Hamra

Startside Opp Kolstø Hamra Nåden Torgersen Kaltveit Helgeland Ramsfjell Moen Njærheim Hagen

 

Hamra

Gard nr. 56 i gamle Erfjord kommune og gard nr. 155 i Suldal kommune.

I Erfjord.  Gardar og folk band 1 (Suldal kommune 2004) skriv Ernst Berge Drange innleiingsvis om garden Hamra i Erfjord (side 467):

Hamra er den inste garden i Lovradalen, heilt nord i Erfjord sokn. Garden ligg eit lite stykkje opp frå vestsida av Lovravatnet. Herfrå går det vidare eit lite dalføre over til den ytre delen av Sandsfjorden, nemleg over Tysingvatnet og ned til Indra Jårvikjå.
Hamra eig òg det meste av Hamraeie, der Ryfylkevegen i dag tek av til Jelsa. Som ein parallell til dei mange samansette orda med Lovra vert Hamraeie òg kalla Lovraeie, men i dette kapitlet vil det bli skrive Hamraeie. Det er det dei seier på garden, eller dei seier berre Eie.
Gamletunet på Hamra – ”Ytre Hamra” – ligg omlag l km. opp frå Lovravatnet, og så høgt som 75 meter over havet. Litt innafor ligg Hamratjødnå (56 meter over havet), som er eit viktig innslag i biletet av Hamragarden. Og opp frå indre delen av Hamratjødnå, ved Jelsavegen, ligg bruket Grave.
Hamra var ein av storgardane i Ryfylke, der særleg skogen skapte stor velstand. Garden var einbølt like fram til 1860-talet. Då vart han delt i to like store bruk. Det var elles ei mengd med husmannsplass på Hamra på det meste (1800-talet).
Garden ligg for seg sjølv, og var på mange måtar isolert.

(Attgjeve etter avtale med forfattaren)

Mor til Georg Kolstø, Marta Karina Hadlesdotter var fødd på Hamra.

Familien Anna Larsdotter og Hadle Hadleson Hamra
Bilete familien Anna Larsdotter og Hadle Hadleson Hamra (klikk på biletet for å sjå det i større format)

 

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 15.01.2015


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.