Hagedammen

Startside Gullfisk Fiskesortar (1998) Fiksing av dammen Øyvind - krypdyr

Me har ein dam i hagen med  fisk. Hagekroken_for_dammen_vart_laga.jpg (18911 bytes)

Far og Øyvind hadde lyst å ha ein liten dam i hagen. Og i ein krok i hagen var det mykje mose, og mor gjekk med på at me kunne nytta denne kroken til å laga ein dam.

Før me laga dammen såg det slik ut i "kroken"    ----»

Me laga dammen våren 1998 som eit test-prosjekt. Me brukte då berre ein vanleg presenning som bunn. Me var i ein bekk og fann noko sand/grus og planter som hadde oppi. Plantene sette me i plastpotter.

I hagedammen hadde me i 1998 fiskesortar som du kan lese om her:

Men våren 1999 fiksa me på dammen som du kan sjå her:

Etter at me hadde fiksa dammen hadde me andre fiskar oppi som du kan lese om her:

Me kjøpte og planter som du kan lese om her:

[Tilbake til toppen]

 

Notfiske.jpg (167883 bytes)

Her er eit bilete av fiskarar. Oldefar til barna mine (Søren Nåden) er med på biletet og skal vere han som står fremst i midten:

 

 

 

 

 

 

 

 

Fiskesortar i dammen frå våren 1999:

Om vinteren 1998/1999 tok me inn fiskane og hadde dei i ein stamp. Det var berre to ørekyt, ein sørv og tre slørhalar som levde då. Me hadde kjøpt fire slørhalar, men ein døydde om sommaren. Ein ørekyt og ein slørhale døydde om vinteren. Ørekyten var så dominerande at den skada dei andre fiskane. Me fann difor ut at me ville berre ha "kjøpefisk". Etter at me fiksa dammen fjerna me difor ørekyten og sørven. Me kjøpte åtte nye fiskar som me hadde oppi dammen.

Dei fiskane me har nå er alle avla fram av same grunnstamme: Gullfisk (Barbus «schuberti»).

Gullfisk.jpg (17228 bytes)

Fire av fiskane har form lik den opprinnelege Gullfisken, men har andre fargar. Den er raud/orange på øvre del av kroppen og kvit på nedre del.

To andre har same kroppsform, men har mykje større hale. Dei er raud/orange mest over heile kroppen.

Dei fire siste er slørhalar. Me kjøpte to like dei me hadde hatt frå 1998. Dei har ei meir "klumpete" krofsform og halen er annleis enn på dei andre, Halen seer ut som om dei skulle hatt to halar som heng saman i øvre kant, og forma er som ein vinkel. Fargen er raud/orange på desse óg.

[Tilbake til toppen]

Plantesortar i hagedammen:

    Dunkjevle

«Typha latifolia»

Denne planten høyrer til familien 'Typhaceae', dunkjevlefamilien. 'Typha' kjem av gresk 'tyfe' som var namnet på ein plante ein brukte til stopping. 'Latifola' tyder truleg breiblada. 
Denne planten formeirar seg raskt med rotskot. Planten kan bli opp til 2,5 meter høg og sjølve planten kan bli 3 cm brei. Den blomstrar i juni-august. Den kan plantast inntil 15 cm under vatn. Den trivst i både surt og alkalisk vatn. Frøa kan såast i ei potte med vann 3 cm over frøa. Etter som plantene veks til, kan ein auke vannstanden i potta. Plantene tynnes ut om våren. Når plantene vert 10-30 cm høge, plantast dei forsiktig ut der dei skal stå om sommaren. 

Som mat

Røtene kan etast rå eller kokast og etast som poteter, eller kuttast opp og kokast til ein sirup. Røtene kan óg tørkast og pulveriserast. Pulveret er svært rikt på protein og kan brukast i deigen til brød, kjeks og bollar. Skal ein bruka planten til mat, er den beste tida å hausta den seint om hausten til tidleg om våren, då den inneheld mest stivelse på denne tida. Røtene inneheld 80% karbohydrat (30-46% stivelse) og 6-8% protein. 
Unge skot kan om våren brukast råe eller kokte. Dei kan brukast i staden for asparges, og smakar som agurk. Skota kan nyttast inntil dei er opp til 50 cm høge. Det er best å fjerne den ytre del av stammen. Den er kalla "kossak agurk". 
Unge blomsterskot kan brukast råe eller  kokte, eller kokast som suppe. Den smakar som søtt korn. 
Frøa er små og det er mykje arbeid å smale dei, men om ein steiker/"brenner" dei, smakar dei som gode nøtter. Det kan óg lagast ei etande olje av frøa, men sidan frøa er så små, er det mykje arbeid.
Pollen - rå eller kokt, kan nyttast som rikt protein tilsetting til mjøl når ein lagar brød, graut eller liknande. Pollen kan óg nyttast saman med unge blomsterskot, noko som gjer det lettare å bruke. Pollenet kan haustast ved å plassere ein vid men ikkje djup boks under blomsterstengelen, og så børste forsiktig av pollenet med ein mjuk fin kost. Dette vil hjelpe på å pollinere blomen slik at ein seinare kan hauste frøa seinare.

Medisinsk bruk

Blada er vanndrivande. 
Pollen
er eit middel med snerpande, vanndrivande, blodstillande, kjølande, beroliggande, og sårlegane effekt. Turka pollen er sagt å vere antikoagulant, men steikt/"brent" med trekull skal det vere blodstillande. 
Innvortes vert det nytta ved nyrestein, bløding, smertefulle menstruasjonar, unormal/uregelmessig livmorsbløding, smerter etter fødsel, ved byllar og kreft i lymfesystemet. Det bør ikkje brukast av gravide kvinner.
Utvortes vert det nytta ved behandling av "tapeworms", diaré/magesjuke og skader/sår. 
Røtene er vanndrivande, kjølande og styrkande. Røtne vert pulverisert til ein gele-liknande konsistens og brukt som omslag på skader/sår, byllar, ømme stader, karbunkel, betennelsar, brannsår og forbrenningar. 
Blomane vert brukt ved behandling av ulike svakhetar/sjukdomar, inkludert underlivs smerter, manglande menstruasjon, cystitt og dysuri (urintvang). Unge  blomsterskot vert etne som ei behandling av diaré/magesjuke. 

Anna bruk

Stilkane kan smalast om hausten og nyttast til å laga papir, vevast til matter, stolar og hattar med meir. Dei er  ei god kjelde til biomasse, og er ei god tilsetting til kompost. Dei er óg ei god kjelde til brensel. Fruktkjøttet kan nyttast for å laga kunstfiber. Deler av stilkane kan dyppast i olje og brukast som lys. Hoblomen kan nyttast som tennmiddel ved gnist frå flint. "Håra" frå frukta kan nyttast som fyllmasse i puter og liknande. Dei har god isolerande- og flyte-evne. Dei har óg vorte nytta til "vikla" klede og som fór i bleier til barn. Pollen er svært brennbart, og vert nytta for å laga fyrverkeri.

 

Rotkalmus

«Acorus calamus 'Variegatus'»

Rotkalmus høyrer til familien 'Araceae', myrkonglefamilien. 
'Acorus' kjem truleg av gresk 'a' - utan og 'kore' - pupill. Dette kjem truleg av bruksområdet til planten innan urtemedisinen. 'Calamus'  er latinsk, på gresk 'kalamos' som tyder skarp. På engelsk vert den kalla "Sweet Flag". 

Den "vanlege" sorten veks vilt i Noreg og vert 50-100 cm høg og er hardfør. Blada er sverdforma og ikring 2 cm breide. 

Planten blomstrar i juni-juli. Dei små gulgrøne blomane sit i hundrevis samla i tjukke kolbar. Kvar kolbe sit omgjeven av eit hylsterblad. Planten har krypande forgreina jordstenglar som gjer at den kan formeira seg hjå oss, av di frøa ikkje rekk å modnas her i landet. Arten skal vere velduftande. Den er ein vannplante og krev næringsrik myrjord og vil ha full sol eller mogleg halvskugge. Ein formeirer planten ved deling. 'Variegatus' som me har er ein broketblada form der blada har kvite langsgåande striper. 

 

Lysichiton camtschatcensis

Denne planten høyrer óg til familien 'Araceae', myrkonglefamilien. Den vert opp til 75 cm høg. Den veks i myr/sump og på våte stader. 
Unge planter må vernast mot sniglar. Planten er sein med å etablere seg i starten, dette kan ta opp til nokre år, men kan så akklimatisere seg og så seg sjølv. Den blomstrar ein gong i perioden februar til april når den har akklimatisert seg. Blomen har ei frisk søt lukt. 

Det beste er å så frøa så snart dei er ferdig utvikla. Dei kan såast i potter på ein kald stad. Potta må haldast svært fuktig. Spireevna er normalt svært god, og skjer 1-2 månader ved 15º C. Når plantene er store nok kan ein planta spirene over i eigne potter med skåler under som ein har vatn i. Plantene bør stå i drivhus eller liknande den første vinteren. Seinare kan ein plante dei ut seint om våren eller tidleg om sommaren når det ikkje er fare for frost lenger. Deling kan skje midt på hausten eller om vinteren, men ikkje seinare, då planten byrjar å spire tidleg om våren.

Bruk av planten til mat

Planten er rik på kalsium oxalat (calsium oxylate på amerikansk) som er svært giftig. Dersom det vert svelgt, vil munnen og fordøyelseskanalen følast som om det er stukke hundrevis av nåler i dei. Men kalsium oxalat er lett å øydeleggja ved å koke og tørke planten. 

Ein kan ete unge skot av planten, men dei må kokast skikkeleg, elles vil planten vere giftig.

Anna bruk av planten

Planten har veldig store blad som kan nyttast til å dekke marka med.

 

Pontederia cordata

Planten høyrer til familien 'Pontederiaceae'. 
Planten vert opp til 75 cm høg. Den blomstrar ein gong mellom juli og september. 
Planten trivst i myr eller vatn. Den vil helst ha rikt jordsmonn og trivst best på 15-30 cm vanndybde. Den har krypande rotstokk og formeirer seg med sideskudd. Det er ei spesiell bie som oppsøkjer planten for nektar og pollen. Denne bia oppsøkjer ikkje andre plantesortar.
Det er best å så frøa så snart frøa er modne i potter som står i 2 cm med vatn. Pottene bør stå kaldt. Frøa skal dekkast med litt fin sand. Når frøa spirar, skal pottene senkast 3 cm under vatn. Når spirene er store nok kan dei plantast over i enkle potter og stå i vatn i drivhus den første vinteren. Når det ikkje er fare for frost kan dei plantast ut, seint om våren eller tidleg på sommaren .
Deling av planter er best i april, men kan skje mest året rundt. Det beste er å setje dei delte plantene i potter og dyrka dei i lett skygge på ein kald plass inntil dei har vakse skikkeleg til. Så kan ein plante dei ut seint om våren eller tidleg om sommaren.. 

Bruk av planten til mat

Frøa kan kokast slik som ris eller tørkast og knusast til pulver. Som rått har frøa ein aroma og konsistens som nøtter. Dei skal vere ypparlege til å steikast/"brennast" lett i ein omn. Unge bladstenglar kan nyttast rå eller kokte. Heile planten er etandes anten rå eller kokt. Den kan tilsetjast salat, kokast som spinat eller tilsetjast supper.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bekkeblom

«Caltha palustris 'Multiplex'»

'Caltha palustris' er den "reine" sorten av Bekkeblom (eller Soleihov), men denne vert ikkje dyrka.
To variantar som vert dyrka er 'Multiplex' som har gule blomar, og 'Alba' som har kvite blomar. 

Bekkeblom høyrer til familien 'Ranunculaceae' - soleiefamilien. 'Caltha' kjem av gresk 'kalathos' og tyder korg. 'Palustris' tyder myrvoksande og kjem av 'palus'. 

Planten veks vilt i Noreg og vert 20-30 cm høg. Den vil ha mykje sol men er hardfør. Den blomstrar i mai (hjå oss byrja den å blomstre i slutten av april). Blomen er 2-4 cm stor, og var opphavleg enkle, men 'Multiplex', som me har i dammen, har fylte blomar. Planten har store, hjerteforma blanke mørkegrøne blad. 

 

 

 

  Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                 Sist endra: 29.03.2013