotter gift med Even Gunderson Hougeland
Det var jordegods i "Arfvetompten Hougeland i Moe annex og Førrisdahls Præstegield beliggende" etter skifte frå mor hans den 28. august 1741 og skifte etter faren den 20de september 1748 m.m.
"Targei Jørgenssøn Schremmesdahlen som venttes at blive Odels og Løseberættiget til denne arfvetompt paa sin Hustrues Salig Fader Tallef Targiessøn ved Odels Dom Afsagt den 30 Maij 1729 er tildømt dette gods som sit Oodel og Aasæde, dernæst at Aslach Olssøn Mijdjaass værit ordineret til Formynder for dend afdøde Ole Tallevssøn den 25 Maij 1752, som burde paaseet at den u-myndiges Gods eij af nogen fremmet blev hondet, hvilcket og Comparenten venttede iche er skiedt, ....".

Konen Kari Tellefsdotter Hougland på 49 år døydde 9. april og det vart "kastet jord" på henne Die Paraskev (langfredag) i 1772.
picture

Daniel Kjøstolvson Grekvar and Angjerd Halvorsdotter




Husband Daniel Kjøstolvson Grekvar 36917

           Born: 1666 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36918
     Christened: 
           Died: 1735 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 20. mar 1735 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36919


         Father: Kjøstolv Torsteinson Grekvar 36920
         Mother: 


       Marriage: 14. jan 1697 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36919



Wife Angjerd Halvorsdotter 36921

           Born: Cir 1675 - Mykkestu søre, Uvdal, Buskerud, Norway
     Christened: 
           Died:  - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 


         Father: Halvor Gisleson Grekvar 36868
         Mother: 




Children
1 M Halvor Danielson Grekvar d.e. 36877

           Born: 1706 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
     Christened: 25. dec 1706 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36922
           Died: 1753 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 13. jan 1753 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36878
         Spouse: Ingeborg Pedersdotter 36874
           Marr: 14. oct 1729 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 36878


2 F Ingeborg Danielsdotter 36877

           Born: 1713 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
     Christened: 26. feb 1713 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36922
           Died: 
         Buried: 



3 M Halvor Danielson d.y. 36877

           Born: 1719 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
     Christened: 7. jan 1719 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36922
           Died: 
         Buried: 



4 F Helga Danielsdotter 36877

           Born: 1721 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
     Christened: 11. jul 1721 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36922
           Died: 
         Buried: 




General Notes: Husband - Daniel Kjøstolvson Grekvar

Daniel gjekk ikkje over bekken, berre over gjerde etter kona si. Han vart gift med Angjerd Halvorsdotter på Nord-Grekvard. Den 11.09.1696 gav Daniel skøyte til svogeren sin, Simen Halvorson, på det jordegodset Angjerd hadde arva heiman-frå. Pengane kom sikkert vel med når Daniel hadde teke over farsgarden.
Daniel Kjøstolvson var gift med Angjerd Halvørnsdotter Nord-Grekvard og dei hadde 12 barn:
1) Gunhild Danielsdotter, dpt. 22.10.1698 - jf. august 1788 g.m. Svein Halvorson Aasen den 23.03.1727.
2) Ulvhild Danielsdotter, dpt. 12.09.1700 - jf. 1742 g.m. Ole Reierson Møgstue i Veggli i 1726.
3) Gjertrud Danielsdotter, f. ca. 1703 - jf. 29.09.1752 g.m. Tov Hellikson Flaaten den 25.03.1737.
4) Hans Danielson, dpt. 20.01.1704 - jf. 28.09.1727.
5) Halvor Danielson, dpt. 25.12.1706 - jf. 13.01.1753 g.m. Ingeborg Pedersdotter Sønsterud den 14.10.1729.
6) Torstein Danielson, dpt. 09.02.1710 - må vera død før 1711.
7) Kjøstolv Danielson, dpt. 08.01.1713 g.m. Anne Gjermundsdotter den 27.12.1742.
8) Ingeborg Danielsdotter, dpt. 26.02.1713.
9) Simen Danielson, dpt. 07.04.1714 - jf. 29.09.1714.
10) Guri Danielsdotter, dpt. 25.08.1715 - d. 1780-1801 g.m. enkemann Holge Arneson Ljotegard den 08.06.1743.
11) Halvor Danielson, dpt. 07.01.1719.
12) Helga Danielsdotter, dpt. 11.07.1721.

Det hadde frå gamalt vore strid mellom eigarane i Råengrenda og Rudigrenda i Nore på den eine sida og eigarane i Vikangrend på den andre om retten til Fjølabu-lia ved Tunhovdfjorden. I 1686 kom det til ein større rettssak som noringane klart vann. Nore V, s.2625.
Etter nokre år blussa striden opp att. Denne gongen må det ha vore Kjøstolv som sette det heile i gang. Han meinte nok å ha rett i dette området, og tok til å hogge ut tømmer. Me veit ikkje sikkert om Kjøstolv då budde på Grekvard.
Ikkje mindre enn 20 tylfter hadde han hogge. Dermed fekk han stemning på seg, til vintertinget 27. januar 1697. Kona til Kjøstolv held på at dette var ei åstadssak og fekk medhald på det. Dermed vart saka utsett til sommartinget 15. juni 1697. Sonen til Kjøstolv, Daniel, baud seg til å møte på åstaden ein høveleg dag til hausten. Det enda nok med at Daniel måtte ut før.
Den 14. juli same året var det åstadsak der også Kjøstolv møtte. Han vedgjekk å ha hogge tømmeret, og hadde rekna med at noringane ville halde på at dommen frå 1686 skulle stå ved makt. Men Kjøstolv og Daniel hadde nokre gamle brev som dei støtta seg til. Me veit at Grekvard før hadde hatt eige i fisket ut for Fjølabulandet. Noko eige i Råen hadde også lege til Grekvard. Kanskje var det noko slikt Kjøstolv bygde på? Dei gamle breva hadde etter referatet å døme, vore lagde fram i 1686 utan å bli avgjerande. Dette framstøytet må ha vore eit nytt forsøk frå karane på Grekvard.
Saka kom opp til doms 11. september 1697. Dommen gjekk Kjøstolv imot. Han skulle gje attende 16 tylfter tømmer og bøte 40 lodd sølv for brot mot dom, og i sakskostnader skulle han betale 16 riksdalar innan 14 dagar. I rekneskapen til futen under "Sagefald" for 1697 er både dei 40 lodd sølv og 60 riksdalar komne med. Det må bety at Kjøstolv klarte å betale bota si.
Matrikkelen frå 1698 stadfestar at Daniel har teke over som brukar og sit med 9½ skinn. Rønnoug Torsteinsdotter har 2½ skinn.
Eit oversyn over eigarane av Mellom-Grekvard på denne tida ser slik ut:
Daniel står som eigar av 1 hud for åra 1700-08. I 1711 kan ein lesa: "Oppsidderens Sødskende eier". For åra 1716-1726 heiter det "Oppsidderen eier."
Til eit rettsmøte på Mellom-Grekvard den 1. oktober 1703 hadde Daniel Kjøstolvson stemnt inn farbror sin, Syver Torsteinson, på Søre Grekvard. Saka galdt delet mellom dei to gardane, men noko meir konkret har me ikkje fått fram. Korleis det heile løyste seg, er uvisst, for saka vart utsett.
I 1711 betalte dei på Mellom-Grekvard skoskatt:
Daniel "af sig og Hustrue og 4 Børn 1 ort 12 s.
En Huusmand Moguns af sig og Hustrue for skoe 12 s."
Etter dette kan det sjå ut som det var ein husmann under Mellom- Grekvard. Det kan det ha vore. Gammal muntleg tradisjon fortel at det skal ha vore ein plass ovanfor tunet oppover mot Lunda, men kven som kan ha budd der, har me ikkje funne svar på. Kanskje var det Moguns eller Magnus? Han må ha vore bror til Daniel. Elles kan ein minne om at på denne tida vart også husmann nytta om ein kårmand, ein som leigde seg hus.
Ole Torsteinson frå Grekvard, busett på Veggli prestegard, tok til tinget 28. februar 1720 ut stemning mot Daniel Torsteinson (må vera Kjøstolvson) med krav om utbeta-ling av arv etter Syver Torsteinson som var død. Det kom til forlik, og Ole og søster hans, Rønnaug Torsteinsdotter, skulle få 75 rdlr. 3 ort 16 sk.
Den 2. desember 1720 fekk Daniel skjøte av medarvingane sine på arv i Søre Grekvard etter Syver Torsteinson. For fastegodset og noko lausøyre betalte Daniel 114 riksdalar. Tinglyst 3. februar 1722. Dermed var Daniel også eigar av søre garden, men det ser ut som han heldt fram med å bu på Mellom-Grekvard.
I 1723 vart det utarbeidd eit framlegg til ein ny matrikkel. Der er Mellom-Grekvard omtala slik: "Skov oc Sæter till Huusbehov. Steenlændet, ligger i Soel-li, tungvindt. Sæd: 2 td. Byg.
Heste oc Creature: ½ Heste, 3 Kiør, 1 Ung-Nød, 4 Sover, 2 Geeder. Taxt efter gammel Matricul: 1 Huud.
Proprietair og Bøxelraadig: Daniel Kistelsen eier."
I dette matrikkelframlegget står Daniel også som eigar av Søre Grekvard.
Daniel må ha lånt pengar av onkelen sin, Ole Torsteinson i Veggli, mot pant i Søre Grekvard. Til tinget 16. februar 1735 hadde Ole teke ut stemning mot Daniel med krav om straks å løyse inn lånet. Daniel vart dømd til å betale gjelda si på 280 riksdalar pluss renter. Om ikkje Daniel ordna opp i dette, ville det bli tvangsauksjon.
Daniel gjekk bort i 1735, og det vart skifta etter han 21. juni 1735.
Enke: Angjerd Halvorsdotter.
Barn: 7 av dei 12 barna var i live. Halvor, Kjøstolv, Gunhild g.m. Svein Åsen, Ulvhild g.m. Ole Reierson Mykstu i Veggli, Gjertrud, Guri og Ingeborg. Lausøyre står med 3 riksdalar 3 ort.
Innkrevande gjeld (pengar til gode): Av Svein Åsen for krøtter 27 riksdalar 1 ort. Odelsgods: Mellom-Grekvard, skyld 1 hud, takst 180 riksdalar.
Søre Grekvard, skyld 1 hud, takst 180 riksdalar.
Gjeld til Ole Torsteinson Veggli 339 riksdalar.
Til sonen Halvor Danielson 38 riksdalar 3 ort 20 skilling.
Samla gjeld 393 riksdalar 3 ort.
Brutto formue: 393-3-0. Netto formue: 0-0-0.
Som ein ser, er dette skiftet gjort opp akkurat i balanse. Me har ein mistanke om at den låge lausøyreposten har vore bruka til å avbalansere rekneskapen. 36923
picture

Gisle Halvorson Grekvar and Arnbjørg Gunnufsdotter




Husband Gisle Halvorson Grekvar

           Born: 1588 36869
     Christened: 
           Died: Cir 1677 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36869
         Buried: 
       Marriage: Cir 1630 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36869



Wife Arnbjørg Gunnufsdotter 36871

            AKA: Anbjørg
           Born: 1606 - Grøtjorden, Uvdal, Buskerud, Norway 36869
     Christened: 
           Died: Cir 1677 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36869
         Buried: 


         Father: Gunnulf Toreson Grøtjorden
         Mother: Turid Tordsdotter




Children
1 M Halvor Gisleson Grekvar 36868

           Born: 1630 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36869
     Christened: 
           Died: Cir 1688 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36870
         Buried: 
         Spouse: Gunvor Gregardsdotter 20821
           Marr: Cir 1678 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36872


2 M Torkild Gisleson Flåta 36868

           Born: 1634 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36869
     Christened: 
           Died: 1718 - Flåta, Nore, Buskerud, Norway 36869
         Buried: 



3 M Svend Gisleson Åsen 36868

            AKA: Svein
           Born: 1636 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36869
     Christened: 
           Died: Cir 1677 - Åsen, Uvdal, Buskerud, Norway 36924
         Buried: 
         Spouse: Siri Gunnarsdotter
           Marr: Cir 1662 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 36924



General Notes: Husband - Gisle Halvorson Grekvar

Kjeldematerialet i 1630-åra er tynt. Men den 17. januar 1640 var Gisle lagrettemann ved eit skifte i Holden etter Gunder Torsteinson Emellom-Bjerget. Berre denne eine gongen har me funne Gisle som lagrettemann.
Frå 1641 og utover finst eit oversyn over eigarar og brukarar. I 1643 og -44 står Gisle med 4½ hud 4 skinn, men det er lagt til "med medeigere". Frå 1647 til 1659 har han "2 Huder, eiger ded sielff."
I rekneskapen for skatt til rossteneste i 1643 står Gisle Halvorson som eigar av 4½ hud i Grekvar. Magnus Grekvar har ½ hud. Dette er den største skylda som er registrert på Grekvar gjennom tidene, samstundes som det er opp mot det meste me har funne på eit enkelt gardsnamn.
Gisle hadde både dreng og tenestejente. Det kjem fram då han betalte koppskatt for desse, for kona si og seg sjølv i 1645-1646.
Gisle Halvorson var gift med Anbjørg Gunulvsdotter Grøtjorden og dei hadde 4 barn:
a Halvor Gisleson f. ca. 1630.
b Torkild Gisleson f. ca. 1634 - jf. 1718 g.m. Kari Gulbrandsdotter ca. 1660.
c Svein Gisleson f. ca. 1636 - d 1677, g.m. Sigrid/ Siri Gundersdotter Svalestuen ca. 1662.
d Ei dotter, kanskje g.m. Tore Knutson Brøstrud.

Gisle tok truleg over som lensmann i 1647. I matrikkelen frå 1647 står det at Huseby hadde lensmannen og var såleis fri for å betale skatt, men same året står Gisle som lensmann ved ei deling av Aasberg-gardane. Det kan ha vore slik at Gisle var hjelpelensmann i ei overgangstid. Elles har matrikkelen frå 1647 desse opplys Grekvar, 2 huder som han sjølv eig.
Dessutan har han i andre gardar: i Åsen, 1 hud, i Enerstvedt 1 hud, i Koggelien 6 skinn, i Sunde i Nore 4½ skinn. Noko av dette vil me tru er arv etter far til Anbjørg.
Oversynet over innbetalt landskatt for åra 1647-1650 fortel at Gisle betalte landskatt av alt dette jordegodset, berre for Koggelien finn me ein reduksjon ned til 3 skinn. Frå 1652 til 1656 hadde Gisle også hand om 1 hud i Mykkestu og 1 hud i Renne men frå 1655 er eiga i Enerstvedt gått ned til 4 skinn.
Med så mykje jordegods må Gisle ha vore ein retteleg storbonde. Det syner også husdyroppgåvene frå 1657. Då vart det likna ut ein skatt på husdyr, såleis fekk me desse tala. Gisle hadde 2 hestar, 20 storfe, 8 geiter, 15 sauer og 2 svin. Det siste var svært sjeldan.
I 1657 og 1659 betalte Gisle skatt til rossteneste av 2 huder i Grekvar, 1 hud i Åsen og 1 hud i Rennehvammen. I eit makeskiftebrev datert Bjørnsrud 30. september 1659 står det at lensmannen heitte Gisle. Etternamnet er ikkje kome med, for ein del av dokumentet er øydelagt. No veit me nok til å kunne slå fast, dette var Gisle Halvorsson Grekvar.
Gisle hadde fått pant i Mehus og Austre Åsgarden i Nore kring 1660. Torkild, son til Gisle, makeskifta til seg Råenparten i 1661.
Ein kongleg oppnemnd kommisjon, landkommisjonen kalla, hadde registrert alt jordegods i landet. Registreringa er frå 1661. Om Grekvar halvgard kan ein der lesa: "Gisle paaboer med Vnderliggende ødegaard Aasen, schylder 3 huder och 2 skind. Self eigende med bøxell. Er Bunde Lensmand. Til Felds vden Herligh." Her får me stadfesta at Gisle er bonde-lensmann.
Gisle står også som eigar av Øvre Rennehvammen med skyld 1 hud. Men der hadde Gisle ein brukar som heitte Tore Knutson. I alle år frå 1661 til 1668 har me funne at Gisle betalte odelsskatt av 1 hud i Rennehvammen. Som lensmann hadde han altså ikkje skattefritak for jordegods utanfor garden der han budde. Kanskje var det berre visse skattar det var fritak for?
Futen sitt eine og presten sine to skattemanntal frå 1664 og -65 gjev desse opplys Grekvar med Åsen øydegard har bygdelensmannen. Skylda på Grekvar nordre er 2 huder. Oppsittar Gisle Halskson, 77 år.
Ut frå andre kjelder skal Halskson vera Halvorson. Alderen 77 år synest høg, men kan vera rett. Samla skyld på begge Grekvar-gardane vart 3 huder 10 skinn. Det blir 1 hud 2 skinn mindre enn i 1643. Kva ein så stor nedgang skriv seg frå, har me ikkje funne svar på. Futen hadde ikkje ført opp noko på bygdelensmannen i 1664. Grunnen var truleg fritak for skatt.
Likevel, sjølv med denne reduksjon i skyld var Grekvar ein av dei store gardane i bygda. Ei ekstra viktig rolle fekk garden i og med at lensmannen var busett der.
Til tinget 6. februar 1666 hadde Gjermund Toreson Grøtjorden teke ut stemning mot Gisle Grekvar på vegner av kona hans, medarvingane Steinar Kyllesdal og Daniel Eiterklepp på vegner av kone og steborn. Dessutan var Knut Mykkestu pålagt å møte med eit kvitteringsbrev som synte at Kullebølle, ein plass under Mykkestu, var innløyst av far til Gjermund etter at plassen var "forbrutt til Kongen". Det betyr at skatt ikkje var betalt. Då skulle plassen etter lova tilfalle Kongen.
Bonden i Mykkestu må ha teke over eller bruka Kullebølle og betalt for dette til Gjermund sine medarvingar på Eiterklep, på Grekvar og i Kyllesdal utan at Gjer og syskena hans hadde fått noko. Dette var bakgrunn for at Gjermund reiste kravet.
Tingboka har eit langt referat der også eit makeskifte av Rennehvammen og Mykkestu blir trekt inn. Det kom til forlik, men ut frå det må ein kunne slutte at Gjermund hadde eit rettmessig krav. Meir om denne saka er å finne under Myk for Uvdal tek til 06.02.1666. Dette er såleis det eldste tinget me har referat frå. Gisle sit framleis som lensmann. Me har registrert han som lensmann fleire gonger i 1650-åra og fyrst i 1660-åra. Etter tingbøkene må han ha vore i stillinga like fram til hausten 1671, mest eit kvart hundre år.
I tingboka for Nore frå 1666 eller 67 finn me at Gisle Grekvar tinglyste eit pante pålydande 64 riksdalar. Det må ha vore i Mehus.
Listene over brukarar og eigarar for åra 1666-1672 stadfestar at Gisle sit med både Grekvar og Åsen.
Ein matrikkel frå 1668 stadfestar storleiken på skylda: "Grequar Nordre, schyld 2 huder. Taxeret for 1 schp. 2½ lpd. Thiende och leding 30 s. Ligger till fields och haffer ingen nottig Lacte schouff. Bønderne Eyer med Bøxell."
I 1668 reiste Halvor Gisleson Grekvar på vegner av far sin krav mot Halvor Tollevson Brattrud i Veggli. Halvor var systerson til Gisle. Kravet galdt ei gjeld på 30 riksdalar og ei kyr. Halvor Tollevson vedgjekk at det var slik, men reiste motkrav. Han meinte å ha noko til gode på morsarven sin. Halvor Tollevson vart dømd til å betale gjelda si. Det motkravet han hadde, vart vist til tinget i Uvdal. Saka er nemnd i Rollag I, s.34.
Retten til drifteveg og beite for gardane nedanfor Grekvar skapte som tidlegare fortalt strid. På tinget 22.09.1671 let den nye lensmannen, Ole Huseby, lesa eit arveskiftebrev og ein 6-mannsdom datert 17.07.1628 som galdt "gressgange og sommerbeite" mellom "hr. Nils" og Grekvar-gardane. Det var kapellanen som gjekk under førenamn med hr. foran. Det fulle namnet hans var Nils Andersson Vendel.
Den 4. mars 1672 var det ting på Førle i Flesberg. Gisle Grekvar og Grøtjords arvingar la ved ein fullmektig fram krav på 12 riksdalar mot Gulbrand Syverson, truleg frå Uvdal-Nore. Påstanden var at Gulbrand var skuldig desse pengane på eit hestekjøp. Men Gulbrand ville ikkje vedgå å vera skuldig meir enn 7½ dalar. Det var han viljug til å betale.
Saka må ha blitt utsett. Ho kom opp att i Flesberg 21.10.s.å. utan at Gulbrand møtte. Han vart dømd til å betale 7½ riksdalar innan 14 dagar og dertil sakskostnader.
På tinget på Svalestuen i Nore 14. oktober 1672 let Gisle lesa eit pantebrev datert 24. februar 1672 pålydande 64 riksdalar som han hadde teke mot av Sigrid Toresdotter Valle. Det er påfallande at også dette pantebrevet lyder på 64 riksdalar. Kan det ha noko med brevet frå 1666-1667 å gjera?
Seinast i 1677 må Gisle ha gjeve frå seg styringa. I lista over skatt til rossteneste står Halvor og Svein for Grekvar med Åsen. Truleg har dei for fleire år sidan teke over kvar sin av desse to gardane. Halvor hadde elles før vore busett i Nord tinget 22.09.1677 la Nils Kittilson, tidlegare busett i Mykkestu, men no i Tessungdalan, fram ei "Rigens Stemning" datert 22. juni 1677 mot Gisle Grekvars arvingar, nemleg Halfr. (Hallkjell) Killingsdal, Halvor Sønstebø, Tollev Kvernrud, Tollev Loftstue og Tore Brøstrud. På vegner av kona si meinte Nils å ha noko til gode i skiftet etter Gunulv Grøtjorden, og han oppmoda arvingane til å leggje fram arveskiftebrevet etter Gunulv. Stemninga var også retta mot Stein Nørstebø på grunn av eit pantebrev der. Gisle skulle ha fått 60 riksdalar. Nils meinte Gisle sine arvingar skulle svara for dette beløpet. Ved lensmannen var i tillegg desse stemnde inn: Lars Bakke, Ole Killingsdal, Holge Rennehvammen, Elling Guton og David (må vera Daniel) Eiterklep på vegner av ei stedotter.
Stein Nørstebø la fram 4 pantebrev som han påsto å ha løyst inn hjå avdøde Gisle Grekvar med 50½ riksdalar. Gisle sine arvingar vedgjekk å ha teke imot det dei hadde krav på. Lars Bakke la fram arveskiftebrevet etter Gunulv Grøtjorden.
Sorenskrivaren fann denne saka så tvilsam at han utsette det heile til neste saketing, og oppmoda alle til å ta med "alle sine bevisligheter".
Saka kom opp att på tinget 8. februar 1678, men vart nok ein gong sett ut då sak Nils Kittilson var bortreist. Seinare har me ikkje funne meir.
Å fullt ut forstå denne saka og slektskapen som her skulle vera inne, er ikkje råd. Men me held på at det gjeld meir enn arvingar etter Gisle. Det må også ha vore snakk om arv etter Gunulv Grøtjorden, elles skulle det ikkje vore så viktig med skiftebrevet etter han, heller ikkje skulle så mange ha vore blanda inn. Skifte etter Gisle var heller ikkje helde då Nils hadde saka oppe på tinget første gongen 22. september 1677.
Skifte etter Gisle Halvorson og Anbjørg Gunulvsdotter som begge var døde, blei halde på Grekvar 24. september 1677. Heber dok. 294.
Skifteforvaltar var konstituert sorenskrivar Severin Berg med lagrettemennene Hallkjell Kyllesdal, Laurits Bakke, Daniel Eiterklep, Oluf Lauritsson Rudi, Asbjørn
Flåta, Vikangrend og Halvard (Halvor) Kyllesdal. Til stades var også futen Jørgen Dessow og lensmann Peder Haranger.
Dette var eit stort skifte der jordegodset i buet utgjorde 5 huder 2 skinn. Jorda vart fordelt slik:
1. Eldste sonen Halvor (står Halvard) fekk utlagt i hovudbølet Grekvar 1 hud 8 2/3 skinn med åsete og bygsel over det heile.
2. Sonen Torkild fekk på sin del utlagt 1 hud 8 2/3 skinn i Mykkestu med åsete og bygsel.
3. Barna etter den yngste sonen Svein som var død, fekk som arv 1 hud 2 skinn i Åsen med åsete og bygsel og som landskyldgods (eigedomsrett, men ikkje bruks i så vel Grekvar som Mykkestu med 3 1/3 skinn. Dessutan fekk dei eit engstyk som avdøde Ole Huseby hadde pantsett for 36 dalar, og ei eng "udi Docken" like eins pantsett for 13 dalar. Enka etter Svein, Siri Gundersdotter møtte for seg sjølv og for dei umyndige barna sine. Som laugverge hadde ho med seg bror sin, Tore Svalestuen.
Buet hadde vidare til gode 30 riskdalar med pant i Brattrud i Veggli. Denne gjelda vart sett på som usikker. Skifteretten løyste det problemet slik: Arvingane skulle saman drive inn desse pengane og dele dei likt mellom seg.
I sikre fordringar hadde buet heile 412 riksdalar. På kvar av dei 3 partane vart det 137 riksdalar 1 mark og 8 skilling.
Desse fordringane vart skifta ut slik:
1. Halvor fekk: 64 riksdalar i Mehus i Aasgarden, 20 riksdalar hjå seg sjølv, riksdalar 18-3-8 hjå arvingane etter Ole Huseby, 20 riksdalar hjå broren Torkild. Skrivaren har summert dette til riksdalar 137-1-8, men det er visseleg ikkje meir enn riksdalar 122-3-8. Sannsynlegvis er eit eller fleire beløp utegløymde.
2. Torkild fekk: 90 riksdalar hjå seg sjølv i Flåta, Vikangrend, 30 riksdalar i Austre Aasgarden, riksdalar 17-1-8 hjå Ole Huseby.
I alt riksdalar 137-1-8.
3. Borna etter Svein fekk: 100 riksdalar i Livrud, 20 riksdalar hjå seg sjølve, 4 riksdalar hjå Stein Rauland, riksdalar 3-3-8 hjå Ole Huseby og 9 riksdalar 2 ort i Ljotegard. I alt riksdalar 137-1-8.
I tillegg vart eit fiskevatn, eller rettare sagt ein fiskerett, kalla Torkildsbu-Lågen som høyrde til Grekvar, delt med 1/3 del på kvar av dei 3 partane. Det vart understreka at der skulle kvar av dei 3 brørne vera like gode, står det.
Me har her eit omfattande skifte der det tydeleg kjem fram korleis skifteprosessen gjekk føre seg med fordeling av jordegods med åsete og bygselrett og i tillegg skifte av landskyldgods. Det siste var jord der arvingane fekk eigedomsrett, men ikkje bruksretten. Brukaren måtte betale leige av jorda, denne leiga vart kalla landskyld.
Skifte av lausøyre var i mange høve eit omfattande arbeid. Alt skulle nøye registrerast og vurderast i pris, for så til slutt å delast ut på arvingane. I dette høvet hadde arvingane sjølve ordna opp med lausøyret. Skifteretten hadde såleis ikkje noko arbeid med det.
Skiftet etter Gisle og Anbjørg var omframt stort og rikt, og det gjev eit godt innblikk i korleis pengesystemet fungerte. Til gardkjøp og større investeringar måtte då som no pengar til. Bankar var ukjende. Det var lokale, pengesterke karar som lånte ut pengar mot pant i gard eller anna verdfullt gods. Gisle hadde utan tvil vore ein slik lokal bankier.
Ved skifte kunne vanlegvis ikkje arvingane få arven sin ut i pengar, heller ikkje var det jordegods med bustad for meir enn ein. Då fekk dei andre arvingane ein ideel del i garden utan bruksrett, men med rett til landskyld eller jordleige. Det var med andre ord rente for inneståande arv i garden. Som mål for gardpartane bruka ein skatteskylda, huder og skinn. Etter som åsete-arvingen fekk råd, løyste han inn part for part i garden. Dette var eit enkelt og effektivt system. 36925
picture

Halvor Danielson Grekvar d.e. and Ingeborg Pedersdotter




Husband Halvor Danielson Grekvar d.e. 36877

           Born: 1706 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
     Christened: 25. dec 1706 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36922
           Died: 1753 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 13. jan 1753 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36878


         Father: Daniel Kjøstolvson Grekvar 36917
         Mother: Angjerd Halvorsdotter 36921


       Marriage: 14. oct 1729 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 36878



Wife Ingeborg Pedersdotter 36874

           Born: 1703 - Sønsterud vestre, Nore, Buskerud, Norway 36875
     Christened: 
           Died: 1777 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: may 1777 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36876


         Father: Peder Aslakson Sønsterud
         Mother: Gunvor Gregardsdotter 20821



   Other Spouse: Halvor Simonson Grekvar 14045 - 15. oct 1754 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36876

   Other Spouse: Torstein Halvorson Grekvar - 11. mar 1757 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36876


Children
1 F Ulvhild Halvorsdotter 31560

           Born: 1738 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
     Christened: 15. oct 1738 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36878
           Died: dec 1805 - Kyllesdal søre, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 1. jan 1806 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31559
         Spouse: Gullik Tomasson Kyllesdal 31551
           Marr: 18. mar 1769 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31559



picture
Halvor Gisleson Grekvar




Husband Halvor Gisleson Grekvar 36868

           Born: 1630 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36869
     Christened: 
           Died: Cir 1688 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36870
         Buried: 


         Father: Gisle Halvorson Grekvar
         Mother: Arnbjørg Gunnufsdotter 36871


       Marriage: Cir 1657 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36870

   Other Spouse: Gunvor Gregardsdotter 20821 - Cir 1678 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36872



Wife

           Born: 
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 


Children
1 M Simon Halvorson Grekvar 36921

            AKA: Simen
           Born: 1657 - Mykkestu søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36870
     Christened: 
           Died: 1698 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 14046
         Buried: 
         Spouse: Anna Olsdotter
           Marr: Cir 1694 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046


2 M Gisle Halvorson Mykkestu 36921

           Born: 1666 - Mykkestu søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36870
     Christened: 
           Died: 1706 - Mykkestu nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36926
         Buried: 



3 F Turid Halvorsdotter 36921

           Born: Cir 1668 - Mykkestu søre, Uvdal, Buskerud, Norway
     Christened: 
           Died:  - Holden, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 



4 M Halvor Halvorson 36921

           Born: Cir 1672 - Mykkestu søre, Uvdal, Buskerud, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



5 F Angjerd Halvorsdotter 36921

           Born: Cir 1675 - Mykkestu søre, Uvdal, Buskerud, Norway
     Christened: 
           Died:  - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 
         Spouse: Daniel Kjøstolvson Grekvar 36917
           Marr: 14. jan 1697 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36919



General Notes: Husband - Halvor Gisleson Grekvar

Eit oversyn over innbetalt odelsskatt viser at Gisle Grekvar i åra 1652-1656 står med skyld 1 hud Mykkestu. Sannsynlegvis er dette jordegodset som Hallkjell hadde nokre år før. Reier Eiterklep er i same tidsrom ført opp med ½ hud.
Over ein lang periode frå 1654-1672 svarar Halvor Mykkestu for ulike skattar. Dette var Halvor Gislesson frå Grekvar.
Men Gisle Grekvar hadde fleire søner. Ein av desse heitte Torkild. Den 9. september 1657 fekk han kjøpekontrakt på Flåta i Vikangrend av Tore Knutsson Flåta. Torkild var komen i full drift på Flåta i 1657 der han då betalte kvegskatt av buskapen sin. I samband med denne gardhandelen blir Torkild kalla Mykkestu eller Grekvar. Det tyder på at også han har vore noko i Mykkestu.
Skylda på Mykkestu auka no sterkt på få år. Reier betaler både i 1657 og 1659 skatt til rosstenesta for ½ hud og Halvor Mykkestu for 1½ hud. Dermed er Mykkestu samla komen opp i skyld 2 huder.
I 1657 vart det likna ut ein skatt på husdyr som fekk namnet kvegskatten. Det førte med seg at det vart sett opp oversyn over dyretalet rundt om på gardane. Halvor Mykkestu hadde 1 hest, 12 storfe, 5 geiter og 13 sauer. Dette var ein svær buskap, og me vil tru han då dreiv heilt eller delvis begge gardane. Reier hadde også svær buskap på Eiterklep, kanskje tok han noko av avlinga dit.
Nedover mot Søre Kyllesdal har garden eit langt, smalt stykkje som blir kalla Barsølskjenken. Det vart skjenka i barsølgave. Kor gamle desse "grensejusteringane" er, veit ein ikkje for sikkert.
Halvor heitte mannen som svara for landskatten eller kontribusjonsskatten i 1654-1659. Han stod som eigar av 1½ hud.
Frå 1661 finst ei registrering over alt jordegods i landet. Der finn ein: "Møgestue. Halduor paa boer, schylder 2 huder. Self eigende med bøxel. Thil fields vden herlighed. Bonden bøxel."
Halvor svara for skatten på garden i åra 1661-1672. Dei første åra fram til 1667 betalte han leiglendingsskatt, seinare landskatt. Skatteklassa var Halfgaard.
Frå åra 1664 og 1665 har me skattemanntal sette opp både av futen og presten. Presten nemner at mannen heitte Halvor Gislesson, 37 år. Futen har 32 år. Holge Holgesson var dreng hjå Halvor.
Frå året 1668 finst ein matrikkel der den gamle skylda i huder og skinn er rekna om. Søre Mykkestu er omtala slik: "Moegstuen Søndre. Schyld 2 huder. Taxeret for 1 schpd. 2½ lpd. Thiende, leding 30 s. Er till fields uden Lacte Schouff. Bønderne Eyer med Bøxell."
"Ein god nabo er betre enn bror i framandt land", seier ordtaket. Men her er det ikkje snakk om nokon god nabo. I Nord-Mykkestu budde på denne tida ein mann som heitte Nils Kittilsson. Ein kranglevoren og brysam kar må han ha vore. Slik stig han fram i tingbøkene. I Søre Mykkestu hadde han overfalt Halvor med "hugg og slag og trussel og unnsigelse". På tinget 09.02.1667 sto Halvor som fleire andre fram og klaga over framferda til Nils. For Halvor sin del enda det med at Asbjørn i Rennehvammen og Gregar på Rauland gjekk god for at Nils skulle oppføre seg betre i framtida.
Det er tydeleg at Halvor Gislesson må ha vore ein velståande mann. På tinget 20.02.1671 let han fleire dokument tinglesa.
1. Pantebrev utstedt av Ole Huseby med pant i ei vasseng, eit jordstykke nede på Uvdalsøyane, for 80 riksdalar datert 22. februar 1670.
2. Eit kjøpebrev utstedt av Igil/ Egil Knutsson på 8 skinn i Nørstebø som Igil hadde selt for 40 riksdalar.
3. Skøyte frå Stein Rolvsson på Videsjorden for 100 riksdalar.
I 1671 og 1672 var Halvor mykje nytta som lagrettemann, og han var med på fleire grensegangar.
Som fortalt hadde Halvor neppe nokon god granne på "nordsida" i Nils Kittils Kanskje kan dette ha vore medverkande årsak då Halvor 21.02.1675 gjorde eit makeskifte med Nils. Halvor gav frå seg 16 skinn jordegods i Nørstebø i Tinn og fekk att Nord-Mykkestu av skyld 2 huder. Om det her var noko mellomlag med i handelen, veit me ikkje. Truleg følte Halvor å ha gjort ein god handel den dagen. Fyrst vart han kvitt ein brysam granne, og for det andre fekk han hand om nabogar Makeskiftebrevet vart lese på tinget 22.02.1676.

Halvor Gislesson si første kone var i slekt til Svalestuen, kanskje frå Bakke i Lyngdal, d. før 1680. Barn:
a Simen Halvorsson, f. ca. 1657 - d. 1698. Eit barn f. 1689 med Tordis Olsdotter. Så gift med Anne Olsdotter.
b Gisle Halvorsson, f. ca. 1666 - d. 1706 g.m. Birgit Gulliksdotter ca. 1695.
c Angjerd Halvorsdotter, d. etter 1735 g.m. Daniel Kiøstolvsson Grekvar den 14.01.1697.
d Turid Halvorsdotter, d. etter 1719 g.m. Gunder Sveinsson Åsen/Holden ca. 1693.
e Halvor Halvorsson, d. etter 1719.
f Kanskje: Birgit Halvorsdotter, d. før 1697 g.m. Lars Knutsson Kurverud ca. 1690.

Halvor var laugverje for Turid, syster si, då ho vart enke i 1719.
Den 24. september 1677 var det stort arveskifte på Grekvar etter Anbjørg Gunulvsdotter og mannen hennar Gisle Halvorsson. Skiftet er utførleg referert og omtala av advokat Heber, dok. 294. Arvingane var:
1. Eldste sonen Halvor som fekk utlagt 1 hud 8 2/3 skinn i hovedbølet Grekvar med bygsel og åsete. Det må bety at han no flutte attende til barndomsheimen sin.
2. Nest eldste sonen Torkild hadde kjøpt Flåta i Vikangrenda og bruka Åsgarden saman med Flåta. Torkild fekk 1 hud 8 2/3 skinn i Mykkestu med åsete og bygsel over heile garden.
3. Yngste sonen Svein var død. Enka Siri Gundersdotter møtte saman med bror sin, Tore Svalestuen, som og var laugverje. Borna etter Svein fekk 3 1/3 skinn landskyldgods i Mykkestu og det same i Grekvar. Dessutan 2 engstykke, det eine pantsett av avdøde Ole Huseby, det andre pantsett frå Dokken. Buet var på heile 5 huder og 2 skinn, og i tillegg sto pengar rundt om i fleire gardar.
Eit fiske kalla Torkelsbu-Stryken mellom Pålsbufjorden og Tunhovdfjorden, som hadde høyrt til Grekvar, vart no delt likt på Åsen, Mykkestu og Grekvar.
Enkemann Halvor Gisleson gifta seg opp att med Gunne Gregarsdotter Solheim (f. ca. 1650-55) og hadde dottera:
Ulvild Halvorsdotter f. ca. 1670-75 - d. etter 1763 g.m. Ole Tovsson Dokken den 09.02.1710.

Ved skifte i 1677 arva Halvor fleire pantekrav. Kanskje var det eit slikt pengekrav Halvor søkte å få dekt då han på tinget i Nore 14. oktober 1678 reiste sak mot Bjørn Sønstegard.
Halvor Gisleson hadde i 1671 fått skøyte på Videsjorden, men då utan odelsrett. Blant dei som sat med odelsrett, vart det etterpå strid om kven som skulle få overta garden. For Halvor var nok Videsjorden handelsgods. Då han kjøpte, sat han i Mykkestu og var den som skulle ha åsetesretten til Grekvar. Mot denne bakgrunn må me sjå det når han 12.10.1678, nok ein gong, står det, baudarvingane etter Stein Videsjorden å få løyse inn garden, eller å la Halvor få overta odelsretten. Ein gard utan at odelsretten låg inne i handelen disponert anten av seljar eller kjøpar, var usikker handelsvare. Difor prøvde Halvor å selja til ein som hadde odelsrett, eller sjølv å få hand om denne. Nokon handel vart det ikkje.
På tinget 11.01.1779 får arvingane for 3. gong tilbod om å løyse inn Videsjorden, men det var ein strid som heller ikkje då gav noko resultat for Halvor.
Utan at me har noko dokument å vise til, kan me slå fast at ein heller fjern slektning til Stein kom til å overta Videsjorden ein gong før 1683. Til slutt var det nok ikkje næraste skyldskap, men heller pengepungen som avgjorde den saka.
Første påskedag "efter predikenen" hadde Halvor bede heim til seg på Grekvar eit par bønder og nokre husmenn som hadde lang veg heim, og gjeve dei mat og drikke. Ja, ikkje berre drikke, men sterkt drikke. Det enda med at ein del av dei kom fulle til kyrkja, det må ha vore 2. påskedag. Eit liknande lag hadde det vore på Ro den same påsken. For slik framferd vart karane kalla inn til tinget 17. september 1681. Bot på alle saman. Halvor måtte ut med 4 riksdalar I tillegg skulle presten hr. Peder ha 1 dalar av kvar. Dei pengane skulle gå til fattighjelp.
I skattemanntalet over brukarar frå 1681 står Halvor med skyld 2 huder. Det same gjer han i eigarmanntalet for 1689 og 1690.
Matrikkelen frå 1683: "Grequar No. - 2 hud. Halfuor Gislesøn eyeer och tiruger med bøxel 1 hud 8 2/3 skind, och Sall. Suend Gislesøns. børn 3 1/3 skind som alt af be.dte Opsidere bruges." Dette er i samsvar med skifte i 1677.
Førebels har ikkje Halvor kjøpt inn att noko av det arvegodset som kom til Åsen, men i åra like fram til 1690 blir det betalt odelsskatt av jordgodset.
Til tinget 17. september 1683 hadde Halvor teke ut stemning mot Tollev Kvernrud med krav om betaling av 20 riksdalar som Tollev var skuldig på vegner av Nils Nørstebø. Dette må vera Nils Kittilson i Tessungdalen. Tollev svara at han hadde betalt innpå ein hest til 8 dalar. Det vart drøftingar fram og tilbake, for Halvor hadde eit anna syn på korleis det heile hekk i hop. Retten avgjorde at Tollev skulle betale dei 20 riksdalar med renter, men 8 riksdalar for hesten vart partane samde om skulle gå i frå. Elles skulle Tollev ha rett til å søkje betaling att hjå Nils Nørstebø ved det vernetinget han sokna til.
Den 24. september 1684 var lagretten med 6 domsmenn samla for å granske delet mellom Grekvar og Lien som Torgeir Bjørnson bruka. Halvor la fram ein 12- manns dom frå 1652 der delet mellom gardane var nøye omtala. Delesteinar og gjerde var nøye oppsett i samsvar med dette, og Halvor var strid på at delet skulle haldast oppe i samsvar med dommen. Torgeir hadde gjenpart av dommen, men gjorde gjeldande at han var stengt inne og måtte ha krav på utrast. Torgeir påviste ein delestein på Grekvar-jordet som han meinte var rett delestein, og sa det var fleire slike ovanfor. Men retten fann ikkje å kunne godta desse steinane som sto i strid med dommen frå 1652.
Verken Kittil Vetterhus som hadde Brekke, eller dei som hadde sine utraster i "Vestmarken", var kalla inn. Difor kunne ikkje Torgeir sitt krav om drifteveg og utraster bli avgjort. Saka vart utsett.
Den 2. januar 1685 hadde Torgeir teke ut ny stemning mot grannane sine, og no med krav om drifteveg over jordene deira, såvel til "Østmarken som Vestmarken". Alle dei innkalla møtte. Dommen vart slik: "Da ingen særegne bevisligheter forelå, kunde retten kun fastslå, at eieren av Lien skulde ha slik driftevei, som loven hjemlet ham, og slik denne har været fra Arilds tid."
Det er ikkje tvil om at Torgeir fekk rett til drifteveg, men i utgangspunktet ser det ut som han hadde meint å få eigen grunn til det, noko som må ha vore i strid med dommen frå 1652. Torgeir fekk stadfesta ein bruksrett. Tilgang til utmarka var eit stridsspørsmål for gardane nedanfor Grekvar på 1600-talet.
På tinget 20. februar 1686 gjorde Hermo Ståland krav på å vera den næraste til å løyse inn noko jordegods i Solheim, men Halvor Gislesson hadde pant i godset for eit lån på 300 riksdalar Samstundes kan det sjå ut som enka på Solheim skulle ha til livsunderhald på Grekvar. Hermo trekte seg. Ikkje hadde han pengar nok til å løyse pantet, og ikkje ville han skape vanskar for den gamle, sa han. Men Halvor hadde med dette fått eit godt tak i Søre Solheim.
Dei hadde ein "Tjenestedreng" på Grekvar i 1687. "Gunnor Povelsøn" betalte skatt, syner rekneskapen til futen. 36873



Home | Table of Contents | Surnames | Name List

This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)