Øyvind - krypdyr

Startside Opp Gullfisk Fiskesortar (1998) Fiksing av dammen Øyvind - krypdyr

 

Øyvind sine amfibier og krypdyr:

Amfibier     - Liten salamander

Krypdyr      - Øgler     - Stålorm     - Firfisle

sjoorm.wmf (5482 bytes)

 

Amfibier – klasse: Amphibia

Amfibiene lever både på land og i vatn. Huda er naken og har tallrike slimkjertlar som held huda fuktig. Huda vernar dårleg mot tap av væske og amfibiene er difor avhengige av å vere i områder med fuktig luft.

I sin anatomiske bygning har salamanderen behalde ein del primitive fisketrekk, frosk og padder er meir spesialiserte. Dei fleste søker til vatn for å legga egg, og larvene lever i vatn. Bare nokre få amfibier klarer seg ved å vere på land heile tida. Amfibiene er vekselvarme og må ha ein temperatur over eit visst nivå for å vere aktive. Dei voksne pustar delvis med lunger og delvis gjennom huda. Larvene pustar gjennom huda og ved hjelp av gjeller. Det er i alt kjent ikring 2.500 artar av amfibier. Dei fleste finst i tropiske strøk, og talet minkar fort nordover. I søre del av Sverige er det 11-12, men i Noreg er det ikkje meir enn 5 artar av amfibier.

[Tilbake til toppen]

 

Liten salamander – latinsk namn
bulletUtsjånad: Huda er glatt eller mykje svakt kornete. Dette skil den frå den store salamanderen. I forplantningstida har hannen ein ryggkam med låge, runde taggar som går i eitt med kammen på halen. Ryggen er mørk gråbrun eller olivenbrun med mørke flekkar på ryggen og kammen, undersida er oransje, raudleg eller mørkegul med runde, brune flekkar. Hoa er brun eller olivenbrun på ryggen med mørke prikkar og ofte nokre mørkebrune langsgåande striper, undersida er lys og gul-liknande med mørke prikkar. Halefinnen fortset som ein låg kam framover ryggen. På land er dei olivenbrune, hoa noko lysare og ofte med ei mørk ryggstripe. Hannen har mørke flekkar særleg på strupen og buken. Ryggkammen forsvinn heilt når dei går på land. Dei minste larvene liknar på rumpetroll med eit stort hovud og ein lang hale, tre par små ytre gjeller og eit langt, stavforma festeorgan bak munnvika på kvar side. Dei eldre larvene liknar dei vaksne med store finnar på halen og store gjeller forma som ein busk. Fargen er lysgul med to mørke lengdeband. Larvene vert ikring 35 mm lange. Vaksne hannar vert 9,5 cm medan hoa er noko mindre.
bulletUtbreiing: søre del av Skandinavia, søre del av Finland, heile Europa bortsett frå dei sørvestre delene. I Asia austover til den sentrale delen av Sibir.
bulletI Noreg: Søraust i Noreg, langs kysten til Stavanger, nordover til Ringebu og Solør, dessutan i Trøndelag nordover til Grong.
bulletBiotop: Finst overalt nær vatn. Er nattdyr og held seg under steinar, stubbar og liknande om dagen. Gyt i småvatn og dammar. Overvintrar på land på stader frie frå frost.
bulletFøde: Insekt, mark og andre smådyr.
bulletForplantning: Vandrar til gytedammen i slutten av april og byrjinga av mai. Paring i mai og det vert lagt 225 til 350 egg i mai/juni. Egga vert festa eitt og eitt til vannplanter og vert klekte etter 2-3 veker. Larvene er 6-10 mm lange då dei vert klekte. Tida som larver varer i 2-3 månader, men nokre overvintrar i vatn som larver. Dei vert kjønnsmodne 2 år gamle og lever totalt i 7-8 år.

[Tilbake til toppen]

 

Krypdyr – klasse: Reptilia

Overhuda er dekt av plater eller skjel av horn, nokre har og beinplater i underhuda så kroppen vert stiv og solid. Nokre har enkelte luktkjertlar, elles manglar krypdyra hudkjertlar. Den tørre og tjukke huda vernar godt mot uttørking, slik at krypdyra er betre tilpassa eit liv på land enn amfibiene. Mange skiftar hornlaget, anten stykkevis, eller heile skinnet vert vrengt av på ein gong slik som hos dei fleste slangane. Spesielt blodkarsystemet, nyrene, muskulaturen og hjernen er betre utvikla enn hos amfibiene. Alle er særkjønna, og det er indre befruktning. Hannen har hos dei aller fleste særskilde paringsorgan. Egga er store med eit skal som er lærliknande eller kalkholdig. Hoa legg gjerne egga på ein passande plass og forlet dei for godt etterpå. Hos nokre vert egga så lenge i eggleiaren at dei vert klekte der eller like etter egglegginga. Hoa vert tilsynelatande levandefødande – "ovovivipar".

Krypdyra er vekselvarme og er avhengige av ein viss temperatur for å kunne vere aktive. Ikring 5.000 artar er kjende, dei aller fleste lever i tropiske strøk. Dei vert delt opp i fem ordenar, men bare slangar og øgler høyrer heime i vår fauna.

[Tilbake til toppen]

 

ØGLER – Orden: Sauria

Dei fleste øgler har to par lemmer. Dersom dei manglar lemmene, er like vel rester av brystbein, skulder- og bekkenbein i behald i motsetnad til hos slangane. Ein annan forskjell frå slangar er at øgler ikkje kan skyve øvre kjevebein fram, og at dei to halvdelane i underste kjevebeina er vokse saman i fremste del. Både over- og undersida av kroppen er kledd med små hornplater. Øgler er ei stor gruppe som omfattar ikring 3.000 artar.

[Tilbake til toppen]

 

Stålorm – latinsk namn: Anguis fragilis

Stålormfamilien (latinsk: Anguidae) har ikkje ytre lemer.
bulletUtsjånad: Hovudet er lite og går jamt over i kroppen. Ormen er stiv og hard på grunn av eit lag beinplater i underhuda under skjela. Halen utgjer ikring 2/3 av den totale lengde. Den er einsfarga gråbrun eller koparglinsande, i sær hoa har ofte ei mørk ryggstripe. Ungane har ei sølvgrå overside med ei svart ryggstripe og svart underside. Lengde frå 25 til 35 cm, og den største som er målt i Noreg var 41 cm.
bulletUtbreiing: Det meste av Europa, austover til Sibir, sørover til Litleasia, Kaukasus og nordre del av Iran.
bulletI Noreg: Den kan finnast på låglandet i Sør-Noreg og nordover til Sømna i Nordland, men er bare vanleg på Sørlandet.
bulletBiotop: Stålormen held til i skogen, helst i litt fuktig lauv- og blandingsskog, i kanten av skogen, i hagar og parkar. Den overvintrar ved å grave seg ned i jorda, under trerøter eller liknande. Den ligg i dvale frå september/oktober til mai.
bulletFøde: Mest meitemark og sniglar, men et og ein del insekter og larver.
bulletForplantning: Føder ungar. Paring skjer i mai, og hoa går drektig ikring 3 månader. Den får 5-16 ungar i august/september. Ungane er ikring 8-11 cm lange då dei vert født, og etter eit år er dei 15-18 cm. Dei vert kjønnsmodne etter 3-5 år. I fangenskap kan den verte meir enn 50 år gamal.

[Tilbake til toppen]

 

Firfisle – Lacerta vivipara Jaquin

Firfislefamilien (latinsk: Lacertidae) med velutvikla bein.
bulletUtsjånad: Oversida gråbrun eller brun med mørke og lyse flekkar ofte ordna som lengdeband. Undersida er gråkvit hos hoa og raudgul hos hannen. Ungane er einsfarga mørke. Lengde på ikring 12 cm, men kan verte 17,5 cm.
bulletUtbreiing: Heile Europa, bortsett frå dei sørlegaste delene av Spania, Italia og Hellas, austover gjennom Sibir til Stillehavet.
bulletI Noreg: Finst i to områder. Sør-Noreg nordover til Vefsn og i Finnmark og Troms.
bulletBiotop: Mest all slags terreng opp til dei lågare delene av snaufjellet. Firfisla unngår tett granskog og åkrar. Den overvintrar på stader frie for frost under steinar, trerøter, i gangane til smågnagarane og liknande.
bulletFøde: Lever mest av insekter og vevkjerring.
bulletForplantning: Føder levande ungar. Paring i april/mai og føder 2-10 ungar i juli eller seinare. Ungane er 4-4,5 cm då dei vert født og vert ikring 5 cm lange til hausten. Dei vert kjønnsmodne etter 3 år.

[Tilbake til toppen]

horizontal rule

  Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                 Sist endra: 29.08.2013