Selmer 80 år.

Startside Opp Nåden Helgeland Signe 80 år. Selmer 80 år. Vibeke Moen Anne Njærheim Johannes Bjelland Mariann Hagen

DAGENS JUBILANT

Ein 80-åring i Ungdomsvegen

FEST I TO DAGAR: Det blir feiring i to dagar når Selmer Helgeland på Kvernaland rundar 80 år fredag.

Kven kunne vel ikkje tenkt seg og vore 80 år og hatt adresse Ungdomsvegen?

BRIT ROMSBOTN - tekst og foto

Selmer Helgeland på Kvernaland rundar 40 gonger to på fredag. Adressa hans er Ungdomsvegen 2. Mobiltelefon og breiband har han og, sjølv om det er kona Signe som er den mest ivrige på da­tamaskinen.

I fjor på denne tida sat han yttarst på Preikestolen. For første og siste gong i livet, meiner han sjølv.

Frå Ombo
- Eg hadde aldri gått til Preikestolen om eg hadde visst korleis det var. Men det var ungane som motiverte meg. Eg måtte støttast opp den brattaste ura. Beina ville ikkje meir. Men eg hadde med meg to stavar. Dei var til stor hjelp, fortel jubilanten, som er i gang med å klippa plenen heime i Ungdomsvegen medan han ventar på at Jærbladet skal koma.

Han er fødd på øya Ombo i Ry­fylke, på fjellgarden Helgeland. Garden ligg like under Bandåsen, det høgaste fjellet på øya. Han er døypt i Jelsa kyrkje.

Då Selmer var 16 år gammal, flytta familien til Hegland i Hjel­meland der faren leigde gard under krigen. Utanom gardsdrifta dreiv faren med skogsarbeid, noko som Selmer og var med på. Selmer var eldst av sju sysken, seks gutar og ei jente. Han var 22 år gammal då systera, den yngste i syskenflokken, blei fødd. Mora blei sjuk og døydde berre ei veke etter at systera kom til verda. I dag er to av syskena hans døde.

Trur på bønn
Som 22 åring reiste Selmer til Stavanger. Han busette seg i Trafikkgata i «Varmen» og han fekk seg arbeid på aduserverket. Her arbeidde han med støypegods. Etter ein kort periode på aduserverket, fekk han seg nytt arbeid på Norsk Hammerverksted. Også her gjekk det i støyping og metall.

Selmer Helgeland har vore ein kristen sidan han blei omvendt som 19-åring. Han har hatt problem med helsa i fleire omgangar, og han er overtydd om at han har fatt bønnehjelp.

- Eg trur på bønn, og eg er glad for å vera ein kristen. Kris­tendommen har vore og er framleis ein viktig del av livet mitt, fortel 80-åringen.

Gjennom eit bibelkurs i 1948 hadde han fått fleire kameratar frå Hinna-området. Saman med nokre av desse var Selmer med i eit musikklag som haldt til i bedehuset på Hinna.

Gjennom musikklaget kom han i kontakt med Signe, fødd Torgersen frå Jåtten, som akkurat var ferdig på Tryggheim då ho møtte sin komande ektemann. Dei møttest i 1950 og gifta seg året etter.

- Då me hadde gifta oss, gjekk ferda til Sauda der eg fekk meg arbeid i verkstaden på fabrikken. Her blei me verande i ni år. Då me flytta vidare til leigd hus på Pollestad medan me venta på at huset i Ungdomsvegen skulle bli verdig, hadde me blitt ein familie med fem barn, fortel Selmer.

Det sjette barnet blei fødd medan dei budde på Pollestad.

Fleire arbeidsplassar
Selmer Helgeland har vore på fleire arbeidsplassar. Dei fleste arbeidsdagane har han hatt hjå Bryne Rør, der han var i nesten 20 år. Som 60-åring blei han pensjonist. Han tykte det var fælt i byrjinga, men seier at det er blitt betre etter kvart.

- Armane og hendene svikta, i tillegg til at eg hadde hjarteproblem. Problema med hjarta «toppa seg» midt på 1990-talet, då eg måtte blokka ut blodårer og skifta fire av dei. Eg kjenner meg i betre form i dag enn det eg gjorde då. Men eg må ta omsyn til helsa.

80-års dagen skal feirast i to dagar. Det er dei seks barna, fire søner og to døtre, som står for opplegget.

- Det hadde ikkje blitt så mykje med oss om ikkje dei hadde «blanda» seg inn i det, smiler Selmer og Signe, og fortel om planane.

Sjølve fødselsdagen er syskena til Selmer invitert til middag. Om kvelden kjem barn, barnebarn og oldebarn. Laurdag er Signe sine sysken og naboar invitert.

Ekteparet ser fram til feiringa. - Det skal bli festleg. Det er ikkje så ofte at me alle er samla.

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 15.01.2015


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.